Praksis i radiografi

Her finn du informasjon om praksis for deg som er student ved radiografiutdanninga.

Før praksis må du lese studieplan, emneplanen for ditt aktuelle praksisemne og følgje med på informasjon som blir gitt i Canvas. I tillegg er det viktig at du er kjent med felles informasjon om praksis.

Studieplan, emneplan og praksisperiodar for studieåret 2021/22

praksiperioder

Under finn du førebels planlagte tidspunkt for praksisperiodar i studieåret 2021/22, med atterhald om at det kan kome endringar. Du finn også lenke til emneplan for studieåret 2021/22.

Campus Bergen

Studieplan: kull 2021 | kull 2020 

Første studieår:

Våren 2022 er planlagt praksisperiode i veke 16-19, og 20-23.

Andre studieår:

Hausten 2021 er planlagt praksisperiode i veke 44-51.

Våren 2022 er planlagt praksisperiode i veke 1-5, og 6-12

Tredje studieår:

Hausten 2021 er planlagt praksisperiode i veke 38-43.

Våren 2022 er planlagt praksisperiode i veke 6-12

Tildeling av praksisplass

tildeling praksiplass.jpg

Vi innhentar praksisplassar for alle studentar. Du får beskjed i Canvas eller Studentweb om kvar du får praksisplass.

Les meir om kvar du kan ha praksis

Du kan få praksisplass i Vestland og Rogaland. Du må rekne med å reise bort i samband med praksis i løpet av studiet. 

Arbeidstid og turnus

Mange praksisplassar har praksis på dagtid, men vi har plassar der du må rekne med turnus.

Tilrettelegging av praksis

Om du har behov for særleg tilrettelegging i praksis eller praksis på ein bestemt stad, kan du lese meir om tilrettelegging av praksis.

Vurdering av praksis

vurdering av praksis 1.jpg

Du og praksisrettleiar må fylle ut skjema for sluttvurdering av praksis. Du leverar inn skjema for praksisvurdering i det digitale verktøyet Wiseflow.

Hvis det er fare for at du ikkje består praksis, skal du få skriftleg varsel. Her finn du meir informasjon om rutinar ved fare for ikkje bestått praksis

Praksisinformasjon

Arbeidstid, turnus og raude dagar 

arbeidstid og turnus.jpg

Som houvdregel skal du følge arbeidstiden til praksisrettleiaren din. Nokon studentar vil ha vaktar på dagtid, andre turnus, langvakter eller medleverturnus (heildøgnturnus). I nokre studiar kan nattevakter vera obligatorisk. Normalt avtaler du turnus ved praksisstart med praksisrettleiar og praksislærar. 

Meir om turnus og raude dagar

Det vert normalt ikkje forventa at du er i praksis på heilagdagar. Tal på timar for praksis/lengde på praksis kjem fram i emneplanen, og gjeld uavhengig av heilagdagar i samband med høgtider (raude dagar).

Som student må du sørge for at du har nok timar til å få godkjent praksis. Fråvær meir enn 10% fører til ikkje godkjend praksisperiode. Turnus skal  normalt være jevnt fordelt gjennom praksisperioden, du kan difor ikkje samle opp timar og ta ut friperiodar.

Medlevarturnus er aktuelt på nokre praksisplassar/institusjonar. Det betyr at dei tilsette har ei turnusordning der dei har vakter som går over fleire døgn, og deretter ein friperiode.  Ingen studentar kan bli pålagt å ta praksis med medlevarturnus. 

Langvakter er aktuelt på nokre praksisplassar. Det vil seie at ein har færre, men lengre vakter. Vaktene ofte er 12 timar eller meir. Studentar kan ikkje bli pålagt langvakter. Men dersom slik turnus er aktuell på praksisstaden kan det avtalast mellom student, praksisrettleiar og praksislærar.

Sjå også: Krav til oppmøte i praksis

Arbeidstøy, hygiene og mobilbruk

arbeidstøy hygiene mobilbruk.jpg

Det vert stilt særskilte krav både til bruk av arbeidstøy og til hygiene når du er student i praksis. Generelt skal du framstå og kle deg nøytralt og hensiktsmessig. Privat bruk av mobil skal som hovudregel ikkje nyttas i arbeidstida.

Meir om arbeidstøy og hygiene

Arbeidsklede og sko

Nokre praksisstader krever uniform, dette får du som regel låne på praksisstaden. På andre praksisplassar går alle sivilt kledde, og du må sjølv sørge å kle deg nøytralt og hensiktsmessig.

