Trådlaust nett på campusane

Det trådlause nettverket ved HVL heiter Eduroam.

Du loggar på med studentnummer@stud.hvl.no og passordet til HVL-brukarkontoen din.

Du må ha aktivert brukarkonto for å få tilgang til e-posten din. 

Du kan nytte «Eduroam cat tool» for å automatisk sette opp innstillingane slik:

  1. Gå til https://cat.eduroam.org/?idp=1713
  2. Klikk på knappen «Last ned din eduroam profil»
  3. Kjør filen som lastes ned
  4. Fyll inn brukernavn og passord
  5. Trykk installer.

 

DNS-brannmur

Når du er kopla til HVL sitt nettverk, går nett-trafikken gjennom ein DNS-brannmur (Cisco Umbrella).

Ein DNS-brannmur er eit filter beskyttar brukarar mot å nå skadelege nettsider og hindrar dei i å bli lurt til å gi frå seg sensitiv informasjon, som betalingsinformasjon og passord.

Tenesta blokkerer tilgangen til vondsinna domene og omdirigerer brukarane til ei trygg landingsside med ei varsling. Brukarane blir då stoppa frå å gå vidare, for å unngå skade.

DNS-brannmur er ikkje ein sensur for kor du surfar på nett.

Dersom du har problem med å nå ei nettside du meiner er trygg vil du kunne be om å få tilgang til nettsida.

Dette er det info om på landingssida du kjem til, eller du kan ta kontakt med it-hjelp@hvl.no.