Velkommen som ny student ved campus Stord

Vi vil gjere vårt beste for at du skal få ei god tid hos oss. Enten du er ny i regionen eller bor her allereie, vil vi leggje til rette for eit godt læringsmiljø, både fagleg og sosialt.

For deg som er førsteårsstudent på ei grunnutdanning, er det obligatorisk oppmøte og oppmøteregistrering 12. august. Alle som har fått opptak til hausten 2019 må møte til registreringa. Dette gjeld også deg som har tatt utdanning ved HVL tidlegare. 

Deltids-, master- og vidareutdanningar kan ha oppstart ein annan dag.

Opning av studieåret 12. august

  • kl. 09.00–10.00: Registrering i trappeamfiet like innanfor hovudinngangen på campus
  • kl. 10.00–11.30: Opningsseremoni for alle nye studentar i Aula
  • Kl.11.30–12.00: Lunsj på campus for alle nye studentar
  • kl. 12:00–13:30: Studentar møter faglærarar på studieretningene

Oppmøteregistrering

For deg som er førsteårsstudent på ei grunnutdanning, er det obligatorisk oppmøte og oppmøteregistrering 12. august. Ta med legitimasjon til registreringa. Har du fått opptak til studium med krav om politiattest? Du kan levere politiattesten ved registreringa.

Viss du har ein god grunn til ikkje å møte til registrering, må du få godkjent fråværet før studiestart ved å sende e-post til opptak@hvl.no. Møter du ikkje til registering uten godkjent fråvær, mister du studieplassen din.

Studentkort

Melding kjem på Canvas når studentkortet ditt er klart, og du kan hente det i Servicetorget på campus. Ta med kvittering på betalt semesteravgift og ID med bilde. Fram til studentkortet er klart, kan du laste ned studentbevisappen om du treng bevis for å få bussrabatt m.m.