Reis miljøvenleg på Erasmus+

Skal du på Erasmus+ og bryr deg om klima? HVL oppfordrar deg til å reise miljøvenleg. Drar du på utveksling med Erasmus+ og nyttar miljøvenlege framkomstmiddel, kan du vere med i trekkinga av eit miljøstipend på 2000 kroner.

Miljøstipend

HVL har 20 stipend à 2000 kroner for studentar som har reist miljøvenleg til eller frå utveksling. Du deltek i trekkinga av ei stipendgaranti ved å melde di interesse til oss på e-post innan fristen. Stipendet løysast inn ved å sende inn bevis på miljøvenleg reise til eller frå utveksling.

Vilkår for deltaking

  • Trekkinga er open for høgskulen sine studentar som har fått innvilga plass på utveksling gjennom Erasmus+. Dette gjeld studentar som tar anten fag eller praksis, uavhengig av lengde på utvekslinga. 

  • Stipendgaranti tildelast i samband med reise til eller frå utveksling. Ein student kan berre delta det semesteret hen er på utveksling. Er studenten på utveksling i to semester kan hen delta begge semestera. 

  • For at eit bidrag skal verte vurdert, må det nyttast miljøvenleg transport under heile reisa.  Reisestrekning og dato for reisa må vere synleg på reisebeviset.  

  • Med miljøvenleg transport reknast buss eller tog. Viss du vel andre miljøvenlege løysingar må du ta kontakt med INT-ADM@hvl.no. 

Korleis deltek du? 

Du deltek ved å sende ein e-post med tittel “Miljøstipend” som inneheld namn og studentnummer til INT-ADM@hvl.no innan 1. februar for vårsemesteret, og innan 1. juni for haustsemesteret. 

Tildeling

Det vert delt ut opp til 10 stipendgarantiar à kr 2000 kvart semester i 2020. Trekkinga vert gjort første virkedag etter frist for deltaking, av ein person frå Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon med to vitnar til stades.  

Utbetaling

For å få utbetalt stipend må alle bevis på miljøvenleg reise sendast inn til INT-ADM@hvl.no innan 10. august (for utveksling i det føregåande vårsemesteret) eller 10. februar (for utveksling i det føregåande haustsemesteret). Dersom ein student ikkje har gjort heimreisa innan desse datoane, kan kvittering for planlagt reise sendast inn. 

Offentleggjering 

Vinnarane av miljøstipendet blir kontakta per e-post for organisering av utbetaling. Tildelinga blir òg publisert på HVL sine nettsider og i sosiale media. 

Atterhald  

  • Dersom det er under 10 bidrag i trekkinga for gjeldande semester, blir det berre tildelt tilsvarande tal på stipendgarantiar. 

  • Vi tar atterhald med utbetaling av stipend dersom bevis for gjennomført reise ikkje er tilstrekkeleg eller truverdig. 

  • Stipend som har blitt garantert for, men ikkje nytta, vil kunne delast ut i ei ny trekking. Det vert då trekt blant deltakarane som ikkje fekk tilslag i første runde. INT-ADM kontaktar den/dei det gjeld ved høvet.