Informasjon til praksisfeltet i barnehagelærarutdanninga

På denne sida finn du informasjon som er relevant for barnehagar som tar imot studentar frå barnehagelærarutdanninga. Informasjonen er primært knytt til avtalar, økonomi og rettleiarutdanning.

Høgskulen på Vestlandet og praksisbarnehagene er likeverdige samarbeidspartnarar og har eit felles ansvar for innhald, kvalitet og vurdering i praksis og for progresjonen i praksisopplæringa.
 

Felles informasjon som er aktuell for både studentar, praksislærarar og leiarar, finn du på studentsida for praksis i barnehagelærarutdanninga.

Rettleiarutdanning for praksislærarar 

HVL sitt tilbod om rettleiarutdanning og anna vidareutdanning

Høgskulen tilbyr nett- og arbeidsplassbasert vidareutdanning i rettleiing, felles for praksislærarar ved campusane på Stord, i Sogndal og Bergen. 

I tillegg vil det vere muleg å søke vidareutdanning i rettleiing hos Utdanningsdirektoratet gjennom kompetanse for framtidas barnehage. Søknadsfrist 1. mars via Utdanningsdirektoratet. Les meir om dei ulike alternativa på høgskulen sine nettsider:

Informasjon om andre relevante utdanningar ved høgskulen:

Studieåret 2023-2024, aktuelle datoar:

Kurs for nye praksislærarar

Det blir digitale kurs for nye praksislærarar:

Tysdag 29. august kl. 09.00-15.00
Kurset vil mellom anna inneholde informasjon om det å vere praksislærar og praksisstad, rettleiing, vurdering og skikkavurdering.

Dei som ikkje rekk kurset i august får ein ny sjanse:
Torsdag 11. januar kl. 09.00-15.00

Praksislærarar og styrarar vil få informasjon om påmelding på e-post.

Fagdagar for praksislærarar

Vi har gleda av å kalle praksislærarane inn til fagleg påfyll og gode diskusjonar:

Bergen:
14. februar for praksislærarar på 2. studieår.
20. februar for praksislærarar på 3. studieår.
19. mars for praksislærarar på 1. studieår.

Sogndal:
15. februar for praksislærarar på 2. og 3. studieår.
14. mars for praksislærarar på 1. studieår.

Stord:
16. november, for alle praksislærarar.

Meir informasjon kjem til hausten.

Endringar kan komme.

Styrarmøter

Studieprogramleiar ved barnehagelærarutdanninga vil invitere alle styrarar/dagleg leiarar i praksisbarnehagane til samarbeidsmøte:

Haust: 
Heiltid og deltid, alle campus: felles digitalt møte 7. september er avlyst. Vi vil sende ut innkalling til nytt møte i november.

ABLU-Sogndal og Stord: felles digitalt møte 13. september er avlyst. Info om nytt møte kjem.

Vår - fysiske møter på kvar campus:
Bergen: 18. april, kl. 09.00-12.00, med lunsj
Sogndal: 24. april, kl. 09.30-12.30, med lunsj
Stord: 16. april, kl. 09.30-12.30, med lunsj


Avtalar og økonomi

Informasjon om avtalar med barnehagar og kommunar/private eigarar

Samarbeidsavtale på eigarnivå

Gjennom godt og gjensidig samarbeid mellom kommunane/private barnehageeigarar, den enkelte barnehage og Høgskulen på Vestlandet (HVL) skal vi i fellesskap utdanne gode lærarar og bidra til rekruttering av kvalifiserte profesjonsutøvarar. Å sikre gode praksisplassar til studentane som skal bli framtidas lærarar, er ei viktig oppgåve for begge partar.

Høgskulen har sidan juni 2022 signert samarbeidsavtale med følgjande kommunar: Alver, Austevoll, Askøy, Bergen, Bjørnafjorden, Bømlo, Haugesund, Karmøy, Luster, Sogndal, Stord, Sunnfjord, Tysvær, Øygarden og Årdal. I tillegg har vi inngått avtale med følgjande private barnehageeigarar: Espira Bergen og omegn, Eventus, Helse-Bergen barnehagar, FUS region Bergen og Stord, Espira region Haugesund/Bømlo.

Det overordna formålet med avtalen er å sikre tilstrekkeleg og føreseieleg kapasitet på praksisplassar og god kvalitet i praksisopplæringa. Samarbeidsavtalen skal bidra til meir samarbeid og tydlegare ansvarsfordeling mellom involverte partar.

Partnaravtale med faste partnarbarnehagar

HVL har inngått partnaravtalar med faste partnarbarnehagar med verknad frå 1.august 2023. HVL utarbeider årlege vedlegg til praksisavtalen som konkretiserer tal studentar praksisstaden skal ta imot.

Mal partnaravtale partnarbarnehage 

Årleg avtale om praksis med praksisbarnehagar

I tillegg til partnaravtalar inngår HVL etter behov årlege avtalar med praksisbarnehagar som ikkje har partnaravtale.

Informasjon om statisk sats

Barnehagen får betalt ein fast sats per student per dag i praksis. Satsen bygger på og er forankra i øvingslæraravtalane. Den er også knytt til tariff-festa lønn i barnehage og vil bli regulert i tråd med årleg lønnsjustering.

Samarbeidsavtalen på eigarnivå og partnaravtalane på institusjonsnivå tek utgangspunkt i prinsippet om at praksisrettleiing inngår i årsverket til lærarar i barnehage. Barnehagen må i samarbeid med tillitsvalde avgjere korleis godtgjersle og timeressurs skal fordelast. De vil få informasjon om rutine for refusjon og faktura to gonger i året.

For studieåret 2023-24 er satsen kr 564,-.

Satsen skal kompensere for ekstraarbeidet leiar og tilsette i barnehagen har i samband med praksisopplæringa i barnehagen.

Grunnlag for sats:

Kompensasjon for arbeidstimar kr 404,-

Satsen tar utgangspunkt i lønn for pedagogisk leiar med 16 års ansiennitet, med påslag for sosiale kostnader/pensjon.

Gjennomsnittleg tidsbruk for praksislærar er 1t per dag per student. Dette inkluderer tid til møte, førebuing, etterarbeid, rettleiing, vurdering, kompetanseheving og generelt samarbeid med høgskulen. Timesatsen blir justert årleg i tråd med sentralt avtalt lønnsjustering og med verknad frå oppstart nytt studieår.

Godtgjering kr 160,- (sats i øvingslæraravtalen omrekna til sats per dag per student) 

  • kr 125,- per dag per student i betaling til praksislærar
  • kr 15,- til fordeling til dei med rettleiarutdanning
  • kr 20,- til styrar for organisering av praksis

Godtgjering kan reforhandlast i tråd med samarbeidsavtalen på eigarnivå pkt.7.

Kontakt leiaren din om du har spørsmål knytt til godtgjering som praksislærar.

Ønskjer de å bli praksisbarnehage?

Her finn de søknadsskjema

Fyll ut søknadsskjema om praksisbarnehagekontrakt, og send det på e-post til post@hvl.no, så vil de bli kontakta av praksiskoordinator på aktuell campus.

Har du spørsmål? 

Ta kontakt med praksiskoordinator: