Praksis i grunnskulelærarutdanninga

I løpet av alle fem studieåra skal du gjennomføre 110 dagar rettleia praksis og fem dagar observasjonspraksis.

Praksis og korona hausten 2021 (oppdatert 20. august)

Før du skal ha praksis må du lese

Du bør også vere kjend med innhaldet i studieprogramplanen for di utdanning (Studieprogramplan GLU 1-7 eller Studieprogramplan GLU5-10)

Tildeling og fordeling av praksisplassar

HVL skaffar praksisplassar

  • HVL har avtalar med faste praksisskular og praksisadministrasjonen fordeler praksisplassar til studentane. 
  • Reisetid på inntil 1,5 time kvar veg frå bustad til praksisstad vert rekna som normalt. I nokre av praksisperiodane må studentar rekne med å bu på praksisstaden då avstanden er for stor til å pendle. 
  • Praksiskoordinator publiserer oversikt over praksisgrupper fordelt på praksisskular i Canvas før kvar praksisperiode. 
  • Tilgang til praksisplassar er avhengig av kapasiteten skulane har meldt inn.

Slik blir praksisplassane fordelt

Fordeling av praksisplassar skjer utfrå ei heilskapleg vurdering i klassen. Vi tek omsyn til:

  • studentar som har fått innvilga særleg tilrettelegging i praksis.

  • variasjon ved å sørge for at du får praksis på ulike skular på ulike trinn.

  • kva fag du har i utdanninga di og kva fag praksislærar underviser i.

Vi gjer merksam på at:

  • du kan ikkje ha praksis på ein skule der du er eller har vore tilsett, har eigne barnnære familiemedlemmer eller kjente blant dei tilsette. Dersom dette gjeld deg, må du ta kontakt med praksisadministrasjonen. 

  • Det vert ikkje teke omsyn til om du har arbeid ved sidan av studiane.

Førebuing til praksis

Her finn du ei liste med moment som er viktige i forkant av praksis. Noko vil vere klare arbeidskrav eller forventningar, og andre er praktiske råd.

Oppretting av kontakt med praksislærar

  • Om hausten vil det vere eit praksisførebuande møte enten på praksisskulen eller på campus.
  • Før praksis på våren vil det vere eit digitalt evalueringsmøte med praksislærar og praksisgruppa der ein evaluerer praksis som har vore og førebur ny. Det er praksislærar som kallar inn til dette.
  • Sjå informasjon som er lagt i Canvas.

Dette bør du tenkje gjennom før praksisstart

Før praksisstart bør du tenke gjennom spørsmåla i lista under og diskutere dei i fellesskap i praksisgruppa: 

  • Har eg sett meg grundig nok inn i retningslinjer og emneplan?
  • Korleis ser eg meg sjølv i rolla som lærar?
  • Korleis ser eg på ansvaret mitt som teamdeltakar og medkollega?
  • Korleis forheld eg meg til balansen mellom å vere student og kollega/medarbeider på ein skule?
  • Kva mål har eg sett meg for praksis?
  • Korleis skal eg følgje opp eigne mål?
  • Korleis skal eg ta ansvar for eiga læring i praksis?
  • Korleis kan eg best gjere nytte av rettleiinga?
  • Korleis gir og tek eg tilbakemelding?
  • På kva måte vil eg ta opp kritiske problemstillingar?
  • På kva måte skal eg møte positiv og negativ tilbakemelding?
  • Korleis vil eg møte eventuelle samarbeidsproblem i praksisgruppa?
  • Korleis kan eg bidra til å lage eit godt samarbeidsklima i praksisgruppa?

Eigne læringsmål før du skal i praksis

Du skal levere eit refleksjonsnotat over eigne læringsmål før første praksisperiode kvart år. Notatet skal gi praksislærar mogelegheit for å bli kjent med deg. Dette vil saman med dei generelle vurderingskriteriane og observasjonane til praksislærar vere med å danne grunnlag for rettleiinga.

Refleksjonsnotatet skal seie noko om

  • eigne læringsmål basert på læringsutbytteformuleringane i emneplanen
  • forventingar til praksis generelt
  • forventningar til medstudentar, praksislærar og praksisskule
  • dine sterke og svake sider, både fagleg og menneskeleg
  • kva du vil legge vekt på i eigen utvikling som framtidig lærar, og konkrete mål og strategiar for å nå desse

Sjølvevaluering til både undervegssamtalen og sluttsamtalen

Du skal gi ei skriftleg sjølvevaluering av eigne mål til undervegssamtalen og til sluttsamtalen av praksisperioden. Dette skal leverast til praksislærar før siste rettleiingstime.

