Praksis i praktisk-pedagogisk utdanning

I løpet av PPU-utdanninga skal du gjennomføre praksis som utgjer 60 dagar. Heiltidsstudiet går over eit år, medan deltidsstudiet er toårig. Denne nettsida inneheld retningslinjene for praksis som studentar, praksisfelt og tilsette ved HVL skal kjenne til.

Er du skuleleiar/praksislærar i grunnskulen? 

På sida til praksisfeltet finn du ytterlegare info.

Tildeling av praksisplass

PPU deltid Sogndal, Stord, Bergen

HVL inngår formell avtale om praksis med den enkelte praksisstad. Dersom du har fått innvilga tilrettelegging vil HVL ha dialog med deg i samband med tildeling av praksisplass.  

Som student skal du ha praksis på ulike skular gjennom studieløpet for å sikre variert praksis. Les meir om dette under «omfang og organisering». HVL har som mål at du som student på deltid skal få gjennomføre praksis i dagpendlaravstand til/frå heimstaden din dersom dette let seg gjennomføre (inntil 1,5 timar reisetid kvar veg).

Du kan ikkje ha nær relasjon til nokon i leiinga ved skulen, praksislærar eller gjennomføre praksis i ein klasse der du har eigne barn.

Praksisadministrasjonen gjennomfører ei spørjeundersøking om praksis ved semesterstart der du som student må svare innan gitt frist. Tilgangen til praksisplassar er avhengig av kapasiteten skulane har, samt tilgangen på kvalifiserte praksislærarar. Du er difor ikkje garantert praksisplass der du ønskjer, og det kan ta tid før praksisplass er i orden for enkelte.

HVL skaffar praksisplassar

HVL skaffar praksisplassar i følgjande kommunar og områder: Bergen, Sotra, Askøy, Os, Osterøy, Sunnfjord, Nordfjord og Indre Sogn. Studentar skal ikkje ta kontakt med skular i desse områda.

Studentane skaffar praksisplass sjølv

Utanfor områda ovanfor finn studentane praksisplass sjølv. Studenten brukar då eit førespurnadsbrev frå HVL som ligg i Canvas. Brevet skal sendast til leiinga ved aktuell praksisskule. Rektor/leiing fyller ut brevet og sender til student som videreformidler informasjonen til HVL. Praksiskoordinator skal godkjenne praksisplass før praksis kan starte. Dette gjeld også ved praksis på eigen arbeidsstad.

Dersom du som student møter på utfordringar i arbeidet med å skaffe praksisplass, vil praksiskoordinator vere behjelpeleg.

For studentar som jobbar i skulen (grunnskule eller vidaregåande)

Du kan gjennomføre ein praksisperiode på eigen arbeidsplass, jfr. Rammeplan for PPU.

Om du ønsker praksis på eigen arbeidsplass, må du kontakte praksiskoordinator snarast for å avklare om dette let seg gjere. Ved godkjenning brukar studenten førespurnadsbrevet frå HVL som ligg i Canvas. Brevet skal sendast til leiinga ved aktuell praksisskule. Rektor/leiing fyller ut brevet og sender til student som videreformidler informasjonen til HVL. Praksiskoordinator skal godkjenne praksisplass før praksis kan starte.

Praksis på eigen arbeidsplass skal vere rettleia og vurdert på lik linje med anna praksis.

PPU heiltid Sogndal

HVL inngår avtalar med praksisskular

HVL inngår avtalar med praksisskular og praksisadministrasjonen fordeler plassar til studentane. HVL har avtalar/samarbeid med praksisskular i det som tidlegare var Sogn og Fjordane fylke, samt nokre skular i Hallingdal. Tilgang til praksisplassar er avhengig av kapasiteten skulane har meldt inn, samt tilgangen på kvalifiserte praksislærarar.

Studentar må rekne med å bu vekke frå Sogndal i begge praksisperiodane.

Slik vert praksisplassane fordelt

Fordeling av praksisplassar skjer utifrå ei heilskapleg vurdering av studentkullet der vi tek omsyn til følgande:

Vi gjer merksam på at

Du kan ikkje ha praksis på ein skule der du er tilsett. Du kan ikkje ha nær relasjon til praksislærar eller gjennomføre praksis i ein klasse der du har eigne barn. Dersom du får tildelt ein skule/klasse der dette er tilfelle, ta kontakt med praksisadministrasjonen. 

