Praksis i faglærar kroppsøving og idrettsfag
I løpet av alle tre studieåra skal du gjennomføre 70 dagar rettleia og vurdert praksis.
Før praksisstart
Tildeling av praksisplass
- Til skulepraksis vil du bli tildelt praksisplass av Høgskulen på Vestlandet.
- I spesialpedagogisk praksis må du rekne med å bu vekke i praksisperioden.
- I frivillig idrettsliv vil du få moglegheit til å kome med ønske om praksisplass. Om du får ønsket oppfylt vil vere avhengig av tilgjengelege praksisplassar på studiet
Før praksisstart må du lese dette
- Retningslinjer for praksis
- Emneplanen for ditt studieår:
Emneplan for praksis 3. studieår, KRO-3 - Informasjonen på denne nettsida
Du må også vere kjend med studieplanen for ditt kull.
Du vil få informasjon i forkant av kvar praksisperiode om korleis den skal planleggast.
Tidspunkt for praksis og møte
Praksisperiodar og møte studieåret 2023-2024
3.studieår:
Hausten 2023:
Praksis i frivilleg arbeidsliv i veke 39 og 40.
Informasjonsmøte om praksis arrangert vår 2023.
Våren 2024:
Spesialpedagogisk praksis på Beitostølen i veke 3.
Vurdering av praksis
Om vurdering og innlevering av vurderingsskjema
Praksisrettleiar skal fylle ut skjema for sluttvurdering og eventuelt varsel om fare for ikkje bestått praksis. Nedanfor finn du skjemaet som skal brukast ved dei ulike studieåra.
Innlevering av skjema for sluttvurdering skal gjerast av studenten i Wiseflow. Les meir om rutinar for praksisvurdering og innlevering av vurderingsskjema ved å klikke her.
Vurderingsskjema
Varsel om fare for ikkje bestått
Ved fare for ikkje bestått praksis skal praksislærar fylle ut skjemaet "Varsel om fare for ikkje bestått praksis". Dette skal skje så tidleg som mogleg og seinast halvvegs i praksisperioden. Deretter vert du kalla inn til rettleiingssamtale der praksislærar går gjennom kva du må forbetre for å bestå praksis.
Skjemaet "Varsel om fare for ikkje bestått praksis" (nynorsk)
Skjemaet "Varsel om fare for ikke bestått praksis" (bokmål)
- Dersom praksislærar er i tvil om ein student vil få vurderinga «bestått» i praksisperioden, må praksislærar kontakte fagleg kontaktperson for praksis og praksiskoordinator ved HVL i tillegg til eigen leiar.
- Praksislærar og fagleg kontaktperson ved HVL held vidare kontakt etter behov gjennom praksisperioden.
- Praksislærar fyller ut skjema «Varsel om fare for ikkje bestått praksis».
- Studenten skal få tilbod om samtale med praksisstaden og høgskulen der studenten får svar på spørsmål knytt til varselet og konsekvensar om studenten ikkje består praksis. Praksislærar gjennomfører ein rettleiingssamtale med studenten for å gå gjennom varselet. Ut frå mål og læringsutbytte for perioden skal praksislærar forklare kvifor studenten står i fare for å få vurderinga «ikkje bestått» praksis . Fagleg kontaktperson og/eller praksiskoordinator ved HVL kan delta i samtalar med praksislærar og student ved behov.
- Praksislærar sender skjemaet «Varsel om fare for ikkje bestått» og eventuelt undervegsvurdering til HVL.
- Praksiskoordinator ved HVL arkiverer varsel, eventuelt undervegsvurdering og referat frå samtalen mellom student, praksisstad og HVL.
- Praksislærar gjennomfører jamlege rettleiingssamtalar med studenten der studenten får tilbakemelding på eiga utvikling etter motteke varsel. Praksislærar skriv referat frå samtalane.

Ikkje bestått praksis
- Dersom praksisperioden vert vurdert til «ikkje bestått» melder praksislærar frå til eigen leiar, fagleg kontaktperson og praksiskoordinator ved HVL.
- Siste dag i praksis gjennomfører praksislærar sluttsamtale med studenten der dei går gjennom sluttvurderinga. Studenten vert også informert om å ta kontakt med praksiskoordinator for vidare oppfølging.
- Studenten lastar opp vurderinga i Wiseflow. I tillegg sender praksislærar vurderinga til HVL etter avtale med praksiskoordinator.
- Praksiskoordinator sender brev til studenten med informasjon om konsekvensar av at praksisperioden er vurdert til ikkje bestått.
- Praksiskoordinator legg skjema for sluttvurdering inn i det digitale arkivet til HVL.
Evaluering etter praksis
Etter praksis skal du svare på ein evaluering av korleis du har opplevd praksis. Du vil få informasjon om dette i Canvas.
Har du spørsmål?
Ta kontakt med praksisadministrasjonen ved FLKI via kontaktskjema
Dette må alle kjenne til:
- PolitiattestPå ein del studium er det krav til at du må legge fram politiattest.
- Vaksinasjon og medisinsk testPå nokre studium er det krav til vaksinar og medisinsk testing før du går ut i praksis.
- TeiepliktFør du startar i praksis må du skrive under på ei teieplikterklæring.
- Tilrettelegging av praksisHar du behov for tilrettelegging eller praksis på ein bestemt stad?
- SkikkavurderingSkikkavurderinga skal sikre at du er skikka til yrket du utdannar deg til.
- Krav til oppmøteDu må møte til obligatorisk praksis for at studiet ditt skal bli godkjent.
- Bu- og reiseutgifterDu kan få dekka bu- og reiseutgifter knytt til praksis. Slik går du fram.
- Kvalitet i praksisSjå korleis du kan medverke til god kvalitet i praksis.
- Personvern i praksisDet er viktig at du har ein datahandteringsplan og ivaretar personvern.
- Skade under praksisDu har same rettar som de tilsette ved praksisplassen din.
- Klagerett praksisHer kan du lese om klagerett knytt til praksis.
- WiseflowInnlevering av praksisvurdering i Wiseflow