Tilrettelegging av praksis

Har du behov for særleg tilrettelegging i praksis på grunn av til dømes funksjonsnedsetting, sjukdom, graviditet eller amming, eller spesielle behov som gjer at du ønsker praksis på særskild stad?

Hugs å søke i tide: Søknadsfristar om du skal søke om tilrettelegging

Ver merksam på at du ikkje er garantert tilrettelegging sjølv om du oppfyller eit av kriteria nedanfor. Mellom anna vil tilgjengelege praksisplassar på studiet ditt eller i klassen din og faglege omsyn vere styrande for kva som er mogeleg og ikkje.

Tilrettelegging for særskilde behov

Dersom du har behov for særleg tilrettelegging i praksis på grunn av til dømes funksjonsnedsetting, sjukdom, graviditet eller amming, kan du sende søknad om tilrettelegging til oss.

Døme på særordningar kan vere fysisk tilrettelegging under sjølve praksisopphaldet eller tilrettelegging for å amme.

Vi kan ikkje pålegge praksisinstitusjonane å legge til rette for studentar med særskilde behov, men kan oppfordre til det innanfor rammene hjå den enkelte praksisinstitusjon. Høgskulen kan heller ikkje gje tilrettelegging som fører til ein reduksjon av dei faglege krava som vert stilt i den enkelte utdanninga.

Du må legge ved dokumentasjon frå lege, psykolog eller anna sakkyndig person når du søker. Dokumentasjonen bør gje døme på tilretteleggingstiltak som kan vere eigna.

Praksis på særskild stad – ved spesielle behov

Dersom du har spesielle behov som gjer at du ønsker praksis på særskild stad, kan du søke om dette. Dette er berre aktuelt dersom du kan bli tildelt praksisplass der du må bu vekke frå studiestaden eller pendle over lengre avstandar. Merk at utdanning di har eit geografisk praksisfelt som legg føringar for kvar du kan ha praksis.

Noko pendletid må påreknast også for studentar som får innvilga praksis på bestemt stad.

Søknader om å gjennomføre praksis på særskilt stad blir tildelt innanfor ramma av § 7-2, og vurdert etter følgjande vilkår i prioritert rekkefølgje:

  1. åleineansvar for barn under 18 år
  2. eigen sjukdom eller diagnose som gir behov for praksis på særskilt stad
  3. dagleg omsorg for barn under 12 år
  4. funksjonsvanskar eller alvorleg sjukdom i nær familie
  5. toppidrettsstatus eller utøvar på landslaget
  6. utøvar i øvste divisjon i lagidrett
  7. enkeltutøvar på nasjonalt nivå
  8. verv i studenttinget, studentrådstyret eller høgskulestyret, som fremgår av punkt 3 i samarbeidsavtalen mellom HVL og Studenttinget

Slik søker du

Fyll ut digitalt søknadsskjema.

Søknadsfristar

  • Om praksisperioden din startar i haustsemesteret, må du søke innan 1. april.
  • Er du førsteårsstudent og skal i praksis i første semester av studiet, må du søke innan 1. september.
  • Om praksisperioden din startar i vårsemesteret, må du søke innan 1. oktober.

Desse fristane gjeld òg søknad om å få gjennomføre praksis på ein særskilt stad.

Ved akutt oppståtte situasjonar, kan du søke fortløpande. 

Dersom du søker på bakgrunn av at du har barn, kronisk sjukdom eller andre kriterier som varer heile studietida, kan du søke for heile studietida.

Om du søker på bakgrunn av behandling, verv eller toppidrett kan du søke for inntil to semester om gangen.

Kva skjer etter at du har søkt?

  • Praksiskoordinator på fakultetet ditt vil sakshandsame søknaden.
  • Sakshandsamingstida kan ta inntil fire veker frå motteken søknad/frå søknadsfrist.
  • Du kan bli kalla inn til ein tilretteleggingssamtale etter behov.
  • Du vil få svaret på e-post, Digipost eller brev når søknaden er ferdig handsama.
  • Dersom tilrettelegginga kan påverke gjennomføringa av praksisperioden, vil høgskulen ha dialog med praksisstad og student.