Det vert ikkje teke omsyn til om du har arbeid ved sidan av studiet. I praksisperioden skal du gjennomføre fulle arbeidsdagar på praksisstaden.

Seks veker haustpraksis vert gjennomført i grunnskulen, og seks veker vårpraksis vert gjennomført i vidaregåande skule.

Praksislister

Praksiskoordinator publiserer praksislister i Canvas før kvar praksisperiode.

Førebuing til praksis

Dette må du gjere før praksis - rammer for praksis

Gjennom teori- og praksisopplæring skal studentane bli kjent med dei utfordringane og krav som vert stilt til ein lærar.

Før praksis skal du som student:

Nedanfor finn du nasjonale og lokale føringar for praksis: 

Tidspunkt for praksisperiodar og møte 2024-2025

PPU for allmenne fag, heltid campus Sogndal

Hausten 2024:

30 dagar praksis grunnskule veke 42-47.

Digitalt praksisførebuande møte veke 39 - måndag 23. september.

Våren 2025:

30 dagar praksis vidaregåande skule veke 5-11 (vinterferie veke 8).

Digitalt praksisførebuande møte veke 3 – torsdag 16. januar.

PPU for allmenne fag, deltid campus Sogndal og Stord

Detaljert plan for oppmøte i praksis vert utarbeid i samarbeid mellom student og praksislærar.

1. studieår:

30 dagar praksis ved same vidaregåande skule:

  • Digitalt praksisførebuande møte veke 43 -torsdag 24. oktober, kl. 15:00-16:30.
  • Hausten 2024: min 10 dagar mest mogleg samanhengande frå veke 44.
  • Våren 2025: min 10 dagar mest mogleg samanhengande innan veke 19. 

2. studieår:

30 dagar praksis ved same grunnskule:

  • Digitalt praksisførebuande møte veke 42 – torsdag 17. oktober kl. 15:00-16:30
  • Hausten 2024: min 10 dagar mest mogleg samanhengande frå veke 44.
  • Våren 2025: min 10 dagar mest mogleg samanhengande innan veke 19.

PPU-Y for yrkesfag, deltid campus Sogndal, Stord og Bergen

Detaljert plan for oppmøte i praksis vert utarbeid i samarbeid mellom student og praksislærar.

1. studieår:

30 dagar praksis ved same vidaregåande skule:

  • Digitalt praksisførebuande møte veke 43 – tysdag 22. oktober klokka 15:00-16:30.
  • Hausten 2024: min 10 dagar mest mogleg samanhengande frå veke 44.
  • Våren 2025: min 10 dagar mest mogleg samanhengande innan veke 19. 

2. studieår:

10 dagar ungdomsskulepraksis hausten 2024:

  • Digitalt praksisførebuande møte veke 45 – tysdag 5. november klokka 14:30-16:00.
  • Praksis veke 46-47.

20 dagar praksis ved éin vidaregåande skule:

  • Digitalt praksisførebuande møte veke 48 - tysdag 26. november 15:00-16:30.
  • 20 dagar mest mogleg samanhengande mellom veke 46 og veke 19.

Tidspunkt for praksisperiodar og møte 2023-2024

PPU for allmenne fag, heiltid campus Sogndal

Hausten 2023

30 dagar praksis grunnskule veke 42-47

Digitalt praksisførebuande møte onsdag 27. september

Våren 2024

30 dagar praksis vidaregåande skule veke 5-11 (vinterferie veke 8)

Digitalt praksisførebuande møte veke 3 – tysdag 16. januar

PPU for allmenne fag, deltid campus Sogndal og Stord

Detaljert plan for oppmøte i praksis vert utarbeid i samarbeid mellom student og praksislærar.

1. studieår:

30 dagar praksis ved same vidaregåande skule

  • Digitalt praksisførebuande møte veke 43 – tysdag 24. oktober kl. 15:00-16:30
  • Hausten 2023: 15 dagar mest mogleg samanhengande frå veke 44
  • Våren 2024: 15 dagar mest mogleg samanhengande innan veke 16 

2. studieår:

30 dagar praksis ved same grunnskule

  • Digitalt praksisførebuande møte veke 42 – torsdag 19. oktober kl. 15:00-16:30
  • Hausten 2023: 15 dagar mest mogleg samanhengande frå veke 44
  • Våren 2024: 15 dagar mest mogleg samanhengande innan veke 16

PPU for yrkesfag, deltid campus Stord, Bergen og Sogndal

Detaljert plan for oppmøte i praksis vert utarbeid i samarbeid mellom student og praksislærar.