Velg alltid gode innesko som gi god støtte for foten. Sko og sokkar skal vere reine.  

Dersom du bruker hijab og skal ha praksis der dei krever uniform, må du kontakte praksisstaden seinast 10 dagar før praksis, slik at dei eventuelt kan bestille hijab på førehand.

Namneskilt

Skal du ha praksis på sjukehus, sjukeheim og liknande må du skaffe deg namneskilt med fornamn og etternamn, og kva studium du er student ved. 

Røyking, snus og alkohol

Røyking og snusing er ikkje tillatt. Du kan ikkje innta alkohol eller andre rusmiddel åtte timar før arbeidsdagen startar. Sjå helsepersonelloven §8. Pliktmessig avhold

Hender og neglar

Hender skal alltid vere reine, og negler skal vere korte, velstelte og utan lakk. 

Hår, skjegg og bart

Hår, skjegg og bart må vere reint og velstelt. Skjegg og bart skal vere kort. Langt hår skal vere i hestehale eller liknande.

Smykker m.m.

Av hygienegrunner er det ikkje tilatt å ha på smykker, ringer eller armbåndsur. 

Kosmetikk

Sminke skal vere diskre. Deodorant og hudkrem bør vere uparfymert. 

Mobil og nettbruk

Bruk av privat mobil skal vere moderat, og skal ikkje brukes i kliniske situasjonar. Dersom du av private grunnar må være tilgjengleg på mobil, må du avtale dette med praksisrettleiar. Bilete eller omtale frå praksisstaden skal du ikkje dele med andre eller legge ut på sosiale medium, om det ikkje er klarert på førehand.

Legemiddelhandtering

legemiddelhandtering.jpg

Legemiddelhandtering gjeld for studentar som tek sjukepleie, vernepleie eller radiografi. Opplæringa i legemiddelhandtering skal gje deg kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse som er nødvendige for å handtere legemidlar på ein forsvarleg måte.

Meir om legemiddelhandtering

Praktisk opplæring i legemiddelhandtering skal gå føre seg ved at autorisert helsepersonell, med kompetanse innan legemiddelhandtering, er til stades og kontrollerer. Dette gjeld i utgangspunktet alle stadium av legemiddelhandteringa frå istandgjering, kontroll til utdeling.

Høgskulen sitt ansvar

Høgskolen på Vestlandet har ansvar for at studenten får nødvendig undervisning knytt til lovverk, forskrift og rutinar rundt legemiddelhandtering i praksisfeltet, samt tydeleggjere krav til progresjon i studiekrav knytt til handtering av legemidlar gjennom utdanninga. 

Praksisstaden sitt ansvar

Det er leiar ved praksistaden som har ansvar for å utarbeide skriftleg prosedyre for kven som skal vurdere studenten sin reelle kompetanse. Leiar må enten ha medisinsk eller farmasøytisk embetseksamen eller utpeke ein rådgivar med slik kompetanse. 

Praksisrettleiar skal gjennom praksisstudiene rettleie og vurdere
studenten, slik at studenten gradvis kan oppnå kompetanse knyttet til legemiddelhandtering, og dermed handtere legemidlar på ein forsvarleg måte.

Studenten sitt ansvar

Studenten har ansvar for å følgje rutinar og retningslinjer som gjeld for handtering av legemidlar på praksisplassen. Studenten er, som anna helsepersonell, personleg ansvarleg for eigne handlingar, og har plikt til å si frå om behov for rettleiing og opplæring.

Studenten skal ikkje  på eigenhand utføre oppgåver vedrørande legemiddelhandteringen, men kan få en meir sjølvstendig rolle i legemiddelhandteringen etter kvart. Dette skal vere forankra i opplæringa og i tett relasjon med praksisretteiar.

Avvik

Praksisrettleiar må sørge for at avvik som skjer i læringssituasjonen, meldes til høgskolen. Det er viktig at praksisrettleiar tek særskilt hand om studenten når det skjer avvik. Studenten er ansvarleg som helsepersonell for sine eigne feil.

Studentar med arbeidsforhold

Arbeidsstaden/arbeidsgjevar må gjere ei sjølvstendig vurdering av kompetanse. Her gjeld §5-1 i helsepersonellova. Sjå også Legemiddelhåndteringsforskriften 4-4-5

Nyttige lenker:

Kontakt oss:

Lurer du på noko? Vi vil gjerne svare deg!
Praksisadministrasjonen ved FHS