Ei gruppe studentar som vinkar.

Studiestart våren 2024

Velkommen som ny student ved HVL! Her er alt du treng å vite om studiestart.

Studiestart våren 2024 var onsdag 3. januar 2024. Akkurat kva dag du skal møte kan variere, så sjekk timeplanen din eller informasjon du har mottatt frå oss.

Gjer deg klar til studiestart!

Etter at du har takka ja til studieplass på HVL, er det nokre ting du må gjere.

Dette gjer du FØR studiestart

1. Sjekk tid og stad for oppstart

Skal du starte på ei ny utdanning i vårsemesteret, vil du få tilsendt informasjon om tid og start for oppstart. 

Frå 15. desember kan du sjekke timeplanen i timeedit. Då vel du «Open inngang HVL». Denne krev ikkje pålogging. Så kan du søke opp studiet du skal starte på. 

2. Semesterregistrer deg

Etter du har fått SMS frå oss, kan du semesterregistrere deg. Semesterregistrering vil seie at du melder deg opp til undervisning og eksamen for dei emna du skal ta. 

Du kan ikkje registrere deg før du har fått SMS med pinkode. Når du har fått pinkoden loggar du på Studentweb.

Som regel er emna allereie lagt inn i systemet for deg, så du treng berre å godkjenne utdanningsplanen og betale semesteravgift. Dersom noko blei feil, kan du endre registreringa i ettertid.

Vi har laga ei oppskrift på korleis du semesterregisterer deg.

Frist: Siste frist for å semesterregistrere deg om våren er 1. februar, men du bør gjere det så fort du får SMS frå oss slik at du får studielån, studentbevis med meir. Siste frist om hausten er 1. september.

3. Aktiver brukarkontoen din

Etter du har registrert deg i Studentweb og funne studentnummeret ditt, må du aktivere brukarkontoen din. Brukarkontoen treng du for å logge inn på alle HVL sine system, som Canvas, trådlaust nett, studentbevisappen, med meir.

Du får også ein epostkonto. Viktig informasjon frå HVL blir sendt til denne e-postadressa, og du må sjekke den jamnleg.

Sjå korleis du får tilgang til IT-systema.

4. Treng du politiattest, utstyr eller tilrettelegging?

Politiattest

På ein del studium er det krav om å levere politiattest ved studiestart. Den raskeste måten å søke er i Studentweb. Du kan bestille når du har fått PIN-kode på SMS og aktivert brukarkontoen din. 

Utstyr

Nokre utdanningar har krav til utstyr som du må skaffe deg, eller anbefalingar som det kan vere greitt å kjenne til.

Tilrettelegging

Treng du tilrettelegging? Det kan vere for eksempel grunna funksjonsnedsetting, verv eller særskilte behov. Vi anbefaler at du tek kontakt med oss så snart du har fått studieplass. Meir om tilrettelegging og kontaktinfo finn du her.

Dette gjer du VED studiestart

5. Registrer deg ved oppstart

Har du fått plass på ein bachelor?

Då treng vi ein stadfesting frå deg ved studiestart, at du har tenkt å starte på utdanninga. Du vil få meir informasjon om dette.

6. Gjer deg kjent i Canvas

Canvas er læringsplattforma vår. Her finn du all informasjon du treng om emna du skal ta, undervisning og kontakt med forelesarar. Her vil du også få opp timeplanen din og pensumliste.

Du må semesterregistrere deg og aktivere brukarkontoen for å kunne logge inn (sjekk punkt 2 og 3).

Vi tilbyr Canvas-kurs (webinar) for studentar, både på norsk og engelsk.

7. Sjekk timeplanen

Du kan sjekke timeplanen via Canvas eller logge inn i TimeEdit

Du må semesterregistrere deg og aktivere brukarkontoen for å kunne logge inn (sjekk punkt 2 og 3). Det vil gå nokre dagar frå du har registrert deg, til du får tilgang til timeplanen din.

8. Skaff deg studentbevis og studentkort

Studenbevisappen fungerer som studentbevis for å få studentrabatt og liknande. 

Studentkortet ditt gir deg tilgang til bygg og rom på campus. For å få studentkortet, må du laste opp eit bilde av deg sjølv på mittbilde.hvl.no

For å kunne bruke appen og få kort, må du ha semesterregistrert deg og aktivert brukerkontoen (sjekk punkt 2 og 3).

 

Oppstartsinformasjon

 

På studentsidene finn du informasjon om studiekvardagen din ved HVL.

 

Har du spørsmål? 

Eller chat med boten Mime! Chatten finn du nedst i hjørnet.

Mellom kl. 08.00–15.00 er du også alltid velkommen til å ringe Servicetorget55 58 58 00.