1. studieår:

30 dagar praksis ved same vidaregåande skule.

  • Digitalt praksisførebuande møte veke 43 – torsdag 26. oktober klokka 15:00-16:30
  • Hausten 2023: 15 dagar mest mogleg samanhengande frå veke 44
  • Våren 2024: 15 dagar mest mogleg samanhengande innan veke 16 

2. studieår:

10 dagar ungdomsskulepraksis hausten 2023

  • Digitalt praksisførebuande møte veke 43 – måndag 23. oktober klokka 14:30-16:00
  • Praksis veke 45-46

20 dagar praksis ved éin vidaregåande skule

  • Digitalt praksisførebuande møte veke 47 - tysdag 21. november 15:00-16:30
  • 20 dagar mest mogleg samanhengande mellom veke 48 og veke 16

Aktørar og ansvarsforhold i praksisopplæringa

Studenten sitt ansvarsområde

Studenten skal:

  • Sette seg inn i retningslinjer for praksis skrive på denne nettsida
  • Ha kunnskap om innhaldet i rammeplan, emneplanar og studieplan for praktisk-pedagogisk utdanning og lærerplan for grunnskulen og vidaregåande skule
  • Ta kontakt med praksislærar og lage planar i god tid før praksis startar
  • Sørgje for at praksis ikkje kolliderer med undervisning/samling i regi av HVL
  • Delta på obligatoriske praksisførebuande møte
  • Levere inn planleggingsdokument i god tid før undervisninga etter avtale med praksislærar
  • Ha ansvar for førebuing til undervisning, gjennomføring av undervisning og etterarbeid
  • Følgje dei aktivitetane og arbeidsoppgåvene som er ein del av ein lærar sin kvardag. Dette inkluderer deltaking i teamarbeid, møte, utviklingsarbeid, skule-heim-samarbeid, planlegging, vurdering, planleggingsdagar, elevsamtalar/fagsamtalar.
  • Delta aktivt i rettleiingssamtalar med praksislærar
  • Signere sluttvurderinga når praksis er gjennomført
  • Laste opp sluttvurdering i Wiseflow innan tidsfristen

Praksisskulen sitt ansvarsområde

Praksisansvarleg/rektor skal:

På dei fleste skular er det rektor som er praksisansvarleg, medan på andre skular har rektor delegert ansvaret. Praksisopplæringa skal vere i samsvar med rammeplan, nasjonale retningslinjer, programplanar, emneplanar og retningslinjer skrive på denne nettsida. Det er viktig at studentane blir inkluderte i skulen sitt læringsmiljø og personale.

  • Signere avtale om praksisopplæring før praksis startar
  • Ha overordna ansvar for kvaliteten og gjennomføringa av praksisopplæringa på skulen
  • Legge til rette for at studentane blir inkludert i skulen sitt personale og arbeidsmiljø
  • Sørgje for at studentane får gode læringsforhold. Mellom anna bør studentane ha tilgang til nødvendig utstyr for å gjennomføre praksis, (tilgangar til skulen sine digitale verktøy og læringsplattformar)
  • Sjå til at studenten får mest mogleg praksis i opptaksfaget og at praksisopplæringa er rettleia og vurdert
  • Sørgje for oppfølging av studenten dersom praksislærar er vekke i ein kortare periode
  • Sørgje for kvalifisert vikar for praksislærar ved lengre fråvær, og gi beskjed til praksiskoordinator ved HVL 
  • I samarbeid med praksislærar vurdere om skulen bør sende tvilsmelding om skikkaheit til HVL
  • Sende inn refusjonskrav til HVL der dette er avtala
  • Oppmuntre praksislærar til å gjennomføre vidareutdanning i praksisrettleiing på minst 15 studiepoeng

Praksislærar skal:

Praksislærar organiserer og gjennomfører rettleia og vurdert praksis og arbeider ut frå gjeldande emneplanar, studieplan og retningslinjer skrive på denne nettsida. 