Sjølvevalueringa skal seie noko om:

  • Korleis gjekk det med måla eg sette meg?
  • Kvifor gjekk det som det gjorde?
  • Kva ynskjer eg å arbeide vidare med?

Førebu undervisningsopplegg til praksisperioden

Saman med medstudentane og praksislærar skal du lage ein grovplan for heile praksisperioden. I tillegg skal du lage undervisningsplan for kvar time, enten saman med medstudentar eller åleine –alt etter kva som er avtalt med praksislærar. Forslag til planleggingsskjema finn du i denne lenka.

Praksislærar skal motta dette dokumentet i god tid før undervisninga slik at du kan få rettleiing før undervisningsøkta. Den skriftlege planen skal vere så klar og detaljert at andre skal kunne gjennomføre undervisninga ut frå den. I kor stor grad praksislærar skal vere delaktig i arbeidet med å planlegge undervisingsøkter avhengig av kor langt du har kome i studiet.

Praksislærar er rettleiar i prosessen. Praksislærar skal òg legge til rette for at du kan få gjort arbeidet på ein tilfredsstillande måte. Dette kan vere ved å gje deg tilgang til kompetansemål, digitale læringsverktøy, timeplanar, oversikt over behov for tilpassa opplæring og andre forhold som pregar klassemiljøet.

Tips til korleis vere ein god praksisstudent

  • Møt presis på praksisskulen, til alle timar også til dei du ikkje har ansvar for sjølv.
  • Føl opp arbeid og avtalar du har teke på deg. Det er viktig at alle på praksisskulen kan sjå på deg som ein påliteleg kollega.
  • Ver bevisst på rolla di, elevane ser ikkje på deg som student, men som ein vaksen.
  • Rett deg etter reglementet på skulen, set deg også inn i dei uskrivne normene og reglane.
  • Skriv gjerne logg, den kan brukast som grunnlag for rettleiing.
  • Ver aktiv i rettleiingsøktene, også når medstudentar får rettleiing.
  • Søk opp nødvendig informasjon sjølv.

Utskriftsvennleg versjon av førebuing til praksis og planlegging av undervisning.

Tidspunkt for praksisperiodar og møte, studieåret 2021-2022

Bergen

1. studieår:

  • Praksis i veke 45-47 hausten 2021 og veke 6-8 våren 2022.
  • Digitalt informasjonsmøte for studentane torsdag 21. oktober klokka 15.00-17.00.
  • Praksisførebuande dag for studentane på praksisskulen torsdag 28. oktober med praksisførebuande møte kloka 14.15-15.45. 
  • Digitalt evaluering- og planleggingsmøte torsdag 27. januar. klokka 14.15-15.45.
  • Fagdag torsdag 17. februar. 

2. studieår:

  • Praksis i veke 38-40 hausten 2021 og veke 10-12 våren 2022. 
  • Praksisførebuande dag for studentane på praksisskulen torsdag 9. september med praksisførebuande møte klokka 14.15-15.45
  • Digitalt evaluering- og planleggingsmøte torsdag 17. februar klokka 14.15-15.45.
  • Fagdag torsdag 17. mars.

3. studieår:

  • Praksis i veke 42-44 hausten 2021 og veke 13-14 våren 2022.
  • Praksisførebuande dag for studentane på praksisskulen torsdag 7. oktober med praksisførebuande møte klokka 14.15-15.45. 
  • Digitalt evaluering- og planleggingsmøte torsdag 17. mars klokka 14.15-15.45. 
  • Fagdag torsdag 31.mars.

4. studieår:

  • Praksisfritt semester hausten 2021. Praksis i veke 10-12 våren 2022.
  • Praksisførebuande dag for studentane på praksisskulen torsdag 24. februar med praksisførebuande møte klokka 14.15-15.45.
  • Fagdag torsdag 17.mars.

5. studieår:

  • Praksis i veke 39-40 hausten 2021. Praksisfritt semester våren 2022. 
  • Praksisførebuande dag for studentane på praksisskulen torsdag. 16. september med praksisførebuande møte klokka 14.15-15.45. 

