Praksis engelsk årsstudium

For studentar som tek didaktikk er det to veker obligatorisk praksis i vårsemesteret.

Praksis og korona hausten 2021 (oppdatert 20. august)


Før praksisstart må du lese informasjonen nedanfor og emneplanen for didaktikk. I tillegg er det viktig at du er kjent med studieprogramplanen.

Tildeling av praksisplass

Du vil bli tildelt praksisplass av praksiskoordinator for utdanninga di. Høgskulen på Vestlandet inngår avtalar med den enkelt praksisstad. Informasjon om kor du skal gjennomføre praksis vert lagt i kullrommet i Canvas.

Førebuing til praksis og planlegging av undervisning

På praksisførebuande møte vil du møte praksislæraren din og få nødvendig informasjon om skulen, klassen, læreplanar og lærebøker. Det er viktig at du kjenner emneplan for engelsk didaktikk og har sett deg inn i vurderingskriteria for praksis.

Praksisomfanget er 8–12 undervisningstimar/økter saman med to eller tre medstudentar. Du har krav på cirka to timar rettleiing per veke (grupperettleiing). Praksislærar skal rettleie deg i å planlegge undervisninga, og hjelpe deg med å reflektere over kva som gjekk bra og kva som kan endrast på til neste undervisningsøkt.

Tidspunkt for praksisperiodar  og møte 2021-2022

  • Praksis vert gjennomført våren 2022 i veke 16 og 17.
  • Dato for praksisførebuande møte vert publisert seinare.

Vurdering av praksis

Evaluering etter praksis

For å kunne vidareutvikle kvalitet i praksis ønsker vi at du gir ei tilbakemelding på korleis du har opplevd praksis. Dette vert gjort i undervisningsøkt etter praksis.

Ved fråvær/sjukdom i praksisperioden

Studenten må straks gi melding til praksislærar. Fråvær i praksisperioden må takast att i etterkant av ordinær praksisperiode. Studenten avtalar ny praksis direkte med praksislærar.

Emneplanar

Emneplan – didaktikk 1
Emneplan - didaktikk 2 

Studieplan

Studieplan for årsstudium engelsk

Har du spørsmål?

Ta kontakt med praksiskoordinator:

Øystein Frøyland

Dette må alle kjenne til: