HVL sitt arbeid for å sikre kvalitet i praksis

Godt samarbeid, erfaringsdeling og informasjonsutveksling mellom studentane, praksisfeltet og høgskulen er sentralt for å sikre god kvalitet i praksis.

Dette vert mellom anna sikra gjennom samarbeidsavtalar og eigne praksisavtalar mellom HVL og aktørane som tar i mot studentane våre.

I HVL sitt system for arbeid med kvalitet i utdanningane er det også ordningar for å sikre at utdanningane våre er i tråd med forventingar og innspel frå samfunns- og arbeidslivet. Til dømes skal alle bachelor- og masterprogram ved HVL vere knytt til eit studieprogramråd som har ansvar for forbetring og utvikling av studieprogrammet. Her er det krav om eksterne medlemmer, der praksisfeltet er representert. I tillegg er det jamlege møte i ulike samarbeidsorgan mellom representantar på ulike nivå i høgskulen, kommunesektoren, helseføretak og andre aktørar.

Tilbakemelding frå studentar 

Studieprogramransvarleg er ansvarleg for å fastsetje plan for evaluering av emna i studieprogrammet, inkludert tilbakemeldingar frå studentar om korleis praksis fungerer. Studentane kan gje tilbakemeldingar direkte, gjennom studenttillitsvalde, referansegruppemøte eller anonyme evalueringar. Resultata frå evalueringane skal følgjast opp i studieprogramråda, der det skal vurderast om det er behov for endringar eller tiltak.

Vi har også eit eige varslingssystem, Sei ifrå, der studentar kan melde frå om kritikkverdige forhold og uønska hendingar.