Studentassistent ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap

Vi er på jakt etter deg som er 2. og 3. årsstudent ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap frå hausten 2021.

Erfaringa du har gjort deg som student ser vi på som veldig verdifull, og du vil som studentassistent vere ein stor ressurs for nye studentar. Dette er ei unik moglegheit til å utvikle deg sjølv og dine pedagogiske evner.

Om jobben

For å styrke arbeidet med kvalitet i utdanninga og sikre godt læringsutbyte, læringsmiljø og studieprogresjon ynskjer høgskulen at alle studentar skal få tilbod om delta i ei studentgruppa leia av ein studentassistent.

Som studentassistent får du ansvar for ei eller fleire studentgrupper som du møter jamleg gjennom haustsemesteret. Målet er å bidra til at studentane lykkast i utdanninga si, både fagleg og sosialt. Tema for møta kan vere fagleg, studiemeistring, motivasjon og rett og slett det å bli kjende med kvarandre og faget ein studerer. Du vil få opplæring og du vil ha ein fagleg kontaktperson som følgjer opp undervegs. Vi legg til rette for at du kan ha fleire deltidsstillingar som studentassistent samtidig.

Ledige stillingar

Økonomi og administrasjon
Institutt for økonomi og administrasjon ved campus Bergen treng fleire studentassistentar. Spørsmål om stillingane kan rettas til Kristin Lofthus Hope.

Sosiologi
Sosiologiutdanninga ved Institutt for samfunnsvitskap i Sogndal treng 4-5 studentassistentar. Spørsmål om stillingane kan rettas til Lars Edvin Gjelstad.

Historie
Historieutdanninga ved Institutt for samfunnsvitskap i Sogndal treng 4 studentassistentar. Spørsmål om stillingane kan rettas til Oddmund Løkensgard Hoel.