Under opphaldet

Dette må du passe på medan du er på utveksling.

Kontaktopplysingar

Så snart du har fått deg bustad i vertslandet, må du oppdatere opplysingane dine i Studentweb. Mange norske ambassadar og konsulat ønskjer at norske statsborgarar skal registrere seg hos dei. Som ein hovudregel bør du registrere deg ved lengre opphald i alle land utanfor Europa/ Nord-Amerika.

Registrering gjer du online via reiseregistrering.no.

Endringar i førehandsgodkjenninga

Dersom det oppstår endringar i studieplanen din ved vertsinstitusjonen, må du søke om ny godkjenning. Eventuelle endringar kan elles føre til at du ikkje får godkjent opphaldet inn i studieprogrammet når du kjem heim. Du må også melde frå dersom du vurderer å avbryte eller utvide utvekslingsopphaldet.

Avbrutt utveksling - stryk

Må du avbryte utvekslingsopphaldet ditt og reise heim, er det viktig at først informerer vertsinstitusjonen din om dette og deretter gje beskjed til HVL. Det gjer du ved å ta kontakt med studieveileder på fakultetet ditt og din fagleg kontaktperson.

Dersom du stryk på eksamen medan du er på utveksling uten å ta konteeksamen på vertsintitusjonen, må du ta att det tapte når du kjem tilbake til HVL. Du må sjølv undersøke med vertsinstitusjonen om dei tilbyr konteeksamen. Merk at konteeksamen i utlandet kan skje på eit seinare tidspunkt enn utvekslingperioden din! 

Karakterutskrift

Som student har du ansvar for å skaffe karakterutskrift eller stadfesting frå vertsinstitusjonen din ved avsluttande utvekslingsopphald. Denne dokumentasjonen vil legge grunnlag for og godskriving av utvekslingsopphaldet ved HVL. Her kan du sende inn karakterutskrift eller stadfesting.

Skal du på praksisutveksling utanom Erasmus+, og du ikkje får karakterutskrift frå opphaldet, må du få med ei stadfesting av at praksisopphaldet er gjennomført. Kontakt praksiskontoret på fakultetet ditt for å få skjema for stadfesting før du reiser.

Confirmation of stay

Dersom du er Erasmusstudent, vil HVL trenge stadfesting på at du har fullført eit utvekslingsopphald gjennom Erasmus+ programmet. Ta kontakt med internasjonal koordinator på vertsinstitusjonen din og be hen fylle ut skjemaet vårt. 

Last ned skjema Confirmation of Stay (pdf)

 

Lever inn skjemaet med Confirmation of stay her når det er ferdig utfylt.  

Tryggleik

Det er viktig at du tar vare på deg sjølv og medstudentane dine medan du er på utveksling. Les meir om tryggleik og beredskap.

For å forberede deg på å reise bør du lese meir om tryggleik og beredskap på sikresiden.no