Praksis og korona

Her finn du informasjon knytt til koronasituasjonen når du skal i praksis innan lærarutdanning, kultur og idrett hausten 2021.

Oppdatert 30. september 2021

  • Regjeringa har bestemt at Noreg går over til ein normal kvardag med auka beredskap laurdag 25. september klokka 16.00. Regjeringa sine nettsider har oppdatert informasjon om tiltak og råd til befolkninga.
  • Høgskulen på Vestlandet planlegg saman med praksisstadane å gjennomføre praksis hausten 2021 som normalt.
  • Studentar som er i praksis vert sett på som tilsette og skal følge rettleiar for smittevern på linje med tilsette. Ta kontakt med praksisstaden din i god tid (seinast 10 dagar) før praksis slik at du kan få eventuelle retningslinjer som gjeld for din praksisstad.
  • Hald deg oppdatert i Canvas og på praksisnettsida for di utdanning for spesifikk informasjon om din praksis og eventuelle endringar.
Ekstra førebuingstiltak før praksis hausten 2021

Les Utdanningsdirektoratet sin rettleiar for smittevern med m.a. informasjon om trafikklysmodellen

Gjennomfør digitalt smittevernkurs seinast fem dagar før praksisstart

Kurset er i samarbeid med Bergen kommune gjort tilgjengeleg via KS sin læringsplattform.

Du loggar deg inn via ID-porten og gjennomfører kurset på ca. 1 time med påfølgjande test. Første gong du går inn på sida, må du opprette ein brukar der du fyller ut alle obligatoriske felt. I profilen din vel du Bergen i feltet «Organisasjon». I feltet «Mine stillingar» vel du Bergen kommune/Eksterne/Studentar – eksterne deltakarar. På stillingsnamn skriv du Student. Sjå rettleiing for åopprette ny brukar på KS Læring  

Ved påloggingsproblem skal du ta kontakt med KS Læring sin brukarstøtte på e-post kslaring@ks.no 

Når testen er bestått, får du kursbevis som du lagrar og sender som vedlegg i e-post til praksislærar.

Har du spørsmål? Ta kontakt med din praksiskoordinator.

Les dette før du går ut i praksis

Bakgrunn for gjennomføring av rammeplanfesta praksis

I likskap med alle utdanningsinstitusjonane i Noreg er vår oppgåve som høgskule å legge til rette for at du som student skal kunne gjennomføre utdanninga di. I lærarutdanningane ligg det føringar for kor mange dagar rettleia og vurdert praksis som skal gjennomførast. Dette er vedtatt i dei nasjonale rammeplanane og avgjerande for at du kvalifiserer til å kunne jobbe som lærar etter at utdanninga er ferdig. Målet vårt er at du skal få gjennomført praksis til oppsett tid i utdanningsplanen slik at du ikkje vert forseinka i studiet. 

 

 

Lokale og nasjonale smittevernreglar

24. september 2021: Sjølv om Regjeringa har bestemt at Noreg går over til ein normal kvardag, så gjeld framleis trafikklysmodellen for skular og barnehagar. Den er ei rettesnor dersom det skulle verte naudsynt med lokale tiltak.  

Praksisstadane er oppmoda om å involvere studentane i alternative aktivitetar som til dømes digital undervisning dersom elevar/klassar må i karantene. 

Sjå også informasjon på regjeringa si nettside spørsmål og svar om koronavirus og studentar  

Kva skal eg gjere dersom eg får feber, hoste eller sår hals?

Dersom du har nyoppståtte luftvegssymptom som feber, hoste, sår hals eller nedsatt allmenntilstand bør du halde deg hjemme. Folkehelseinstituttet skriv at ungdom og vaksne bør ha ein negativ covid-19-test før dei vender tilbake til skule eller arbeid.

Les meir på Folkehelseinstituttet si heimeside

Informasjon om fråvær og studentar i risikogruppe

Studentar i risikogruppe

Dersom du ikkje kan møte i ordinær praksis fordi du tilhøyrer ei risikogruppeog har dokumentasjon på dette, kan du søke om  tilrettelegging av praksis . Ta kontakt med din praksiskoordinator snarast for å avklare kva tilrettelegging som er mogeleg.Stort fråvær og utsetting av mange praksisdagar kan medføre forseinka studieløp.  

Koronarelatert og anna fråvær i praksis

Frå hausten 2021 gjeld vanlege reglar om krav til oppmøte i praksis. Det betyr at alle praksisdagar i utgangspunktet må gjennomførast. Ved koronarelatert fråvær, kan alternative praksisaktivitetar vere aktuelt. 

  • Ved fråvær må du snarast melde frå til praksislærar/rettleiar slik det er avtalt at du skal gi beskjed om fråvær. Du må også sende e-post til praksiskoordinator for ditt studium og profesjonsrettleiar/fagansvarleg for praksisoppfølging. 
  • Ved koronarelatert fråvær vil praksislærar/-rettleiar samarbeide med deg om moglegheit for å legge til rette for praksisnære alternative aktivitetar som kan gjennomførast digitalt og/eller utan at du er fysisk til stades i praksis. Som student må du oppnå læringsutbytte for praksis (sjå emneplanen). 

  • Ved anna fråvær og når koronarelatert fråvær ikkje kan erstattast med alternativt opplegg, må fråværsdagane takast igjen så snart som mogeleg. Du avtalar med praksislæraren din når fråværet skal takast igjen. 

 

Sjå også informasjon om koronatiltak ved Høgskulen på Vestlandet.