Informasjon om covid-19 og praksis våren 2021

Her finn du informasjon knytt til koronasituasjonen når du skal i praksis innan lærarutdanning, kultur og idrett.

Oppdatert 6. april 2021

Udir sine rettleiarar om smittevern i barnehage og skule er no oppdatert. Vi ber alle som skal i praksis om å lese dei oppdaterte versjonane

Saman med praksisstadane planlegg vi å gjennomføre praksis våren 2021 som normalt, og innan dei til ein kvar tid gjeldande retningslinjene. Så lenge du ikkje høyrer noko anna, skal du møte opp i praksis som planlagt.

Klikk for å sjå koronatiltaka som gjeld ved Høgskulen på Vestlandet.

Nedanfor finn du bakgrunnsinformasjon, ekstra førebuingstiltak før praksis og informasjon om koronarelatert fråvær.

Opplever du at livssituasjonen din er krevjande og treng du nokon å snakke med? Les meir om kven du kan snakke med på denne sida.

Kva gjer du om du må i karantene eller er smitta?

Dersom du får påvist koronasmitte medan du er i praksis skal du halde deg til meldingar frå praksisstad og helsetenesta i kommunen. Dette gjeld også dei som får beskjed om å vere i karantene medan dei er i praksis. I tillegg skal du, som omtalt under koronarelatert fråvær, melde frå til praksiskoordinator og den som har fagleg ansvar for praksisoppfølging for deg. 

FHI si nettside og Helse Norge si nettside finn du gjeldande reglar for korleis gjennomføre karantene og isolering.

Praksisstaden si rolle ved utbrot og smittesporing

Praksisstaden si rolle ved utbrot og smittesporing står omtalt i dei ulike rettleiarane for smittevern. Her er utdrag frå rettleiar for smittevern:

Helsetjenesten i kommunen har ansvar for oppfølging av tilfeller med bekreftet covid-19 (smittesporing), og vil varsle skolen/barnehagen dersom barn/elever eller ansatte får bekreftet sykdom. Det er helsetjenesten som skal beslutte nødvendige tiltak og for eksempel å definere hvem som er nærkontakter til den syke. Det er kommunale helsemyndigheter som beslutter at det er behov for heving av tiltaksnivå. De kan rådføre seg med nasjonale helsemyndigheter ved behov.

  • Skole/barnehage skal kunne hjelpe med oversikt over nærkontakter på skolen/barnehagen. Taushetsplikt og krav til personvern må overholdes.
  • Helsetjenesten og skole-/barnehageeier må samarbeide om hvem som skal informere de ulike gruppene (elever, foresatte, lærere og andre ansatte) og på hvilken måte. Det er viktig å inkludere støttepersonell, vikarer og midlertidig ansatte i informasjonsformidlingen, samt personer i andre kommuner som er tilknyttet skolen der det har oppstått smitte.
  • Det er viktig å gi alle berørte nok informasjon, samtidig som taushetsplikt og krav til personvern ivaretas.

Jevnlig testing av elever/barn og/eller ansatte kan være aktuelt i utbruddssituasjoner eller ved høyt smittetrykk i samfunnet over tid. Det er en fordel om skolen bistår helsetjenesten i kommunen med gjennomføring.

Koronarelatert fråvær

Dersom du får koronarelatert fråvær i praksis gjeld dette:

  • Du må snarast sende e-post til både praksiskoordinator og profesjonsrettleiar/ev. aktuell faglærar for ditt studium og praksislærar/-rettleiar på praksisstaden. I e-posten må du skrive kva som er årsaka til fråværet, til dømes karantene, isolasjon eller symptom på luftvegsinfeksjon. Les meir i Udir sine rettleiarar for barnehagar og skular.

Individuell oppfølging av koronarelatert fråvær

  • Praksislærar/-rettleiar samarbeider med deg om moglegheit for å legge til rette for praksisnære alternative aktivitetar som kan gjennomførast digitalt og/eller utan at du er fysisk til stades i praksis.
  • Som student må du oppnå læringsutbytte for praksis. Praksislærar/-rettleiar og profesjonsrettleiar/studiekoordinator samarbeider om å vurdere om du kan få praksis vurdert til bestått eller om du må ta igjen noko av den praksisen du har mista.

Ekstra førebuingstiltak før praksis

Som student skal du vere godt førebudd til å møte kvardagen i praksis. Seinast fem dagar før praksisstart skal du gjennomføre eit digitalt smittevernkurs. Du skal også gjere deg kjend med Utdanningsdirektoratet sin rettleiar for smittevern før du møter opp.

Før du gjer dette, skal du lese om «trafikklysmodellen», som viser kva smitteverntiltak barnehagar og skular skal følge.

