Informasjon om koronatiltak

HVL opnar opp for fysisk undervising, og ønskjer studentar og tilsette velkommen tilbake på campus. Vi samarbeider med vertskommunane våre for å gje studentar best mogleg tilgang på hurtigtestar. 

Oppdatert 5. april 2022

HVL legg opp til gradvis normalisering av drifta i tråd med dei nye retningslinjene frå Regjeringa. Vi vil gjennomføre den fysiske undervisninga som er planlagt i timeplanen så fort det lar seg gjere fagleg og praktisk, og ønskjer både studentar og tilsette velkommen tilbake til campus. For mange kan vil normaliseringa verke utrygg, men styresmaktene har no bede oss om å ta kvardagen og helgane tilbake. Samtidig seier dei at mange vil bli smitta framover og at det er ein naturleg, men akseptert konsekvens av normaliseringa. Vis likevel omsyn til dei rundt deg og hald deg heime om du er sjuk.

Klikk for å sjekke kva du gjer om du har luftveissymptom (FHI).

Reiser, møter og arrangement kan gjennomførast utan eigne tiltak. Hugs at tilsette, jf. reisereglementet for HVL, SKAL bestille tog, fly og hotellovernatting gjennom Berg-Hansen reisebyrå.

Retningslinjer for smittevern på HVL

Studentar og tilsette har ansvar for å følge retningslinjene for smittevern til ei kvar tid. Vi minner óg om smittevernråda frå Folkehelseinstituttet. 

Du finn meir nyttig informasjon på nettsidene våre for studentar.

Er du i praksis?

Hold deg orientert i Canvas om undervisning, praksis og andre læringsaktivitetar.

Utveksling våren 2022

Utveksling ved HVL går førebels som normalt. Dersom ein har spørsmål rundt utvekslingsopphald er det viktig at ein kontaktar fagleg kontaktperson eller andre ressurspersonar knytt til studieprogrammet, samt studierettleiar knytt til fakultet. E-postadressa international@hvl.no vil vere betjent.

Treng du nokon å snakke med?

I koronasituasjonen lever vi med ei usikkerheit som vi ikkje er vant til, og det sosiale livet er avgrensa. Dette kan vere ei psykisk belastning og mange kan oppleve at livet er vanskeleg. Då kan det hjelpe å snakke eller skrive med nokon. 

Her kan du sjå kven du kan snakke med.