Lese- og skrivestøtteprogram

Har du dokumentasjon på lese og skrivevanskar/dysleksi? Då kan du søke om lese- og skrivestøtteprogram frå NAV hjelpemiddelsentralen.

Dersom du ikkje allereie har dokumentasjon på lese- og skrivevanskar har HVL avtalar om utgreiing av lese- og skrivevanskar for våre studentar. Utgreiinga er gratis for deg.

For å bli vist til slik utgreiing sender du inn søknadsskjema om tilrettelegging ved eksamen (velg "anna tilrettelegging") og skriv at du ynskjer utgreiing for lese- og skrivevanskar.

Treng du hjelp til søknad eller grunngjeving i søknaden? Ta kontakt med tilretteleggingsansvarleg på campus: tilrettelegging@hvl.no.

Har du fått lisens på Lingdys og treng hjelp til å bli kjent med programmet, kan du ta kontakt med oss på tilrettelegging@hvl.no for å avtale time for opplæring.

Skuleeksamen

På digitial skuleeksamen får du tilgang til stavekontroll i WISEflow som fungerer på liknande vis som retteprogrammet i Word med nokre begrensingar. Prøv demoeksamen i WISEflow for å sjå om dette fungerer for deg. 

Dersom du har fått lese- og skrivestøtteprogram frå NAV hjelpemiddelsentralen kan du bruke dette. Du er sjølv ansvarleg for å gjere deg kjent med korleis du brukar programma. På eksamensdagen tar du med deg di eiga datamaskin med lisens på lese- og skrivestøtteprogrammet og skriv eksamen i til dømes Word. Du kan også velgje å berre bruke retteprogrammet i Word dersom dette er tilstrekkeleg for deg. 

Dersom du ynskjer å bruke lese- og skrivestøtteprogram eller Word må du melde frå om dette i søknadskjema for tilrettelegging som du finn her, slik at vi kan leggje til rette for dette på eksamensdagen.