Permisjon

Dersom du i ein periode ikkje har moglegheit til å følgje undervisning og ta eksamen, eller du ønskjer ein pause i studiet, kan du søke permisjon for eitt eller to semester.

Permisjon blir gitt med dokumentert grunnlag i fødsel/adopsjon, sjukdom, verneplikt eller krevjande verv i studentorganisasjonar. 

Du kan også søke permisjon utan grunngiving, men denne retten er avgrensa til to semester i løpet av studietida på eit studieprogram. 

Under permisjonen skal du ikkje semesterregistrere deg, og dermed ikkje betale semesteravgift.

Slik søker du

Du må søke innan fristen for semesterregistrering i det aktuelle semesteret. Fristane er 1. september i haustsemesteret og 1. februar i vårsemesteret.

Dersom eit dokumentert behov  som til dømes sjukdom oppstår i etterkant av fristen, er det mogeleg å søke etter fristen.

Handsaming av personopplysningar som er henta inn for administrative formål ved HVL, skjer i samsvar med føresegnene i personvernforordninga .

Vilkår for søknad (Nynorsk):

Vilkår for søknad (Bokmål):

Klokke som går og går

Vent litt, venter på eit javascript...