Studiebarometeret 2023
Sei kva du meiner om kvaliteten på studieprogrammet ditt!
24. oktober får alle 2.- og 5.-årsstudentar invitasjon på e-post til å svare på den nasjonale undersøkinga Studiebarometeret. Du kan svare via lenka du får tilsendt, eller logge deg inn via Studiebarometeret sine nettsider.
I år blir du mellom anna spurt om tilbakemelding og rettleiing, bruk av digitale verktøy i undervisinga og korleis ulike arbeidsformer bidreg til læring. Undersøkinga vil gi nyttige og interessante data, både for oss på HVL og på nasjonalt nivå.
Undersøkinga blir gjennomført i regi av NOKUT og Kunnskapsdepartementet.r.
Alle klassar ved HVL som har ein svarprosent på 80 % eller meir får pizza av fakultetet.
Resultata for kvart enkelt studieprogram i Noreg blir offentleggjort i portalen studiebarometeret.no.
Undersøkinga er open til 26. november.