Etter utveksling

Endeleg godkjenning og innpassing

Når du er tilbake ved HVL må du få endeleg godkjenning/innpassing av opphaldet ditt i studieplanen. Innpassing blir gjort på bakgrunn av karakterutskrift frå vertsinstitusjonen. I nokre tilfelle vil vi få tilsendt karakterutskrift direkte frå vertsinstitusjonen, men som regel må du ordne dette sjølv, så det er viktig at du sjekkar med din vertinstitusjon kva dei brukar å gjere. Karakterutskrift/attestar frå vertsinstitusjonen leverer du til studierettleiar på fakultetet ditt.

Dersom du ikkje får ECTS-studiepoeng på sjølve karakterutskrifta, må du levere ei skriftleg stadfesting av kva studiepoenga utgjer i ECTS.

Dersom du har vore på praksisopphald i utlandet, må du sørgje for å få med ei stadfesting av at praksisopphaldet er gjennomført. I Bergen kan du ta kontakt med praksiskontoret for å få skjema for godkjenning.

Etter innpassing vil vi sende informasjon direkte til Lånekassen.

NB! Dersom du er på utveksling i siste semester av graden din, er du ikkje garantert å få vitnemål innan 1. juli, som er ettersendingsfrist i samband med søknad om vidare utdanning. 

Rapport

Når du har vore på utveksling må du sende rapport om opphaldet ditt til internasjonaliseringsadministrasjonen seinast to veker etter at du har kome heim. Du må gjerne skrive saman med andre som du var på utveksling med. Har du bilder er det flott! Skriv rapporten i fritekst på ca. 1-2 sider kor du fortel litt om staden, studia/praksis, hybel, praktisk info og tips.

Last ned rapport-mal


Rapporten kan bli publisert på nettsidene våre. Vi ønskjer gjerne at rapporten skal vere personleg. Du må gjerne ha med namnet ditt, men om du ønskjer å vere anonym er det sjølvsagt heilt i orden.

Alle Erasmus-studentar må i tillegg fylle ut Erasmus Student Report gjennom Mobilty Tool. Det blir automatisk sendt melding til deg etter utanlandsopphaldet er over. Dette må du gjere for å få ut siste del av Erasmus-stipendet. Les meir her om kva du må gjere med Erasmus etter utveksling.

Testing for tuberkulose og MRSA

Har du vore på utveksling må du vere særleg merksam på at du fyllar krav til testing for tuberkulose og MRSA. Du er sjølv ansvarleg for å la deg teste.