Mentorordning gjennom NAV

Dersom du har tiltaket «opplæring i ordinær utdanning gjennom NAV» kan du få tilskot til mentor. Tilskotet blir brukt til å kjøpe fri ein medstudent ved utdanningsstaden.

Mentorordninga skal fylle behov studentar har for fagleg, sosial og praktisk støtte for å gjennomføre utdanning.

NAV vurderer omfanget av ordninga og gjer vedtak. Høgskulen sender inn registreringsskjemaet for mentor til NAV. For hjelp til søknaden, ta kontakt med tilrettelegging@hvl.no.