 

Andre møter:

Rektormøte: 10. august (digitalt møte)

Kurs for nye praksislærarar:

  • Kuset arrangerast på campus og du kan velje mellom to ulike datoar:
    • 30. august
    • 31. august

 

Sogndal

1. studieår:

Hausten 2021:

  • Informasjonsmøte for studentar tirsdag 28. september kl. 08:15-10.00
  • Praksisførebuande dag for studentane på praksisskulen fredag 8. oktober med digitalt praksisførebuande møte med HVL klokka 14.15-15.45
  • Praksis i veke 42-44

Våren 2022:

  • Digitalt evaluerings- og planleggingsmøte torsdag 17. februar klokka 14.15-15.45  
  • Praksis i veke 10 - 12
  • Fagdag for praksislærarar torsdag 17. mars

2. studieår:

Hausten 2021:

  • Praksisførebuande dag for studentane på praksisskulen fredag 8. oktober med digitalt praksisførebuande møte med HVL klokka 14.15-15.45
  • Praksis i veke 42 - 44

Våren 2022:

  • Digitalt evaluerings- og planleggingsmøte torsdag 17. februar kl. 14.15-15.45  
  • Praksis i veke 10 - 12
  • Fagdag for praksislærarar torsdag 17. mars

3. studieår:

Hald deg oppdatert i Canvas for meir informasjon om skuleovertakinga og eigen møteplan.

Hausten 2021:

  • Praksis i veke 42-43, og måndag-onsdag veke 44 med ordinær grunnskulepraksis (to dagar vert flytta til vårsemesteret)

Våren 2022:

  • Veke 9 onsdag-fredag, fullføring av ordinær grunnskulepraksis
  • Veke 10-11 skuleovertaking. Siste dag i praksis er torsdag 17. mars. Fredag 18. mars er det elevfri dag i Sogndal kommue.

4. studieår:

Ingen praksis i haustsemester

Våren 2022: 

  • Praksisførebuande dag for studentane på praksisskulen torsdag 17. februar med digitalt praksisførebuande møte med HVL klokka 14.15-15.45
  • Praksis i veke 10-12
  • Fagdag for praksislærarar torsdag 17. mars

5. studieår

Ingen praksis i vårsemesteret

Hausten 2021:

  • Praksisførebuande dag for studentane på praksisskulen torsdag 16. september med digitalt praksisførebuande møte med HVL klokka 14.15-15.45
  • Praksis i veke 39-40

Andre møter:

Rektormøte: 10. august

Kurs for nye praksislærarar:
Fire timar fordelt på to dagar på Zoom:

  • 15. september kl 13.00-15.00
  • 29. september kl. 13.00-15.00

Påmelding til marh@hvl.no innan 8. september.

Stord

1. studieår

Hausten 2021:

  • Praksisførebuande dag for studentane på praksisskulen tysdag 28. september med digitalt praksisførebuande møte med HVL klokka 14.15-15.45
  • Praksis i veke 42-44

Våren 2022:

  • Digitalt evaluerings- og planleggingsmøte torsdag 17. februar klokka 14.15-15.45
  • Praksis i veke 10-12
  • Fagdag for praksislærarar torsdag 17. mars

2. studieår:

Hausten 2021:

  • Praksisførebuande dag for studentane på praksisskulen torsdag 7.oktober med digitalt praksisførebuande møte med HVL klokka 14.15-15.45
  • Praksis i veke 42-44

Våren 2022:

  • Digitalt evaluerings- og planleggingsmøte torsdag 17. februar kl. 14.15-15.45
  • Praksis i veke 10 - 12
  • Fagdag for praksislærarar torsdag 17. mars

3. studieår

Hausten 2021:

  • Praksisførebuande dag for studentane på praksisskulen torsdag 7.oktober med digitalt praksisførebuande møte med HVL klokka 14.15-15.45
  • Praksis i veke 42-44

Våren 2022:

  • Digitalt evaluerings- og planleggingsmøte torsdag 17. februar kl. 14.15-15.45
  • Praksis i veke 10 - 11
  • Fagdag for praksislærarar torsdag 17. mars

4. studieår

Praksisfritt semester hausten 2021.

Våren 2022:

  • Praksisførebuande dag for studentane på praksisskulen torsdag 17. februar med digitalt praksisførebuande møte med HVL klokka 14.15-15.45
  • Praksis i veke 10 - 12
  • Fagdag for praksislærarar torsdag 17. mars

5. studieår

Hausten 2021:

  • Praksisførebuande dag for studentane på praksisskulen torsdag 16. september med digitalt praksisførebuande møte med HVL klokka 14.15-15.45
  • Praksis i veke 39-40

Praksisfritt semester våren 2022. 

