Timeplan
Du finn timeplanen din i timeplansystemet TimeEdit.
Finn timeplanen din i TimeEdit
Slik gjer du det
- I TimeEdit vel du studentinngangen for din campus.
- Logg på med Feidepålogginga di.
- Du får no opp ein timeplan med alle emna du har i utdanningsplanen din. Merk at du må vere semesterregistrert for å kunne søke med studentnummer. Det vil gå nokre dagar frå du har registrert deg, til du får tilgang til timeplanen din.
Som alternativ til å finne timeplanen din basert på studentnummer, kan du søke på studieprogram eller emne.
Publisering av timeplanen
Rom- og timeplanane blir publiserte 15. juni for haustsemesteret, og 15. desember for vårsemesteret.
NB! Timeplanane blir oppdatert fortløpande, og det kan bli endringar. Sjekk timeplanen din igjen rett før studiestart.