  • Delta på praksisførebuande møte i regi av HVL
  • Koordinere praksisopplæringa slik at studenten får rettleiing i førebuingsarbeid, undervising og etterarbeid
  • Sørgje for at studenten får følgje dei aktivitetane og arbeidsoppgåvene som er ein del av ein lærar sin kvardag, mellom anna deltaking i teamarbeid, møte, utviklingsarbeid, skule-heim-samarbeid, elev/fagsamtalar, samabeid med eksterne aktørar
  • Gjennomføre ein individuell samtale omlag midtvegs i praksisperioden, og skrive undervegsvurdering i forkant eller etterkant av denne samtalen
  • Følgje opp rutinar ved varsel om fare for ikkje bestått praksis
  • Ha ansvar for vurdering av studenten i samarbeid med profesjonsrettleiar frå HVL og leiinga ved praksisskulen
  • I samarbeid med praksisansvarleg/rektor vurdere om det bør sendast tvilsmelding om skikkaheit til HVL
  • Gjennomgå og signere sluttvurderingsskjema med student siste dag i praksis. Student leverer skjema til HVL.

HVL sitt ansvarsområde

Høgskulen på Vestlandet sitt ansvarsområde

  • Studieprogramleiar ved praktisk-pedagogisk utdanning har fagleg ansvar for praksisopplæringa

Profesjonsrettleiar skal:

  • Følgje opp enkeltstudentar i praksis
  • Kontakte praksislærar i rimeleg tid før praksisbesøket
  • Planlegge og gjennomføre praksisbesøk. Studentane skal som hovudregel få eit fysisk praksisbesøk i studieløpet så langt det lar seg gjere. I tillegg kjem digital oppfølging. Ved praksisbesøket kan profesjonsrettleiar vere til stades i undervisninga som observatør, rettleie etter behov og ønskje, og ha samtale med studenten/studentane og praksislærar
  • Planegge og gjennomføre praksisførebuande møte i regi av HVL
  • Sørgje for at studentane er førebudd til praksis ved å synleggjere praksisrelaterte og didaktiske sider i undervisninga ved HVL
  • Bidra i rettleiing og vurdering av studentar i samarbeid med praksislærar
  • Følgje opp rutinar ved varsel om fare for ikkje bestått praksis på sine studentar
  • Registrere «Bestått» / «Ikkje bestått» på sluttvurderinga i Wiseflow
  • Vurdere om det bør sendast tvilsmelding om skikkaheit til HVL

Praksiskoordinator skal:

  • Administrere praksis
  • Informere studentane om organiseringa av praksis
  • Ha kommunikasjon med praksisskulane og gjere avtalar om praksisplassar for studentar
  • Planlegge, invitere til og gjennomføre praksisførebuande møte i samarbeid med fagmiljøet
  • Sørgje for at praksisskulane er kjend med gjeldande planar og retningslinjer for praksisopplæringa og rutinar for studentoppfølging og skikkavurdering
  • Følgje opp rutinar for varsel om fare for ikkje bestått praksis og skikkavurdering

Omfang og organisering

Praksis, undervisning og oppmøte

Studenten skal ha fulle arbeidsdagar tilsvarande ei 100% lærarstilling. Rektor/praksislærar og student avtalar når studenten skal vere til stades på skulen. Studenten må vere førebudd på at noko av for- og etterarbeid knytt til praksis må gjerast utanom ordinær arbeidstid.

Praksis vert gjennomført  individuelt eller i grupper. I gruppepraksis har studentane same praksislærar og er i utgangspunktet saman i alle undervisningstimar. Fordelinga av ansvaret for undervisninga avtalast mellom studentane og praksislærar. Så langt det er mogleg, skal studentane ha ansvar for like mange undervisningstimar kvar. Den studenten/studentane som ikkje har hovudansvar, skal framleis vere til stades i undervisningstimen, til dømes som med-lærar.

PPUA heiltid

Praksis skal i hovudsak gjennomførast i opptaksfaget til studenten. I tillegg må studenten vere førebudd på å undervise i andre fag enn opptaksfaget i løpet av praksisperioden. Praksisoppfølginga skal bli gjort av ein praksislærar, men ved særskilt behov kan det opnast for at studenten kan ha fleire praksislærarar. Det er ikkje mogleg å bytte praksisplass i løpet av ein praksisperiode. Studenten skal i løpet av studiet ha to praksisperiodar. Begge praksisperiodane skal gjennomførast på eitt studieår med ein praksisperiode i haustsemesteret og ein i vårsemesteret. Studiet består av ein praksisperiode i vidaregåande skule og i grunnopplæringa (5.-10.trinn).

Første og andre praksisperiode

Studenten skal:

  • Ha 30 fulle arbeidsdagar praksis i kvar praksisperiode. Det er det same som 6 fulle arbeidsveker.
    • Ta del i det som skjer i løpet av ein skuledag:
      • Observasjon av undervisning, planleggingsarbeid, vurderingsarbeid, teamarbeid, planleggingsdagar, foreldresamtaler, elevsamtaler.
      • Ha observasjonspraksis første veka (5 dagar). I dialog mellom student og praksislærar kan studenten og starte med undervisning i løpet av første veke.
      • I tillegg til å observere skal du ta aktivt del i undervisning i minst 50 klokketimar i løpet av 25 dagar. Studentane er medlærarar, har ansvar for deler av økt og etter kvart heile økta i løpet av dei 25 dagane. For å sikre progresjon i praksisopplæringa, er det naturleg at studentane går frå å undervise med påhøyr av praksislærar og eventuelle medstudentar til å vere åleine i undervisinga.

PPUA deltid

Praksis skal i hovudsak gjennomførast i opptaksfaget til studenten. I tillegg må studenten vere førebudd på å undervise i andre fag enn opptaksfaget i løpet av praksisperioden. Praksisoppfølginga skal bli gjort av ein praksislærar, men ved særskilt behov kan det opnast for at studenten kan ha fleire praksislærarar. Det er ikkje mogleg å bytte praksisplass i løpet av ein praksisperiode. Studenten skal i løpet av studiet ha to praksisperiodar. På deltid vil studenten gjennomføre ein praksisperiode (30 dagar) per studieår. Ein praksisperiode vil vere i vidaregåande skule, den andre i grunnopplæringa (5.-10.trinn). For studentar med fagbakgrunn i utøvande kunstfag kan inntil 50 prosent av praksis vere i kulturskulen og inngå i kravet om 60 dagar. Studentar som er tilsett i skulen kan ha praksis ved eigen arbeidsplass i ein av praksisperiodane i løpet av studiet.

Første og andre praksisperiode

Studenten skal:

  • Ha 30 fulle arbeidsdagar praksis i kvar praksisperiode. Det er det same som 6 fulle arbeidsveker.
    • Ta del i det som skjer i løpet av ein skuledag:
      • Observasjon av undervisning, planleggingsarbeid, vurderingsarbeid, teamarbeid, planleggingsdagar, foreldresamtaler, elevsamtaler.
      • Ha observasjonspraksis første veka (5 dagar). I dialog mellom student og praksislærar kan studenten og starte med undervisning i løpet av første veke.
      • I tillegg til å observere skal du ta aktivt del i undervisning i minst 50 klokketimar i løpet av 25 dagar. Studentane er medlærarar, har ansvar for deler av økt og etter kvart heile økta i løpet av dei 25 dagane. For å sikre progresjon i praksisopplæringa, er det naturleg at studentane går frå å undervise med påhøyr av praksislærar og eventuelle medstudentar til å vere åleine i undervisinga.

PPUY deltid

Praksis er rammeplanfesta, 50 dagar skal gjennomførast i vidaregåande skule og 10 dagar i ungdomsskulen. Praksis i videregåande skule skal gjennomførast på yrkesfag, i hovudsak i opptaksfaget (studieretninga) til studenten. Studenten må vere førebudd på å undervise i alle kompetansemål i programfaga.

Praksisoppfølginga blir gjort av praksislærar(ar) på praksisskulen.  Det er ikkje mogleg å bytte praksisplass i løpet av ein praksisperiode. Studenten skal i løpet av studiet ha to praksisperiodar ved to ulike vidaregåande skular samt ein  praksisperiode i ungdomsskulen. Studentar som er tilsett på ein vidaregåande skule kan ha praksis ved eigen arbeidsplass i ein av praksisperiodane i løpet av studiet.

Første praksisperiode i vidaregåande skule

Studenten skal:

  • Ha 30 fulle arbeidsdagar praksis i kvar praksisperiode. Det er det same som 6 fulle arbeidsveker.
    • Ta del i det som skjer i løpet av ein skuledag:
      • Observasjon av undervisning, planleggingsarbeid, vurderingsarbeid, teamarbeid, planleggingsdagar, foreldresamtaler, elevsamtaler.
      • Ha observasjonspraksis første veka (5 dagar). I dialog mellom student og praksislærar kan studenten og starte med undervisning i løpet av første veke.
      • I tillegg til å observere skal studenten ta aktivt del i undervisning i minst 50 klokketimar i løpet av 25 dagar. Studentane er medlærarar, har ansvar for deler av økt og etter kvart heile økta i løpet av dei 25 dagane. For å sikre progresjon i praksisopplæringa, er det naturleg at studentane går frå å undervise med påhøyr av praksislærar og eventuelle medstudentar til å vere åleine i undervisinga.

