Praksis i barnehagelærarutdanninga

I løpet av alle tre studieåra skal du gjennomføre 100 dagar rettleia praksis.

Praksis og korona hausten 2021 (oppdatert 20. august)

Retningslinjer for praksis

Retningslinjene for praksis i barnehagelærarutdanninga er eit sentralt dokument, som alle må lese før praksisstart. Her finn du rammene for praksis, mellom anna informasjon om kva ansvar du har som student og praksislærar. Du må også gjere deg kjent med emneplanane for ditt aktuelle studieår og felles informasjon på denne nettsida. I tillegg er det viktig at du er kjent med studieprogramplanen.

Tildeling og fordeling av praksisplass

HVL skaffar praksisplassar

HVL har avtalar med faste praksisbarnehagar og praksisadministrasjonen fordeler praksisplassar til studentane.

Reisetid på inntil 1,5 time kvar veg frå bustad til praksisstad vert rekna som normalt. I nokre av praksisperiodane må studentar rekne med å bu på praksisstaden då avstanden er for stor til å pendle.

Praksiskoordinator publiserer praksislister i Canvas før kvar praksisperiode. Praksislistene viser kor studentane skal i praksis. 

Tilgang til praksisplassar er avhengig av kapasiteten barnehagane har meldt inn.

Fordeling av praksisplassar

Fordeling av praksisplassar skjer utfrå ei heilskapleg vurdering i klassen. Vi tek omsyn til:

  • studentar som har fått innvilga særleg tilrettelegging i praksis.
  • variasjon ved å sørge for at du får praksis ved ulike barnehagar og med ulike aldersgrupper.

Vi gjer merksam på at:

  • du kan ikkje ha praksis i ein barnehage der du er eller har vore tilsett, har eigne barn, nære familiemedlemmer eller kjente blant dei tilsette. Dersom dette gjeld deg, må du ta kontakt med praksisadministrasjonen.

Unnatak her er arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning som kan ha praksis på eigen arbeidsplass andre og fjerde året.

  • Det vert ikkje teke omsyn til om du har arbeid ved sidan av studiane.

Førebuing til praksis

  • Studenten skal delta på obligatoriske praksisførebuande møte.
  • Studenten skal ta kontakt med praksislærar før praksisperioden.
  • Student og praksislærar har felles ansvar for å planlegge praksisperioden.
  • Planlegginga skal ta utgangspunkt i gjeldande planar og læringsutbytte, og sikre studentens læring i praksisperioden.
  • Informasjon om korleis planane skal lagast blir gitt i samband med førebuande møte.
  • Eksempel på dokument til førebuing og rettleiing som kan brukast i praksisperioden:

Tidspunkt for praksis 2021-2022 med lenke til utdanningsplanar og studieplanar

Bergen heiltid

1. studieår:
Haust veke 44-47, vår veke 12-14, 16 og måndag veke 17.
Utdanningsplan - lenker til emneplanar
Studieplan kull 2021
Praksisførebuande møte (digitalt): mandag 18. oktober kl. 14.15-16.30.

2. studieår: 
Haust veke 37-39, vår veke 4-7.
Utdanningsplan - lenker til emneplanar
Studieplan kull 2020
Praksisførebuande møte (digitalt): onsdag 1. september kl. 11.30-14.00.

3. studieår 
Haust veke 42-43, vår veke 8 og 10-11: Aesthetic and Outdoor Education (AOE301) og Berekraftig utvikling gjennom barns medverknad (SDI301).
Praksisførebuande møte (digitalt): torsdag 30. september kl. 11.15-14.00.

Haust veke 40 og 42-43, vår veke 10-11: øvrige emne.
Utdanningsplan - lenker til emneplanar
Studieplan kull 2019
Praksisførebuande møte (digitalt): tirsdag 14. september kl. 13.15-16.30

Bergen, deltid

1. studieår: Haust veke 44-46, vår veke 13, 14, 16 og måndag veke 17
Utdanningsplan - lenker til emneplanar
Studieplan kull 2021
Praksisførebuande møte (digitalt): torsdag 21. oktober kl. 13.15-15.45.

2. studieår: Haust veke 37-39, vår veke 5-7
Utdanningsplan - lenker til emneplanar
Studieplan kull 2020
Praksisførebuande møte (digitalt): mandag 30. august kl. 13.15-15.45.

3. studieår: Haust veke 40 og 42-43, vår veke 10-12
Utdanningsplan - lenker til emneplanar
Studieplan kull 2019
Praksisførebuande møte (digitalt): torsdag 16. september kl. 13.15-15.45.

