Studie- og karriererettleiing Sogndal

Treng du nokon å snakke med om studiet ditt eller vegen vidare? Vi i Karrieresenteret vil gjerne hjelpe deg!

Inntil vidare vil all studie- og karriererettleiing føregå digitalt. Du kan fortsatt bestille tid til rettleiing ved å bruke skjemaet på denne nettsida. Denne e-posten blir sjekka fleire gonger dagleg og du vil bli kontakta av ein studierettleiar som vil avtale tid for samtale på tlf eller e-post. Om du har ønske om gjennomgang av CV og jobbsøknad brukar du også same skjema for bestilling av tid.

Kontakt oss for studie- eller karriererettleiing


Desse studierettleiarane kan du til vanleg møte i Karrieresenteret. Vi gledar oss til å møte dykk att på campus. Ta vare på kvarandre!

Det kan vere fint å få hjelp til å sortere tankar og sjå moglegheiter. Kva kan eg bruke utdanninga mi til? Kva ønskjer eg eigentleg å jobbe med? Skal eg studere vidare? Det er du sjølv som må ta vala, men vi kan hjelpe deg på vegen og gi konstruktive innspel.

Du kan også få hjelp med:

  • utdanningsplan
  • studierett og permisjon
  • søknad om godskriving og fritak, enkeltemne med meir
  • skriving av jobbsøknad og cv. Dersom du har ein konkret jobb du skal søke på, kan du gjerne ta med stillingsutlysinga. 
  • utveksling

Vi arrangerer jobbsøkjarkurs ein til to gonger i semesteret.

Følg oss på Facebook for artiklar og aktuelt om jobbsøkarprosess og arbeidsliv!


Rådgivar
Avdeling for utdanningskvalitet