Andre praksisperiode i vidaregåande skule

Studenten skal:

  • Ha 20 fulle arbeidsdagar praksis i vidaregåande skule. Det er det same som 4 fulle arbeidsveker.
    • Ta del i det som skjer i løpet av ein skuledag:
      • Observasjon av undervisning, planleggingsarbeid, vurderingsarbeid, teamarbeid, planleggingsdagar, foreldresamtaler, elevsamtaler.
      • I tillegg til å observere skal studenten ta aktivt del i undervisning i minst 40 klokketimar i løpet av 20 dagar. Studentane er medlærarar, har ansvar for deler av økt og etter kvart heile økta i løpet av perioden. Mot slutten av praksisperioden skal studenten vere aleine i undervisning. 

Ungdomsskulepraksis 

10 heile praksisdagar skal gjennomførast på ungdomstrinnet, formålet med denne praksisen er todelt:

  1. For det første skal studentane bli kjend med utdanningstrinnet og ungdomsskulen sin eigenart. Praksislærar skal organisere praksis og gi studenten innsikt i korleis ungdomsskulen fungerer som organisasjon gjennom å observere undervisning og delta i skulen sitt indre liv (lærarsamarbeid, vakt i friminutt, møter, gjennomføring av spesielle opplegg, foreldresamarbeid, skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid, samtale med rådgjevar, vere medlærar osv.). Dette skal bidra til erfaringsbasert kunnskap om elev-, undervisnings- og  læringsmangfaldet, og overgangen mellom ungdomsskule og vidaregåande skule.  
  2. Studenten/studentgruppa skal planlegge og undervise minst 5 timar  i veka. Det er ynskjeleg at skulane nyttar studentane sin praksisnære og yrkesfaglege kompetanse inn mot ungdomsskulefaga. Student og praksislærar avtaler undervisning der studenten får undervise fag som er relevant for deira fag/yrkesbakgrunn. Undervisninga kan gjerne knytast til faga utdanningsval, arbeidslivsfag, valfag eller til yrkesretta opplæring i fellesfag. Ein sjukepleiar kan til dømes undervise i førstehjelp, eller informere om sitt yrke i utdanningsval. Fagfolk innan bygg og anlegg og elektrofaga kan til dømes undervise yrkesretta matematikkopplæring, teknologifag og naturfag.

Praksislærar skal gjennomføre før- og etterrettleiing utifrå studenten sine planleggingsdokument og gjennomføring av undervisning.

Studenten skal skrive ein observasjonsrapport/feltrapport etter gjennomført praksis i ungdomsskulen. Ein tek utgangspunkt i eit tema av spesiell interesse; t.d. tilpassa opplæring, spesialundervisning, einskilde fag (utdanningsval, arbeidslivsfag, valfag, osv.), arbeidsmåtar, vurderingsordningar, læremiddel, bruk av IKT i undervisnings – og læringsarbeid, sosiale media, yrkesretting i fag, lekser, prøvar, klasseleiing.  

Rettleiing i praksis

Studenten skal i løpet av kvar praksisperiode ha rettleiing av praksislærar. Dette arbeidet inkluderer for- og etterarbeid, rettleiing og vurdering. 

Meir informasjon om rettleiing og betaling kjem

MOSO - rettleiingsverktøy

MOSO er ein programplattform (kan lastast ned som app) som kan brukast til planlegging, observasjon og rettleiing i praksis. Student(ar), praksislærar og faglærar frå HVL kan saman bruke programmet i rettleiingsprosessen. På denne sida kan du lære om MOSO, lage ein brukar og logge inn: https://www.hvl.no/alu/programvare-og-tjenester/moso/

Eventuelle aktivitetar i praksis

Dersom det vert arrangert skulerelaterte aktivitetar som praksislærar/praksisskule meiner ikkje fell under vanleg undervisning, men som dei ønskjer studenten skal delta på, kan dette gjerast i avtale med studenten. Døme på slike aktivitetar kan vere planleggingsdagar, utflukter, idretts- og kulturarrangement eller anna aktivitet i regi av skulen. HVL dekker ikkje eventuelle ekstra utgifter for studentane i samband med dette Kontakt praksiskoordinator dersom noko må avklarast i samband med slike aktivitetar.