4. studieår: Haust veke 42-43, vår ingen praksis
Emneplan for praksis
Studieplan kull 2018
Ingen førebuande møte, informasjon kjem på e-post.
 
Datoar for førebuande møter kjem i juni.

Sogndal, heiltid

1. studieår: Haust veke 47-50, vår veke 1-3 og uke 13 (5 dagar i grunnskule)
Utdanningsplan - lenker til emneplanar
Studieplan kull 2021
Praksisseminar tysdag 9. november.

2. studieår: vår veke 4-10
Utdanningsplan - lenker til emneplanar
Studieplan kull 2020
Praksiseminar tysdag 11. januar.

3. studieår: Haust veke 42-45, vår 5 dagar i perioden veke 5-7.
Utdanningsplan - lenker til emneplanar
Studieplan kull 2019
Praksisseminar tysdag 5. oktober.

Sogndal, deltid

1. studieår: Vår veke 4-8 og veke 14 (5 dagar i grunnskule).
Utdanningsplan - lenker til emneplanar
Studieplan kull 2021
Praksisseminar torsdag 13. januar, nettbasert.

3. studieår: Haust veke 48-50, vår veke 11-13.
Utdanningsplan - lenker til emneplanar
Studieplan kull 2019
Praksisseminar torsdag 18. november og torsdag 3. februar. Begge praksisseminara er nettbaserte.

Stord, heiltid

1. studieår: haust veke 46-49, vår veke 6-8 og veke 18 (5 dagar i grunnskole).
Utdanningsplan - lenker til emneplanar
Studieplan kull 2021
Praksisførebuande møte (digitalt): tysdag 9. november kl. 8.30-10.00.

2. studieår: haust veke 38-40 og 42, vår veke 12-14.
Utdanningsplan - lenker til emneplanar
Studieplan kull 2020
Praksisførebuande møte (digitalt): fredag 10. september kl. 8.30-10.30.

3. studieår: haust veke 43-45, vår veke 10-11.
Utdanningsplan - lenker til emneplanar
Studieplan kull 2019
Praksisførebuande møte (digitalt): mandag 18. oktober kl. 9.00-11.00
 

Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning

A-BLU Gol:
2. studieår: haust 47-49, vår veke 9-11. 
 
A-BLU Haugesund:
1. studieår: haust veke 49-50, vår veke 2-4. Praksis i grunnskulen veke 17.
Praksisførebuande møte torsdag 25. november kl. 9.00-10.30.

3. studieår: haust veke 46-48, vår veke 12-14 .
Praksisførebuande møte tysdag 9. november kl. 8.30-10.30.

Vurdering av praksis

Praksislærar skal fylle ut skjema for aktuelt studieår og campus. Nedanfor finn du skjemaa som skal brukast ved dei ulike studieåra.

Innlevering av skjema for sluttvurdering skal gjerast av studenten i Wiseflow. Les meir om innlevering av vurderingsskjema ved å klikke her. 

Undervegsvurdering og sluttvurdering

Varsel om fare for ikkje bestått

Ved fare for ikkje bestått praksis skal praksislærar fylle ut skjemaet "Varsel om fare for ikkje bestått praksis". Deretter vert du kalla inn til rettleiingssamtale der praksislærar går gjennom kva du må forbetre for å bestå praksis. 

Skjemaet "Varsel om fare for ikkje bestått praksis" (nynorsk)
Skjemaet "Varsel om fare for ikke bestått praksis" (bokmål)

Evaluering etter praksis

Høgskulen utviklar nytt system for evaluering etter praksis. Dette vil bli brukt som eit forsøk i nokre klassar studieåret 2020-2021. Dei det gjeld vil få informasjon om dette i Canvas.

Praksis i utlandet

Det planleggast for at studentutveksling på barnehagelærarutdanninga kan gjennomførast innanfor Europa. Det vil bli lagt til rette for praksis ved enkelte av institusjonane dersom desse kan tilby dette. Studentar som ikkje får praksis på utveksling vil få praksis i Noreg, enten i forkant av eller etter endt utveksling. Følg med på denne sida for oppdatert informasjon om utveksling. 

Informasjon til praksisfeltet

Er du praksislærar i barnehagelærarutdanninga? På sida til praksisfeltet finn du refusjonsskjema, reiserekningsskjema, den sentrale avtalen for praksislærarar og andre dokument knytt til praksis.

Har du spørsmål? 

Ta kontakt med praksiskoordinator:

Dette må alle kjenne til: