Velkommen som ny student ved HVL i Bergen

Vi ønskjer nye studentar velkommen til studiestart! Omsynet til smittevern gjer at vi legg opp til ein god og trygg start med fysisk oppmøte fordelt på tre dagar i Bergen. På denne måten unngår vi trengsel i oppstarten av studieåret.

Det blir fysisk oppmøte på campus på oppstartsdagen for alle som kan møte, basert på gjeldande smittevernreglar. Kjenner du deg sjuk skal du ikkje møte opp på campus. Det vil vere digital møtt-registrering.

Registrer deg 16. august

Sjølv om oppstarten blir fordelt på 3 dagar i Bergen, vil alle som er tatt opp på eit bachelorstudium eller lærarutdanning få ein SMS 16. august med informasjon om møtt-registrering. Denne registreringa er frikobla frå fysisk oppmøte, og er ein siste stadfesting på at du vil starte som student hos oss. Dersom du ikkje registrerer deg, kan studieplassen din gå til ein annan som står på venteliste. Det er derfor viktig at du registrerer deg innan kl. 16.00 same dag som du får SMS frå oss. 

Har du fått studieplass på toårig master, årsstudium, halvtårsstudium eller vidareutdanning, vil du få nærare infomasjon om kva dag du skal registrere deg. Du må registrere deg innan kl. 16.00 same dag som du får SMS. 

For å logge deg inn i møttregisteringa må du nytte ID-porten, men om du ikkje har høve til dette, har vi ei alternativ løysing for deg.

For enkeltemnestudentar er det ikkje obligatorisk oppmøte eller registrering. For å behalde studieplassen på enkeltemne må du semesterregistrere deg og betale semesteravgifta innan fristen.

Oppstart over tre dagar

I Bergen går oppstarten over 3 dagar for å unngå trengsel i oppstarten av studieåret. 

Her finn du informasjon om oppstarten din:

Oppstart for Fakultet for helse- og sosialvitskap

Måndag 16. august

Er du ny på sjukepleieutdanninga, er oppstarten delt inn i tre grupper, med oppstart kl. 9.00, kl. 11.15 og kl. 13.30. Du vil få beskjed om kva klokkeslett du skal møte på. For alle nye sjukepleiestudentar er sted for oppmøte Mimes brønn i hovudbygget på Kronstad.

Studentar på desse studieprogramma skal møte opp klokka 9.00:

  • Fysioterapi skal møte opp kl 9.00 i idrettsbygget på Kronstad (L137)
  • Radiografi skal møte opp kl 9.00 i idrettsbygget på Kronstad (L131)
  • Vernepleie skal møte opp kl. 9.00 i kafeen i hovudbygget på Kronstad
  • Master i jordmorfag skal møte opp kl. 9.00 på F223 på Kronstad
  • Master i psykisk helse og rusarbeid skal møte opp kl. 9.00 i Aud. 1 og 2 på Kronstad 
  • Master i samfunnsarbeid skal møte opp kl. 9.00 i Aud. 14 på Kronstad

Studentar på desse studieprogramma skal møte opp klokka 13.00:

  • Ergoterapi skal møte opp kl 13.00 i idrettsbygget på Kronstad (L131)
  • Sosialt arbeid skal møte opp kl. 13.00 i kafeen i hovudbygget på Kronstad

Studentar på bachelor i desentralisert sjukepleie skal møte kl. 10.15 på rom E004, F117, M408 og M409.

Digital undervisning

Det blir digital undervisning tysdag, onsdag og torsdag i oppstartsveka. Fredag blir det undervisning på campus frå kl 12 for radiografi, vernepleie, ergoterapi og sosialt arbeid. 

Oppstart for Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap

Måndag 16. august

Førsteårsstudentar på bachelorprogrammet i økonomi og administrasjon blir delt i to oppmøtetidspunkt: 

  • Studentar med etternamn på A–J møter kl. 10.00
  • Studentar med etternamn på K–Å møter kl. 11.00

Møt opp i K2 (dvs. bygget som er nærast bybanestoppet Kronstad). Bruk hovudinngangen frå Kronstadplassen. Vi vil bruke romma M003 i underetasjen og M208 i 2. etasje.

Nye studentar på masterprogrammet Innovasjon og ledelse skal møte kl. 10.00–12.00 på rom M207 i nybygget K2.