Vurdering av praksis

Praksislærar skal fylle ut skjema for undervegsvurdering, sluttvurdering og eventuelt varsel om fare for ikkje bestått praksis. Nedanfor finn du skjemaa som skal brukast ved dei ulike studieåra.

Innlevering av skjema for sluttvurdering skal gjerast av studenten i Wiseflow. Les meir om innlevering av vurderingsskjema ved å klikke her. 

Vurderingsskjema

Kva skjer dersom det er fare for ikkje bestått praksis?

Ved fare for ikkje bestått praksis skal praksislærar fylle ut skjemaet "Varsel om fare for ikkje bestått praksis". Dette skal skje så tidleg som mogleg og seinast halvvegs i praksisperioden. 

  • Dersom praksislærar/-rettleiar er i tvil om ein student vil få vurderinga «bestått» i praksisperioden, må praksislærar/-rettleiar kontakte fagleg kontaktperson for praksis og praksiskoordinator ved HVL i tillegg til eigen leiar.
  • Praksislærar/-rettleiar og fagleg kontaktperson ved HVL held vidare kontakt etter behov gjennom praksisperioden.
  • Praksislærar/-rettleiar fyller ut skjema «Varsel om fare for ikkje bestått praksis».
  • Praksislærar/-rettleiar gjennomfører ein rettleiingssamtale med studenten for å gå gjennom varselet. Ut frå mål og læringsutbytte for perioden skal praksislærar/-rettleiar  forklare kvifor studenten står i fare for å få vurderinga «ikkje bestått» praksis . Fagleg kontaktperson og/eller praksiskoordinator ved HVL kan delta i samtalar med praksislærar/-rettleiar  og student ved behov.
  • Praksislærar/-rettleiar sender skjemaet «Varsel om fare for ikkje bestått» og eventuelt undervegsvurdering til HVL.
  • Praksiskoordinator ved HVL arkiverer varsel og eventuelt undervegsvurdering.
  • Praksislærar/-rettleiar gjennomfører jamlege rettleiingssamtalar med studenten der studenten får tilbakemelding på eiga utvikling etter motteke varsel. Praksislærar/-rettleiar skriv referat frå samtalane.

Kva skjer dersom praksis vert vurdert som ikkje bestått?

  • Dersom praksisperioden vert vurdert til «ikkje bestått» melder praksislærar frå til eigen leiar, fagleg kontaktperson og praksiskoordinator ved HVL.
  • Siste dag i praksis gjennomfører praksislærar/-rettleiar sluttsamtale med studenten der dei går gjennom sluttvurderinga. Studenten vert også informert om å ta kontakt med praksiskoordinator for vidare oppfølging.
  • Studenten lastar opp vurderinga i Wiseflow. I tillegg sender praksislærar/-rettleiar vurderinga til HVL etter avtale med praksiskoordinator.
  • Praksiskoordinator sender brev til studenten med informasjon om konsekvensar av at praksisperioden er vurdert til ikkje bestått.
  • Praksiskoordinator legg skjema for sluttvurdering inn i det digitale arkivet til HVL.

Evaluering etter praksis

For å kunne vidareutvikle kvalitet i praksis ønsker vi at du gir ei tilbakemelding på korleis du har opplevd praksis. Du vil få meir informasjon om dette i Canvas.

Praksis i utlandet

Studentutveksling på grunnskulelærarutdanninga kan gjennomførast i Europa. Det vil bli lagt til rette for praksis ved enkelte av institusjonane dersom desse kan tilby dette. Studentar som ikkje får praksis på utveksling vil få praksis i Noreg, enten i forkant av eller etter endt utveksling. Følg med på denne sida for oppdatert informasjon om utveksling. 

Emneplanar for GLU 1.-7. trinn, studieåret 2021-2022

Emneplanar for GLU 5.-10. trinn, studieåret 2021-2022

Informasjon til praksisfeltet

Er du praksislærar i grunnskulelærarutdanning? På sida til praksisfeltet finn du ytterlegare info.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med praksiskoordinator:

Marie Gasmann Hermansen i Sogndal
Per Ryland for GLU 1-7 i Bergen
Jorunn Anette Henriksen for GLU 5-10 i Bergen
Øyvind Langballe Storebø på Stord

Dette bør alle kjenne til: