Lydbøker

Har du dysleksi eller andre lesevanskar eller funksjonsnedsettingar? Du kan låne studielitteratur som lydbøker gjennom NLB.

Norsk lyd- og blindeskriftsbibliotek (NLB) tilbyr studielitteratur på lyd innanfor mange fag. Tilbodet er gratis for deg som student.

Dysleksi og lesevanskar, ADHD, fysiske funksjonsnedsettingar som gjer det vanskeleg å lese ei bok, kognitive utfordringar og/eller språkvanskar på grunn av sykdom eller skade, gir lånerett.

Med appen Lydhør kan du låne og lytte til pensumbøker.