Tysdag 17. august

Bachelor i økonomi og administrasjon:
Kl. 10.30–11.00 på Zoom: Informasjon og spørsmål ved studieveileder Anne Rodal
Kl. 11.15–13.00 på Zoom: Oppstart av emnet BØA111 Matematikk ved Mirjam Solberg

Onsdag. 18 august

Master i innovasjon og ledelse:
Kl. 13.00–15.00: Bedriftsbesøk

Oppstart for Fakultet for ingeniør- og naturvitskap

Tysdag 17. august

Førsteårsstudentar på desse bachelorprogramma skal møte opp klokka 9.00:

  • Automatisering med robotikk skal møte kl. 9.00 i idrettsbygget på Kronstad (L137)
  • Bioingeniør skal møte kl. 9.00 i Mimes brønn i hovudbygget K1
  • Byggingeniør skal møte kl. 9.00 i kafeen i hovudbygget K1
  • Cyberingeniør skal møte kl. 9.00 på rom F223 i 2. etasje i hovudbygget på Kronstad
  • Elektronikk skal møte kl. 9.00 på rom M208 i 2. etasje i nybygget K2 (Kronstad 2)
  • Elkraftteknikk skal møte kl. 9.00 i idrettsbygget på Kronstad (L131)
  • Miljøteknologi og industriell kjemi skal møte kl. 9.00 på E004 i underetasjen på Kronstad

Førsteårsstudentar på desse bachelorprogramma skal møte opp klokka 13.00:

  • Allmenn maskin skal møte kl. 13.00 på M003 i underetasjen på nybygget K2
  • Dataingeniør og informasjonsteknologi skal møte kl. 13.00 i idrettsbygget på Kronstad (L131 og L137)
  • Energiteknologi skal møte kl. 13.00 på Aud. 2 i hovudbygget K1
  • Havteknologi skal møte kl. 13.00 på Aud. 1 i hovudbygget K1
  • Landmåling og eigedomsdesign skal møte kl. 13.00 i Mimes brønn i hovudbygget K1
  • Marinteknikk skal møte kl. 13.00 på Aud. 14 i hovudbygget K1

NB! Det kan bli endringar vedr. kva rom du skal møte på, så sjekk igjen veka før studiestart.

Program for deg som skal møte opp kl. 9

Kl. 09.00–12.00: Oppstartsprogram
Kl. 12.00: Lett servering med faddergruppa, deretter fadderprogram

Program for deg som skal møte opp kl. 13

Kl. 13.00–16.00: Oppstartsprogram
Kl. 16.00: Lett servering med faddergruppa, deretter fadderprogram

18.–20. august 

Sjekk timeplanen din. 

Få ein fin start!

«FIN start» er oppstartsprogrammet vårt dei to første vekene av semesteret. Vi legg til rette for både sosiale og faglege aktivitetar for at du skal bli kjend med dei andre studentane, samtidig som du får ein god fagleg start.

Oppstart for Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett

Måndag 16. august

Kl. 08.15-12.00: Digital introduksjon for nye studentar på Tegnspråk og tolking. Lenke til Zoom blir lagt ut her kort tid før 16. august.

Tysdag 17. august

Digitalt oppstartsmøte for nye studentar på grunnskulelærarutdanninga. Meir informasjon og lenke til Zoom kjem.

Onsdag 18. august

Nye studentar på grunnskulelærarutdanninga skal møte på Kronstad kl. 9.00-12.00. 

  • Grunnskulelærar 1.-7. trinn med engelsk skal møte kl. 9.00 på M207 i 2. etasje i nybygget K2
  • Grunnskulelærar 1.-7. trinn med kunst og handverk skal møte kl. 9.00 i Aud. 9 i hovudbygget K1
  • Grunnskulelærar 1.-7. trinn med KRLE skal møte kl. 9.00 på M309 i 3. etasje i nybygget K2
  • Grunnskulelærar 1.-7. trinn med kroppsøving skal møte kl. 9.00 på M003 i underetasjen i nybygget K2
  • Grunnskulelærar 1.-7. trinn med mat og helse skal møte kl. 9.00 på E206 i 2. etasje i hovudbygget K1
  • Grunnskulelærar 1.-7. trinn med musikk skal møte kl. 9.00 på M409 i 4. etasje i nybygget K2
  • Grunnskulelærar 1.-7. trinn med naturfag skal møte kl. 9.00 i Mimes brønn i hovudbygget K1
  • Grunnskulelærar 5.-10. trinn med engelsk skal møte kl. 9.00 på M003 i underetasjen i nybygget K2
  • Grunnskulelærar 5.-10. trinn med kunst og handverk skal møte kl. 9.00 på F235 i 2. etasje i hovudbygget K1
  • Grunnskulelærar 5.-10. trinn med KRLE skal møte kl. 9.00 på M308 i 3. etasje i nybygget K2
  • Grunnskulelærar 5.-10. trinn med matematikk skal møte kl. 9.00 på M208 i 2. etasje i nybygget K2
  • Grunnskulelærar 5.-10. trinn med mat og helse skal møte kl. 9.00 på M408 i 4. etasje i nybygget K2
  • Grunnskulelærar 5.-10. trinn med musikk skal møte kl. 9.00 på F106 i hovudbygget K1
  • Grunnskulelærar 5.-10. trinn med norsk skal møte kl. 9.00 på Aud. 2 i hovudbygget K1
  • Grunnskulelærar 5.-10. trinn med samfunnsfag skal møte kl. 9.00 på Aud. 1 i hovudbygget K1

Nye studentar på barnehagelærarutdanninga skal møte på Kronstad kl. 13.00-16.00:

  • Barnehagelærar deltid skal møte kl. 13.00 i Mimes brønn i hovudbygget K1
  • Barnehagelærar klasse A skal møte kl. 13.00 på F223 i 2. etasje i hovudbygget K1
  • Barnehagelærar klasse B skal møte kl. 13.00 på Aud. 1 i hovudbygget K1
  • Barnehagelærar klasse C skal møte kl. 13.00 M003  i underetasjen i nybygget K2
  • Barnehagelærar klasse D skal møte kl. 13.00 Aud. 2 i hovudbygget K1
  • Barnehagelærar klasse E skal møte kl. 13.00 i idrettsbygget på Kronstad (L131)
  • Barnehagelærar klasse F skal møte kl. 13.00 i idrettsbygget på Kronstad (L137)
  • Barnehagelærar klasse G skal møte kl. 13.00 på E004 i underetasjen i hovudbygget K1
  • Barnehagelærar klasse H skal møte kl. 13.00 M208 i 2. etasje i nybygget K2

Desse bachelorprogramma startar og opp kl. 13 på Kronstad:

  • Faglærer i kroppsøving og idrettsfag skal møte kl. 13.00 på M207 i 2. etasje i nybygget K2
  • Tegnspråk og tolking skal møte kl. 13.00 på Aud. 15  i hovudbygget K1

Oppstartsveke og fadderprogram

Torsdag og fredag inviterer vi deg til foredraget «God start», med Saman Studentrådgivinga ved HVL, Bergen brannvesen og politi. Det same foredraget blir satt opp to gangar, og du kan velje tidspunktet som passar deg best:

Torsdag kl. 13.00-14.00
Fredag kl. 10.30-11.30

Gjennom fadderordninga og fadderveka gjer vi det vi kan for at du skal få ein god start på studietida. Som ny student blir du del av ei studiumvis faddergruppe, med ein 2. eller 3. årsstudent som fadder. Dei første dagane blir dte ulike sosiale samlingar for faddergruppa, og samlingar for nye studentar. Vi oppfordrar deg til å ta del i mykje av det som skjer i faddergruppa og fadderveka, slik at du fort blir kjent med andre!

Meir informasjon om fadderprogrammet kjem snart.

Oppstart av undervisning

Vi førebur ein god og trygg studiestart for alle med både fadderopplegg og undervising på campus. Slik som situasjonen er no, planlegg vi for ein god kombinasjon av fysisk og digital undervising.

Sjekk timeplanen din for å finne ut kva tid undervisninga startar opp.

Student på master- eller vidareutdanning?

Deltids-, master-, vidareutdanningar og enkeltemne kan ha oppstart ein annan dag enn grunnutdanningane:

Vaksinering av studentar (2. dose) 

Bergen kommune kjem til å tilby studentar som ikkje har moteken første dose endå, å få denne. Vidare vil Bergen kommune tilby dose 2 for studentar som har moteken første dose i ein annan kommune eller eit anna land. Hald deg oppdatert her. 

Er du ikkje ny student?

Er du allerede student hos oss? Då finn du tidspunkt for oppstart og timeplanen din i TimeEdit. Det kan bli endringar, så sjekk timeplanen igjen veka før studiestart.