1) Les informasjon om trafikklysmodellen

2) Les gjennom Udir sin rettleiar for smittevern

Oppdaterte lenker til Udir sine rettleiarar for smittevern 26. mars:

Guide to infection control in english (udir.no)

3) Gjennomfør digitalt smittevernkurs

Kurset er utarbeidd av Bergen kommune og gjort tilgjengeleg via KS sin læringsplattform.

Du loggar deg inn via ID-porten og gjennomfører kurset på ca. 1 time med påfølgjande test.

Ved påloggingsproblem skal du ta kontakt med KS Læring sin brukarstøtte på telefonnummer 24 13 28 50.

Når testen er bestått, får du kursbevis som du lagrar og sender som vedlegg i e-post til praksislærar.

NB: Første gong du går inn på sida, må du opprette ein brukar. Her er det viktig å fylle ut dei obligatoriske felta. Når brukaren er oppretta, får du tilgang til å gjennomføre kurset. 

Har du spørsmål? Ta kontakt med din praksiskoordinator.

4) Ta kontakt med praksisstad seinast 10 dagar før praksis

Studentar som skal i praksis, blir rekna som tilsette på praksisstaden og må følgje dei retningslinjene som gjeld for den enkelte praksisstad, i tillegg til generelle smittevernråd frå FHI. Det er difor viktig at du tek kontakt med praksisstaden din i god tid (seinast 10 dagar) før praksis slik at du kan få eventuelle retningslinjer som gjeld for din praksisstad.

Bakgrunn for gjennomføring av rammeplanfesta praksis

I likskap med alle utdanningsinstitusjonane i Noreg er vår oppgåve som høgskule å legge til rette for at du som student skal kunne gjennomføre utdanninga di. I lærarutdanningane ligg det føringar for kor mange dagar rettleia og vurdert praksis som skal gjennomførast. Dette er vedtatt i dei nasjonale rammeplanane og avgjerande for at du kvalifiserer til å kunne jobbe som lærar etter at utdanninga er ferdig.

Om du ikkje held progresjonen med godkjend praksis kvart år, vil du bli forsinka i studiet. Dette er også ei av årsakene til at flytting av praksisperiodar ikkje er ei god løysing. Flytting av praksisperioder er også vanskeleg med omsyn til obligatorisk undervisning, kapasitet på praksisstaden og stor usikkerheit knytt til koronasituasjoen i neste semester.

Lokale og nasjonale smittevernreglar

Ver merksam på at situasjonen knytt til koronapandemien og retningslinjene frå nasjonale og lokale myndigheiter stadig er i endring. Som student må du difor halde deg oppdatert på informasjon i Canvas og på denne nettsida.

På grunn av endring i smittesituasjonen kan det også vere eigne retningslinjer for kommunen der du skal vere i praksis, og på praksisstaden din. Du må difor halde deg oppdatert om reglane som gjeld til ei kvar tid. 

Høgskulen på Vestlandet gjer fortløpande vurderingar knytt til praksis. Vi har møter med kommunane og forheld oss til både lokale og nasjonale smittevernreglar. Tilbakemeldinga frå Kunnskapsdepartementet no er at praksis kan gjennomførast så langt det er mogleg og i tråd med reglar og råd om smittevern.

Dei nasjonale retningslinjene som alle praksisstader i Noreg følger, skal ivareta både barn, elevar, tilsette og deg som praksisstudent. Det betyr at så lenge praksisplassen held ope, tek dei i utgangspunktet også imot studentar i praksis. Dersom skular eller barnehagar blir stengt, oppmodar Kunnskapsdepartementet om at studentar får ta del i digital praksis.

Kollektivtransport til og frå praksisplassen

Fleire av studentane i praksis er avhengig av kollektivtransport til og frå praksisplassen. Den generelle oppfordringa om å unngå å reise kollektivt for dei som kan det, gjer at talet på reisande går ned. Dette gjer at det er mogleg å reise kollektivt for mellom anna studentar og arbeidstakarar i helsesektoren, skule og barnehage, forutsett at reglar om avstand og bruk av munnbind blir overhaldt.

Studentar i risikogruppe

Dersom du ikkje kan møte i ordinær praksis fordi du tilhøyrer ei risikogruppe og har dokumentasjon på dette, må du snarast ta kontakt med Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Du vil då få informasjon om moglegheit for tilrettelegging. 

Nyttige lenker

Følg med på FHI si nettside om korona 

Generell informasjon frå HVL om studentar i risikogruppa og studentar som ikkje kan møte fysisk i praksis.

Tidspunkt, retningslinjer og emneplanar for praksis i di utdanning finn du her