Vurdering av praksis

Om vurdering og innlevering av vurderingsskjema

Praksislærar skal fylle ut skjema for undervegsvurdering, sluttvurdering og eventuelt varsel om fare for ikkje bestått praksis. Praksislærar går gjennom skjemaene i individuell rettleiingssamtale med studenten.

Studentane vert vurderte etter læringsutbyteformuleringane i emneplan for dei aktuelle studieåra. I tillegg er studentane under løpande skikkavurdering gjennom heile utdanninga. 

Undervegsvurderinga skrivast halvvegs i perioden (gjeld ikkje 10 dagar ungdomsskulepraksis på PPUY 2.studieår). Den er i utgangspunktet eit rettleiingsverktøy for korleis første halvdel av praksis har gått og kva studenten må arbeide vidare med siste halvdel. Vurderinga skal ikkje leverast til HVL. Dersom studenten går ut i permisjon sender praksislærar undervegsvurderinga til praksisadministrasjonen. Dei gjennomførte praksisdagane kan telje med dersom studiet blir tatt opp att. Undervegsvurderinga kan også brukast som dokumentasjon ved varsel om fare for ikkje bestått praksis.

Innlevering av skjema for sluttvurdering skal gjerast av studenten i Wiseflow. Skjemaet er berre til intern bruk. Les meir om rutinar for praksisvurdering og innlevering av vurderingsskjema ved å klikke her. 

Nedanfor finn du skjema som skal brukast ved dei ulike studieåra.

Skjemaer undervegsvurdering og sluttvurdering

Varsel om fare for ikkje bestått

Ved fare for ikkje bestått praksis skal praksislærar fylle ut skjemaet "Varsel om fare for ikkje bestått praksis". Dette skal skje så tidleg som mogeleg og seinast halvegs i praksisperioden. Deretter vert du kalla inn til rettleiingssamtale der praksislærar går gjennom kva du må forbetre for å bestå praksis. 

Skjemaet "Varsel om fare for ikkje bestått praksis" (nynorsk)
Skjemaet "Varsel om fare for ikke bestått praksis" (bokmål)

  • Dersom praksislærar er i tvil om ein student vil få vurderinga «bestått» i praksisperioden, må praksislærar kontakte fagleg kontaktperson for praksis og praksiskoordinator ved HVL i tillegg til eigen leiar.
  • Praksislærar og fagleg kontaktperson ved HVL held vidare kontakt etter behov gjennom praksisperioden.
  • Praksislærar fyller ut skjema «Varsel om fare for ikkje bestått praksis».
  • Studenten får tilbod om samtale med praksisstaden og høgskulen der studenten får svar på spørsmål knytt til varselet og konsekvensar om studenten ikkje består praksis. Praksislærar gjennomfører ein rettleiingssamtale med studenten for å gå gjennom varselet. Ut frå mål og læringsutbytte for perioden skal praksislærar forklare kvifor studenten står i fare for å få vurderinga «ikkje bestått» praksis . Fagleg kontaktperson og/eller praksiskoordinator ved HVL kan delta i samtalar med praksislærar og student ved behov.
  • Praksislærar sender skjemaet «Varsel om fare for ikkje bestått» og eventuelt undervegsvurdering til HVL.
  • Praksiskoordinator ved HVL arkiverer varsel, eventuelt undervegsvurdering og referat frå samtalen mellom student, praksisstad og HVL.
  • Praksislærar gjennomfører jamlege rettleiingssamtalar med studenten der studenten får tilbakemelding på eiga utvikling etter motteke varsel. Praksislærar skriv referat frå samtalane.

