Utveksling for grunnskulelærarutdanning 5.-10. trinn

Krav til innhald og progresjon i grunnskulelærarutdanninga set føringar for kva du kan få godkjent som utveksling. Kvar du kan reise er avhengig av kva fag du ynskjer å ta når du er på utveksling.

Søknadsfrist for å dra på utveksling er 1. februar for haustsemesteret og 15. september for vårsemesteret. Du søkjer gjennom Søknadsweb.

Når kan du reise?

Går du på grunnskulelærarutdanning 5-10, kan du reise på utveksling i 3. semester, 5. semester og 6. semester.

I 3. semester er det mogeleg å reise på utveksling i andre del av fag 2. Pr no er det utvikla utvekslingstilbod i fag 2 for engelsk (York) og matematikk (København). Her vil det kome tilbod i fleire fag etter kvart.

I 5. semester er det mogeleg å reise på utveksling i skulerelevante fag. Praksisen i dette semesteret vert avvikla enten før eller etter utveksling.

I 6. semester er det mogeleg å reise på utveksling i fag 1 eller 3. Dette semesteret er det både praksis og ei FoU-oppgåve inkludert i semesterplanen. Fagmiljøa er i gang med å kvalitetssikre gode utvekslingsavtalar der det er mogeleg å ta praksis og skrive ei FoU-oppgåve.

Sjå meir informasjon om studieløpet på grunnskulelærarutdanninga 5-10. trinn her

Kor kan du reise?

Kor du kan reise er avhengig av kva fag du ynskjer å ta når du er på utveksling. Kva fag du kan ta vil òg vere avhengig av krav og progresjon i studieløpet, samt kva fag du allereie har valt og kva fag du ynskjer som masterfag, i tillegg til kvar det er krav om 60 studiepoeng for å kunne ta master i eit bestemt fag. 

Undervisningsfag i grunnskulen

Dei ulike utvekslingsdestinasjonane er gruppert i undervisningsfag. Kvart fag vil ha ein fagleg kontaktperson som studentane kan kontakte for rettleiing og spørsmål om vidare utdanningsløp. Du kan reise på utveksling i undervisningsfag 3., 5. og 6. semester. 

Skulerelevante fag

Skulerelvante fag er fag som ikkje er undervisningsfag i grunnskulen, men som likevel er relevant for skulen. I 5. semester er det mogeleg å reise på utveksling i skulerelevante fag.

 

Har du generelle spørsmål om utveksling kan du ta kontakt med studierettleiiarane på campusen din. 


Er du klar for verda?

Her finn du informasjon om dei ulike stega på vegen mot eit studieopphald i utlandet.

Slik søker du utveksling