Tilrettelegging campus Sogndal og Førde

Har du ei funksjonsnedsetting, dysleksi, psykiske lidingar/vanskar eller anna? Vi kan hjelpe deg med ulike typar tilrettelegging for å gi deg ein best mogleg studiekvardag.

Vi har som eit overordna mål å tilrettelegge studietilbod og studiesituasjon på ein slik måte at flest mogleg kan gjere seg nytte av studietilboda våre.

Dysleksi, lese- og skrivevanskar

Du som har dysleksi eller lese- og skrivevanskar kan få hjelp både i studiekvardagen og ved eksamen.

Eksempel på tilretteleggingstiltak:

Psykiske vanskar

Som student er du velkommen til samtale om det du måtte ha på hjarta, hos studentsamskipnaden si psykososiale rådgivingsteneste. Du kan komme med små og store problem.

Studentsamskipnaden har også eit psykologtilbod for studentar i samarbeid med Helse Vest og Helse Førde.

Nedsett funksjonsevne, syns- eller hørselshemming

Studentar med nedsett funksjonsevne skal ha dei same moglegheiter som andre til å komme seg til og frå høgskulen, delta på forelesingar, i gruppearbeid, ta eksamen, bruke biblioteket, kantina, uteareal og velferdstilbod.

Nokre av tiltaka våre for å oppnå dette:

  • Bygga våre er tilrettelagt for rullestolbrukarar (med unntak av Guristova)
  • MOBILARM (varsel om brann) er installert i alle bygg
  • Undervisningsrom er utstyrt med teleslynge
  • Trapper og toalett er merka for blinde/svaksynte
  • Studentsamskipnaden har hyblar som er universelt utforma