Trygg reise

Det er viktig at du tek vare på deg sjølv og medstudentane dine medan du er på utveksling. Her er nokre tips til korleis du held deg på den sikre sida i utlandet.

10 fornuftige forholdsreglar på utveksling

  • Følg dei offisielle reiseråda til UD
  • Hald deg oppdatert om sikkerheitssituasjonen i området der du oppheld deg
  • Følg lover, reglar og råd som gjeld landet du bor i, og vis respekt for lokal skikk og bruk
  • Hald familien heime orientert om kor du er
  • Det er lurt å ha litt kontantar, men gå aldri med mykje pengar eller verdiar på deg
  • Vern deg mot malaria og smittsame sjukdommar
  • Bruk sunn fornuft når det gjeld kva og kor du et, og ver forsiktig med alkohol
  • Dersom du blir rana - ikkje set deg til motverje
  • Bruk bilbelte
  • Vis omsorg for medstudentane dine