Før du reiser

Så snart du har fått innvilga eit utvekslingsopphald, kan du begynne å førebu deg. Under finn du ei sjekkliste over kva du må ordne før avreise.

Sjekkliste før du reiser

Svar!

Hugs å takke ja til tilbod om opptak ved vertsinstitusjonen og eventuell bustad.

Semesterregistrering

Du skal semesterregistrere deg og betale semesteravgift til HVL medan du er på utveksling. Viss du ikkje gjer dette mister du studieretten din ved HVL.

Avmelding til eksamen

Du må melde deg av eksamen ved HVL det semesteret du er ute. Dette gjer du i Studentweb.

Erasmus+ Grant Agreement og Student Charter

Alle studentar som reiser gjennom våre Erasmus-avtalar må signere Erasmus+ Grant Agreement og gjere seg kjent med Erasmus+ Student Charter. Du vil få desse dokumenta frå oss etter at du er tatt opp ved vertsinstitusjonen.

Eigenerklæring

Fyll ut eigenerklæring og send den til utveksling@hvl.no. Her oppgir du nødvendige opplysningar og kontaktinformasjon. Dette treng vi i tilfelle noko uforutsett skulle hende.

Lån og stipend

Søk lån og stipend frå Lånekassen så snart du får opptaksbrev frå vertsinstitusjonen. Viss du skal betale skulepengar må du dokumentere dette ved å laste opp opptaksbrevet ditt som vedlegg til søknaden.

Visum og pass

Enkelte land krev visum for studentar på utvekslingsopphald. Du må sjølv ordne med dette. Ta kontakt med det aktuelle landet sin ambassade i Noreg så tidleg som mogleg for å få informasjon om kva dokumentasjon dei krev. Du søker om visum etter at du har fått opptak til studiet, eller når praksisopplegg er stadfesta av vertsinstitusjonen i utlandet. 

I nokre land må du i tillegg til visum også ha opphaldsløyve. Ambassaden kan gi deg meir informasjon. 

Sjekk at du har pass som er gyldig i minst 6 månader etter at du er tilbake i Noreg.

Forsikring

Alle som reiser på utveksling med støtte fra Lånekassen har grunnforsikring gjennom folketrygda, men det inkluderer ikkje reise- og ulukkesforsikring, innboforsikring, heimtransport ved sjukdom med meir. Vi råder alle studentar som skal på utveksling å skaffe seg nødvendig forsikring utover det folketrygda tilbyr. ANSA og Norsk Student Organisasjon (NSO) tilbyr studentforsikring, men du står fritt til å velge den forsikringsleverandøren du ønsker.

Dersom du er helse- eller sosialfagstudent og skal ha praksisopphald i utlandet må du undersøke om du må teikne ansvarsforsikring som dekker erstatningsansvar dersom du påfører andre skade under praksisopphaldet. ANSA og dei fleste fagforbunda tilbyr slik forsikring til medlemmane sine.

Europeisk helsetrygdkort

Skal du på utveksling til Europa? Då anbefaler vi at du bestiller europeisk helsetrygdkort. Dette gir deg rett til behandling og støtte på lik linje med innbyggarane i det landet du skal opphalde deg i. Det gjeld innan heile EØS-området. Du må sjølv dekke utgifter til forsikring.

Språkførebuingar

Viss du skal på utveksling til eit ikkje-engelskspråkleg land, anbefaler vi at du tar eit språkkurs før du drar, sjølv om undervisninga foregår på engelsk.

Lånekassen kan gi økonomisk støtte til språkkurs.

DAAD har ei stipendordning for studentar på bachelor- og masternivå som har lyst til å ta eit sommar- eller fagkurs i Tyskland.

Erasmus-studentar må ta ein test gjennom Online Linguistic Support (OLS). Dette er ei uformell vurdering av språkkunnskapane dine. Du kan og få tilgang til språkkurs gjenom OLS.

Vaksiner

Ta kontakt med fastlegen din eller ditt lokale vaksinasjonskontor for å undersøke hvilke vaksiner du trenger. På folkehelseinstituttet kan du lese meir om reisevaksiner. Nokre vaksiner bør tas i god tid før du reiser, så vær tidleg ute.

Obs! Skal du ta praksis på utveksling? Ved nokre lærestadar krev dei at du tek særskilde vaksiner før du startar praksisopphaldet ditt. Ta kontakt med lærestaden din i god tid for meir informasjon.

Bustad

Dei fleste av våre partnarar tilbyr hjelp til å finne bustad. Du finn informasjon om dette på nettsidene deira eller ved å ta kontakt med internasjonalt kontor på lærestaden.