Praksis i sjukepleie

Her finn du informasjon om praksis til deg som er student ved sjukepleieutdanninga.

Før praksis må du lese studieplan for praksis og emneplan for ditt aktuelle studieår, og følgje med på informasjon som blir gitt i Canvas. I tillegg er det viktig at du er kjent med felles informasjon om praksis.

Snarvegar til:

Studieplan, emneplan og praksisperiodar for studieåret 2021/22

praksiperioder

Under finn du førebels planlagte tidspunkt for praksisperiodar i studieåret 2021/22, med atterhald om at det kan kome endringar. Du finn også lenke til studie- og emneplan for studieåret 2021/22.

Vel din studiestad:

Bergen - desentralisert (GRSD19)

Tredje studieår:

Hausten 2021 er planlagt praksisperiode veke 36-43. 

Emneplan:

  • Praksis 1 - Kirurgisk

Våren 2022 er planlagt praksisperiode veke 2-9 (praksis 2) og veke 17-24 (praksis 3). 

Emneplan:

  • Praksis 2 - sykehjem
  • Praksis 3 - hjemmesykepleie

Sjukepleiestudentar på 2. år i bachelorutdanninga som skal ha praksis i Helse Bergen, må også sette seg inn i retningslinjer for studentprosess.

Bergen - heiltid

Snarveg til: Første studieår | Andre studieår | Tredje studieår

Første studieår: 

Våren 2022 er planlagt praksisperiode veke 6-12.

Emneplan:

Andre studieår:

Hausten 2021 er planlagt praksisperiode veke 36-42 og veke 44-50. Våren 2022 er planlagt praksisperiode veke 3-23.

Emneplan:

Sjukepleiestudentar på 2. år i bachelorutdanninga som skal ha praksis i Helse Bergen, må også sette seg inn i retningslinjer for studentprosess.

Tredje studieår:

Hausten 2021 er planlagt praksisperiode veke 35-44 og veke 48-6. Våren 2022 er planlagt praksisperiode veke 8-17. 

Emneplan:

Førde - deltid og heiltid

Haugesund - heiltid

Haugesund - deltid

Det er ikkje praksis i studieåret 21/22.

Stord - heiltid

Tildeling av praksisplass

tildeling praksiplass.jpg

Vi innhentar praksisplassar for alle studentar. Du får beskjed i Studentweb eller Canvas om kvar du får praksisplass, seinast ein månad før du startar i praksis.  

Meir om kvar du kan ha praksis

  • I første studieår har du praksis ved sjukeheim i kommune, og nokre private sjukeheim. 
  • Medisinsk og kirurgisk praksis foregår i andre studieår i spesialisthelsetenesten. 
  • Praksis i psykisk helsearbeid foregår i tredje studieår. Her kan du ha praksis både i kommune og i spesialisthelsetenesten. 
  • Praksis i heimesjukepleie foregår i tredje studieår. Praksis er i kommunehelsetenesten.

Campus Bergen

Du vil få praksisplass i tidligare Hordaland, Bergen og omegn. I nokre periodar må du ha praksisperioden til dømes på Voss. Om du tek desentralisert sjukepleie skal du fortrinnsvis ha praksis i den kommunen du jobbar i.

Campus Førde

Du vil få praksisplass i tidligare Sogn og Fjordane. Det kan være mogleg å ha praksis utanfor Vestland fylke i enkelte praksisperiodar. Du finn meir informasjon om dette i praksishefte til studentar ved bachelor i sjukepleie campus Førde

Campus Stord

Du vil få praksisplass i Sunnhordaland og Rogaland, først og framst på Stord og i omegnskommunar. I nokre periodar må du ha praksisperioden i Haugesund eller Odda.

Campus Haugesund

Du vil få praksisplass i Haugesund og nabokommunar. 

Vurdering av praksis

vurdering av praksis 1.jpg

Du og praksisrettleiar må fylle ut skjema for midtvegs- og sluttvurdering av praksis. Du leverer inn skjema for praksisvurdering i det digitale verktøyet Wiseflow. Her kan du laste ned midtvegs- og sluttvurdering av praksis. Vel din studistad:

Bergen - desentralisert

  • Midtvegsvurderingskjema bachelor sjukepleie
  • Sluttvurderingsskjema bachelor sjukepleie

Bergen - heiltid

  • Midtvegsvurderingskjema bachelor sjukepleie
  • Sluttvurderingsskjema bachelor sjukepleie

Førde - heiltid og deltid

Haugesund - heiltid og deltid

Stord - heiltid

Hvis det er fare for at du ikkje består praksis, skal du få skriftleg varsel. Her finn du meir informasjon om rutinar ved fare for ikkje bestått praksis og mal for møtereferat

Arbeidstid, turnus og raude dagar 

arbeidstid og turnus.jpg

Som houvdregel skal du følge arbeidstiden til praksisrettleiaren din. Nokon studentar vil ha vaktar på dagtid, andre turnus, langvakter eller medleverturnus (heildøgnturnus). I nokre studiar kan nattevakter vera obligatorisk. Normalt avtaler du turnus ved praksisstart med praksisrettleiar og praksislærar. 

Meir om turnus og raude dagar

Det vert normalt ikkje forventa at du er i praksis på heilagdagar. Tal på timar for praksis/lengde på praksis kjem fram i emneplanen, og gjeld uavhengig av heilagdagar i samband med høgtider (raude dagar).

Som student må du sørge for at du har nok timar til å få godkjent praksis. Fråvær meir enn 10% fører til ikkje godkjend praksisperiode. Turnus skal  normalt være jevnt fordelt gjennom praksisperioden, du kan difor ikkje samle opp timar og ta ut friperiodar.

Medlevarturnus er aktuelt på nokre praksisplassar/institusjonar. Det betyr at dei tilsette har ei turnusordning der dei har vakter som går over fleire døgn, og deretter ein friperiode.  Ingen studentar kan bli pålagt å ta praksis med medlevarturnus. 

Langvakter er aktuelt på nokre praksisplassar. Det vil seie at ein har færre, men lengre vakter. Vaktene ofte er 12 timar eller meir. Studentar kan ikkje bli pålagt langvakter. Men dersom slik turnus er aktuell på praksisstaden kan det avtalast mellom student, praksisrettleiar og praksislærar.

Sjå også: Krav til oppmøte i praksis

Arbeidstøy, hygiene og mobilbruk

arbeidstøy hygiene mobilbruk.jpg

Det vert stilt særskilte krav både til bruk av arbeidstøy og til hygiene når du er student i praksis. Generelt skal du framstå og kle deg nøytralt og hensiktsmessig. Privat bruk av mobil skal som hovudregel ikkje nyttas i arbeidstida.

Meir om arbeidstøy og hygiene

Arbeidsklede og sko

Nokre praksisstader krever uniform, dette får du som regel låne på praksisstaden. På andre praksisplassar går alle sivilt kledde, og du må sjølv sørge å kle deg nøytralt og hensiktsmessig.

Velg alltid gode innesko som gi god støtte for foten. Sko og sokkar skal vere reine.  

Dersom du bruker hijab og skal ha praksis der dei krever uniform, må du kontakte praksisstaden seinast 10 dagar før praksis, slik at dei eventuelt kan bestille hijab på førehand.

Namneskilt

Skal du ha praksis på sjukehus, sjukeheim og liknande må du skaffe deg namneskilt med fornamn og etternamn, og kva studium du er student ved. 

Røyking, snus og alkohol

Røyking og snusing er ikkje tillatt. Du kan ikkje innta alkohol eller andre rusmiddel åtte timar før arbeidsdagen startar. Sjå helsepersonelloven §8. Pliktmessig avhold

Hender og neglar

Hender skal alltid vere reine, og negler skal vere korte, velstelte og utan lakk. 

Hår, skjegg og bart

Hår, skjegg og bart må vere reint og velstelt. Skjegg og bart skal vere kort. Langt hår skal vere i hestehale eller liknande.

Smykker m.m.

Av hygienegrunner er det ikkje tilatt å ha på smykker, ringer eller armbåndsur. 

Kosmetikk

Sminke skal vere diskre. Deodorant og hudkrem bør vere uparfymert. 

Mobil og nettbruk

Bruk av privat mobil skal vere moderat, og skal ikkje brukes i kliniske situasjonar. Dersom du av private grunnar må være tilgjengleg på mobil, må du avtale dette med praksisrettleiar. Bilete eller omtale frå praksisstaden skal du ikkje dele med andre eller legge ut på sosiale medium, om det ikkje er klarert på førehand.

Legemiddelhandtering

legemiddelhandtering.jpg

Legemiddelhandtering gjeld for studentar som tek sjukepleie, vernepleie eller radiografi. Opplæringa i legemiddelhandtering skal gje deg kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse som er nødvendige for å handtere legemidlar på ein forsvarleg måte.

Meir om legemiddelhandtering

Praktisk opplæring i legemiddelhandtering skal gå føre seg ved at autorisert helsepersonell, med kompetanse innan legemiddelhandtering, er til stades og kontrollerer. Dette gjeld i utgangspunktet alle stadium av legemiddelhandteringa frå istandgjering, kontroll til utdeling.

Høgskulen sitt ansvar

Høgskolen på Vestlandet har ansvar for at studenten får nødvendig undervisning knytt til lovverk, forskrift og rutinar rundt legemiddelhandtering i praksisfeltet, samt tydeleggjere krav til progresjon i studiekrav knytt til handtering av legemidlar gjennom utdanninga. 

Praksisstaden sitt ansvar

Det er leiar ved praksistaden som har ansvar for å utarbeide skriftleg prosedyre for kven som skal vurdere studenten sin reelle kompetanse. Leiar må enten ha medisinsk eller farmasøytisk embetseksamen eller utpeke ein rådgivar med slik kompetanse. 

Praksisrettleiar skal gjennom praksisstudiene rettleie og vurdere
studenten, slik at studenten gradvis kan oppnå kompetanse knyttet til legemiddelhandtering, og dermed handtere legemidlar på ein forsvarleg måte.

Studenten sitt ansvar

Studenten har ansvar for å følgje rutinar og retningslinjer som gjeld for handtering av legemidlar på praksisplassen. Studenten er, som anna helsepersonell, personleg ansvarleg for eigne handlingar, og har plikt til å si frå om behov for rettleiing og opplæring.

Studenten skal ikkje  på eigenhand utføre oppgåver vedrørande legemiddelhandteringen, men kan få en meir sjølvstendig rolle i legemiddelhandteringen etter kvart. Dette skal vere forankra i opplæringa og i tett relasjon med praksisretteiar.

Avvik

Praksisrettleiar må sørge for at avvik som skjer i læringssituasjonen, meldes til høgskolen. Det er viktig at praksisrettleiar tek særskilt hand om studenten når det skjer avvik. Studenten er ansvarleg som helsepersonell for sine eigne feil.

Studentar med arbeidsforhold

Arbeidsstaden/arbeidsgjevar må gjere ei sjølvstendig vurdering av kompetanse. Her gjeld §5-1 i helsepersonellova. Sjå også Legemiddelhåndteringsforskriften 4-4-5

Nyttige lenker:

 

Kontakt oss:

Lurer du på noko? Vi vil gjerne svare deg!
Praksisadministrasjonen ved FHS