Innlevering av praksisvurdering

Her finn du informasjon til studentar og praksisrettleiarar om inlevering av praksisvurdering ved fakultet for helse- og sosialvitskap.

Innlevering av praksisvurderingar skjer i all hovudsak i det digitale verkøyet Wiseflow. Dersom noko anna gjeld for din praksisperiode, vil du få informasjon om dette i Canvas.

Rutinar for innlevering av vurderingsskjema

  • De finn vurderingsskjema på praksissida for utdanninga eller i Canvas.
  • Rettleiar på praksisplassen fyller ut sluttvurderingsskjemaet og går gjennom dette med studenten.
  • Rettleiar og student signerer skjemaet.
  • Studenten lastar opp skjemaet i Wiseflow innan innleveringsfristen. Det er viktig at alle sidene i skjemaet blir lasta opp. Innleveringsfila må vere leseleg. PDF er føretrekt format.
  • Studenten må ta kontakt med praksisadministrasjonen ved FHS dersom han/ho treng utvida innleveringsfrist.

Dersom praksis ikkje er bestått er det eigne rutinar.

Her finn du vurderingsskjema

Lenke til vurderingsskjema finn du på praksissida for den enkelte utdanninga.

Treng du hjelp?

Dersom du treng hjelp til innleveringa i Wiseflow, kan du sjå rettleiing på nettsida om heimeeksamen og oppgåveskriving

Lurer du på noko? Vi vil gjerne svare deg!
Praksisadministrasjonen ved FHS