Musikkstudent får rettleiing av lærar

Praksis faglærarutdanninga i musikk

I løpet av alle tre studieåra skal du gjennomføre 70 dagar praksis.

Praksis og korona hausten 2021 (oppdatert 20. august)

Før praksisstart må du lese

Emneplan for praksis 3. studieår

  • Informasjonen på denne sida

Du bør også gjere deg kjend med studieplan for faglærarutdanninga i musikk

Tildeling av praksisplass

HVL har avtalar med faste praksisskular og praksisadministrasjonen fordeler praksisplassar til studentane. 

Reisetid på inntil 1,5 time kvar veg frå bustad til praksisstad vert rekna som normalt. I nokre av praksisperiodane må studentar rekne med å bu på praksisstaden då avstanden er for stor til å pendle. 

Praksiskoordinator publiserer oversikt over praksisgrupper fordelt på praksisskular i Canvas før kvar praksisperiode.  

Førebuing til praksis

Du vil få informasjon før kvar praksisperiode om korleis den skal planleggast. 

Det vert også arrangert praksisførebuande møte med praksislærarar før kvar praksisperiode. Møtedato kjem i august. 

Tidspunkt for praksisperioder

1. studieår - Punktpraksis

5 dagasamanhengande observasjonspraksis på barnetrinnet hausten 2021 i veke 39. 

10 dagar punktpraksis på barnetrinnet hausten 2021.

5 dagasamanhengande observasjonspraksis på ungdomstrinnet i veke 5 våren 2022.
10 dagar punktpraksis på ungdomstrinnet våren 2022.

2. studieår - Praksis i kulturskule og ensemble

75 timar praksis. Må fordelast på haust og vår. Desse er delt opp slik:

15 timar observasjonspraksis i løpet av hausten. Studenten skal desse timane følgje og observere praksislærar sin. I tillegg til 15 timar observasjonspraksis skal studenten også ha 8 timar rettleiing med praksislærar

45 timar undervisningspraksis i løpet av studieåret. Rettleiing med praksislærar kjem i tillegg. Er det fleire studentar hos same lærar er minimumskravet at dei som gruppe får minimum oppgitt timetal. Hovudansvaret for timen skal fordelast mest mogleg likt.

15 timar ensemblepraksis.

3. studieår - Praksis i varierte og vidaregåande opplæringsarenaer

Minimum 45 timar praksis i løpet av studieåret.

Aktuelle praksisarenaer kan vere ein kombinasjon av vidaregåande skular, folkehøgskular eller konsertarrangemnet.

Vurdering av praksis

Praksisrettleiar skal fylle ut skjema for sluttvurdering. Nedanfor finn skjema som praksislærar skal fylle ut.

Innlevering av skjema for sluttvurdering skal gjerast av studenten i Wiseflow. Les meir om innlevering av vurderingsskjema ved å klikke her. 

Vurderingsskjema

Varsel om fare for ikkje bestått

Ved fare for ikkje bestått praksis skal praksislærar fylle ut skjemaet "Varsel om fare for ikkje bestått praksis". Deretter vert du kalla inn til rettleiingssamtale der praksislærar går gjennom kva du må forbetre for å bestå praksis. 
Skjemaet "Varsel om fare for ikkje bestått praksis" (nynorsk)
Skjemaet "Varsel om fare for ikke bestått praksis" (bokmål)

Evaluering etter praksis

Etter praksis set vi pris på ei evaluering av korleis du har opplevd praksis. Du vil få informasjon om dette i Canvas.

Har du spørsmål? 

Ta kontakt med praksiskoordinator: Jørgen Stangeland Bach

Dette må alle kjenne til: