Å vere student i praksis

Praksistida er ei spennende og viktig læringsarena for deg som student. Slik forebur du deg best mogleg.

I praksisstudium vert det forventa at du som student viser engasjement og er ein aktiv deltakar i arbeidsmiljøet på praksisplassen. Du kan sjølv gjere mykje for å få ein god praksisperiode.

Me oppmodar deg om å oppsøke læresituasjonar og å stille spørsmål og søkje rettleiing. Førebu deg til rettleiingstida på praksisplassen, og til dei ulike rettleiingane og møtepunkta med høgskulen. Dersom du opplever problem på praksisplassen, må du ta kontakt med høgskulen.

I praksis får du tildelt ein praksisrettleiar på praksisstaden, og ein kontaktlærarfrå høgskulen.

Tildeling av praksisplass

HVL har avtalar med faste praksistilbydarar, og praksisadministrasjonen fordeler praksisplassar til studentane. Du har ikkje høve til å bytte praksisplass, men må forhalda deg til praksisplassen du har fått tildelt. Om din utdanning har ordningar der du får velje plass, får du informasjon av kontaktlæraren din. 

Meir om tildeling av praksisplass

Du skal ikkje vere i praksis ein stad du har jobba, eller har nær relasjon. Du er sjølv ansvarleg for å oppgje dersom det er plassar du ikkje kan ha praksis.

For alle bachelorutdanningane i Bergen (unntatt radiografi), er deltaking i TVEPS ein obligatorisk del av praksis. TVEPS er eit samarbeid mellom UiB, HVL, Bergen kommune og Øygarden kommune, der målet er å gi studentar tverrfagleg kompetanse.

Les meir om TVEPS her 

Sett deg inn informasjon frå praksisplassen

Sett deg inn i informasjon frå praksisplassen på førehand. Vi gjer t.d.  merksam på nettsidene under. Alle studentar som skal til desse praksisplassane må sette seg inn i kva ein må gjere i forkant:

Dersom du ikkje gjennomfører t.d. elæringskurs innan frist, kan det betyr at du ikkje får gå ut i praksis.

Følg med på din student e-post

All informasjon og meldingar frå praksisadministrasjonen vert sendt til din student e-post. Praksisadministrasjonen nyttar ikkje Canvas. Det er ditt ansvar å følgje med på informasjon som vert gjeven her. 

Bu- og reiseutgiftar

Høgskulen har reglement for refusjon av bu- og reiseutgifter knytt til praksis. Mange av våre utdanningar har praksis over eit stort geografisk område. Du må sjølv må finne bustad dersom du må flytte i praksis.

Høgskulen dekker ikkje reiser i praksis som til dømes heimebesøk, eller evt kursavgifter dersom praksisplassen gir tilbod om å delta på kurs ila praksistida.

Politiattest

Nokon praksisplassar kan kreve at du legg fram ny politiattest i samband med praksisstart. Dette vil du få informasjon om direkte frå praksisstaden. Dei vil då også gje deg nødvendig dokumentasjon for å søke ny politiattest. Ofte vil dette gjelde plassar innen barnevern og kriminalomsorg. 

Om du er gravid

Nokre praksisplassar har restriksjonar knytt til å ta imot studentar som er gravide el som har tilretteleggingsbehov grunna tryggleiksomsyn,. Ha difor dialog med emneansvarleg dersom dette er ei problemstilling

Sosiale medium

Som student må du være særlig oppmerksom på hva du kan dele. Bilder eller beskrivelser fra praksissted skal ikkje deles på sosiale medier.

Dette må du kjenne til

  • HVL har avtalar med faste praksistilbydarar, og praksisadministrasjonen fordeler praksisplassar til studentane. Du har ikkje høve til å bytte praksisplass, men må forhalde deg til praksisplassen du har fått tildelt. 
  • Du skal ikkje vere i praksis ein stad du har jobba, eller har nær relasjon. 
  • Som hovudegel kan du ikkje ha lønna arbeid eller ta vakter på praksisplassen i praksisperioden
  • Kursavgift og reise i praksistida (td.heimebesøk) blir ikkje dekka
  • Nokon praksisplassar har restriksjonar knytt til å ta imot studentar som er gravide grunna tryggleiksomsyn.

Sett deg inn i informasjonen frå praksisplassen 

HVL har praksisplassar hos fleire samarbeidspartnarar på Vestlandet. Nokon har eigne nettsidar for studentar som skal ha praksis hos dei.