Ikkje bestått praksis

  • Dersom praksisperioden vert vurdert til «ikkje bestått» melder praksislærar frå til eigen leiar, fagleg kontaktperson og praksiskoordinator ved HVL.
  • Siste dag i praksis gjennomfører praksislærar sluttsamtale med studenten der dei går gjennom sluttvurderinga. Studenten vert også informert om å ta kontakt med praksiskoordinator for vidare oppfølging.
  • Studenten lastar opp vurderinga i Wiseflow. I tillegg sender praksislærar vurderinga til HVL etter avtale med praksiskoordinator.
  • Praksiskoordinator sender brev til studenten med informasjon om konsekvensar av at praksisperioden er vurdert til ikkje bestått.
  • Praksiskoordinator legg skjema for sluttvurdering inn i det digitale arkivet til HVL.
  • Studenten vil få tilbod om å gjennomføre ny praksisperiode neste gong denne vert arrangert ordinært. Dette kan få konsekvensar for progresjonen til studenten
  • Ny praksis blir normalt gjennomført med ny praksislærar på ein annan praksisskule. Studenten har rett på to forsøk på same praksisperiode i eit emne

Rutinar ved fråvær i praksis

Fråvær

Praksisopplæringa er obligatorisk. Sjå informasjon om krav til oppmøte

Alt gyldig fråvær må takast att for at studenten skal få oppfylt kravet om 60 dagar praksis. Dette gjeld uansett årsak til fråværet.Ved sjukdom inntil tre dagar skal studenten levere eigenmelding til praksisskulen. Er sjukdomsperioden over tre dagar skal studenten sende sjukemelding til HVL og praksisskule. Sjukemelding skal sendast inn seinast ein veke etter sjukdommen oppstod. Studenten kan berre levere eigenmelding ein gong i haustsemesteret og ein gong i vårsemesteret.  Studenten skal ta igjen fråværet så snart som råd, etter avtale med praksislærar slik at kontinuitet og samanheng vert sikra.

Sluttvurdering og siste rettleiingsøkt blir gjennomført i samband med utsett praksis.Når dato for utsett praksis er avtalt er dette ein bindande avtale og kan ikkje flyttast til eit seinare tidspunkt. Eventuelt fråvær på utsett praksis må dokumenterast med legeerklæring. Dersom studenten ikkje leverer legeerklæring vil fråværet bli registrert som ugyldig. 

Er fråværet for stort til at praksis kan gjennomførast innanfor studieåret, må studenten ta delar av, eller heile praksisperioden, neste studieår. Ei slik utsetjing kan få konsekvensar for studenten sin studieprogresjon.

Ugyldig fråvær

Høgskulen legg ikkje til rette for utsett praksis ved ugyldig fråvær. Ugyldig fråvær er fråvær som ikkje er dokumentert med eigenmelding, legeattest eller innvilga permisjon. Ferie og deltidsjobb er blant anna ikkje godkjent fråværsgrunn. Ugyldig fråvær fører til at praksisperioden blir registrert som avbroten. Avbroten praksis får same konsekvens som ikkje bestått praksis.  

Studenten må då gjennomføre ny praksisperiode neste gong denne praksisperioden vert arrangert ordinært. 

Utsett praksis

Har studenten behov for å utsette praksisdagar til neste studieår, må studenten sende søknad til praksiskoordinator ved HVL om dette. Studenten må legge ved dokumentasjon på årsak til behovet for å utsette praksisdagar. Høgskulen avgjer i kvart enkelt tilfelle kva som er gyldig dokumentasjon og om dette gir rett  på å utsette praksisdagar. Ei utsetting av praksis kan få konsekvensar for studenten sin studieprogresjon.

Studieplanar og emneplanar

Evaluering etter praksis

For å kunne vidareutvikle kvalitet i praksis treng vi at du gir ei tilbakemelding på korleis du har opplevd praksis. Du vil få meir informasjon om dette i Canvas. 

Har du spørsmål? 

Ta kontakt med praksisadministrasjonen ved FLKI via kontaktskjema

Ytterlegare informasjon til praksisfeltet

Avtalar og refusjon - prosedyrer

  • Skular hvor HVL ikkje har fast avtale: HVL sender lønnskontrakt direkte til praksislærar.
  • Skular HVL har fast avtale med: Praksisansvarleg får tilsendt refusjonsskjema når praksisperioden er over (sjå tidspunkt under "tidspunkt for praksisperiodar..."). Skjemaet fylles ut og sendes i retur til praksiskoordinator for godkjenning før skulen sender faktura til HVL
  • Skular med avtale sender faktura med godkjent beløp til HVL. Sjå detaljert fakturainformasjon her
    • Godkjent refusjonsskjema skal nyttast som bilag til faktura
    • Husk å legge ved bestillarkode frå praksiskoordinator
      • Campus Stord: 485020
      • Campus Bergen: 485011
      • Campus Sogndal: 485032

Dette må alle kjenne til: