Reis med Erasmus+

Erasmus+ er det største utvekslingsprogrammet i verda. Reiser du med Erasmus+ slepp du å betale skulepengar og du får Erasmusstipend i tillegg til støtte frå Statens Lånekasse. Som student på HVL kan du velje mellom over 150 partnarinstitusjonar i Europa.

Ser du ikkje videoen? Du må tillate marknadsføringscookiar for å spele av videoen. Endre cookieinnstillingar her

Kven kan reise med Erasmus+? 

Alle studentar ved HVL, frå bachelor til ph.d., kan reise med Erasmus+ dersom studiet ditt har ein utvekslingsavtale med ein av våre Erasmuspartnarar. Målet med eit studieopphold i utlandet gjennom Erasmus+ er å få utteljing både fagleg, språkleg, kulturelt og personleg.

Kor kan du reise?

Dei fleste europeiske partnerinstitusjonar utanom dei britiske og sveitsiske er dekka av Erasmusavtalar, men sjå kva avtalar som er tilgjengeleg for Erasmus+ på ditt studie her. Du kan og sjå kva som er tilgjengeleg for deg i appen HVL Utveksling.

 

Du kan besøka byar som du aldri hadde reist til berre på ferie.

Kristina, lærarstudent på utveksling i Nederland haust 2019

Stipend

Reiser du med Erasmus+ kvalifiserar du til å få ekstra stipend. Stipendet får du i tillegg til støtte frå Statens Lånekasse. Du får utbetalt 80 % av stipendet ved avreise og 20 % etter heimkomst.

Stipendsatsar fra og med hausten 2023:
€ 530 pr månad for høgkostland (Danmark, Finland, Island, Irland og Sverige).
€ 470 pr månad for lågkostland (alle andre programland).
+ € 150 pr månad i tillegg dersom opphaldet er eit reint praksisopphald.

Tilleggsstipend og inkluderingsstøtte
1. Tilleggsstipend for studentar med born under 18 år, studentar med funksjonsnedsettelse eller kroniske sykdommer og studentar med flyktningstatus får eit tillegg på € 250 pr månad. 

2. Studentar med varig funksjonsnedsettelse eller kronisk sjukdom som gjer at deltaking i Erasmus+ ikkje er mogleg utan ekstra stønad kan óg motta inkluderingsstøtte. Dette gjeld i tilfelle der kostnaden ved å dra på utveksling er høgare enn støtta ein får til vanleg og der støtte frå andre kjeldar ikkje er mogleg. Ekstrastønaden frå Erasmus+ dekker i desse høva faktiske, godkjende, kostnader.

Gjeld dette deg? Send epost til international@hvl.no.  

Slik får du stipendet
Du følgjer heile prosessen frå søknad om utveksling til godskriving når du har komen heim i appen HVL Utveksling. Det er og der du registrerer deg for Erasmus+stipend. 

 

Trekk

Dersom du trekk deg frå Erasmusopphaldet kan HVL krevje tilbake heile eller deler av stipendet.

Miljøvenleg reise

Reiser du miljøvenleg på minimum 50 % av heile reisa til og frå Erasmus-opphaldet ditt får du ekstra stipend frå Erasmus, i tillegg til stipend for opp til fire reisedagar enn om du ikkje reiser miljøvenleg. Du kan og vere med i trekkinga om HVLs miljøstipend

Slik går du fram for å bli Erasmusstudent  

Før du byrjar på desse punkta er det ein føresetnad at du har fullført og fått godkjent intern søknad om utveksling frå HVL til ein europeisk partnerinstitusjon. Har du ikkje søkt HVL om utveksling må du gjere det først.

Før utreise

1. Online Learning Agreement (OLA) / Learning Agreement

Online Learning Agreement (OLA) vert oppretta av sakshandsamar ved HVL. og fyllast ut av deg etter du har fått godkjent intern søknad om utveksling til eit europeisk land. Les meir om OLA og finn brukarrettleiing her.

Learning Agreement og OLA er ein avtale mellom student, heimeinstitusjon og partnarinstitusjon. OLA skildrar innhaldet i utvekslinga og er ofte ein del av søknaden til partnarinstitusjon.

2. Søk direkte til partnarinstitusjon

Sakshandsamar ved HVL gjev melding til partnarinstitusjonen om at du har fått opptak til utveksling. Deretter blir du kontakta med informasjon om søknadsprosessen. Rettleiing om innhaldet i søknaden vert gitt av partnarinstitusjonen. 

HVL si Erasmuskode er N BERGEN14, i fall du treng det til søknaden din.

3. Send kopi av opptaksbrevet

Så snart du får opptak frå partnarinstitusjonen, lastar du det opp i appen. 

NB! Opptaksbrevet må inkludere datoane for studentane sitt utvekslingsopphald.

4. Språkførebuing

Som Erasmusstudent får du tilgang til språktest og språkkurs om du ynskjer å førebu deg for opphaldet. Verktøya ligg på nettstaden til EU Academy.

Meir informasjon får du sendt på e-post av din sakshandsamar. 

5. Erasmusstipend

For å motta Erasmusstipend må du signere Erasmus Grant Agreement og registrere informasjon for utbetaling. Bankkontoinformasjon og informasjon om polisenummer for forsikring skal fyllast inn i denne søknaden. Ved å fylle inn denne informasjonen godkjenner du også at du har lest og forstått innhaldet i Erasmus Grant Agreement. Du gjer dette i appen.

Erasmus Grant Agreement er ein stipendkontrakt mellom student og HVL.

 

Før heimreise

1. Confirmation of Stay

Du må få bekrefta utvekslingsdatoane for opphaldet gjennom Confirmation of Stay. Skjemaet skal fyllast ut og signerast av partnerinstitusjonen. Sjå mal for Confirmation of Stay.

Etter heimkomst

1. Godkjenning av utvekslingsopphaldet

  • Karakterutskrift: Når du har fått karakterutskrift frå utvekslingsopphaldet, skal du sende den inn til fakultetet ditt.
  • Confirmation of Stay: For å stadfeste utvekslingsopphaldet ditt på Erasmus, må du få ein Confirmation of Stay frå vertsinstitusjonen din. Denne skal sendast til sakshandsamar ved HVL. Du kan bruke mal både frå vertsinstitusjonen eller frå HVL

3. Erasmus Participants Report

Du får sendt ein rapport til utfylling frå Erasmus+-programmet. Denne er obligatorisk.

4. Siste utbetaling av Erasmusstipendet

Når punkta over er fullført vil du motta dei siste 20% av Erasmusstipendet.

Kvifor reise med Erasmus+? 

  • Du får meir pengar til å nyte opphaldet!
  • Korte avstandar - og du har råd til å utforske Europa!
  • Studér på gode europeiske universitet utan å betale skulepengar!
  • Du kan kombinere utdanning med utanlandsopphald!
  • Bli ein del av Erasmus Student Network!
  • Du får nye vennar og utvida nettverk!
  • Du får betre språkkunnskapar!
  • Du kan besøke byar som du aldri hadde reist til berre på ferie!
  • Du deltar i verdas største utvekslingsprogram! 

Les meir om kva retter og ansvar du har i Erasmus Student Charter.