Nysgjerrig på kvifor ting fungerer som dei gjer

Hedda har alltid likt realfag og ville ta ei utdanning som både var teoretisk og praktisk.

Navn: Hedda Vik Askeland
Kjem frå: Bergen
Campus: Bergen
Utdanning: Bachelor i kjemiingeniør

– Eg valde dette studiet fordi eg ville ta ei realfagleg utdanning som baserer seg på å jobbe både teoretisk og praktisk. Som kjemiingeniør jobbar ein mykje praktisk på laboratorium i tillegg til PC-arbeid, seier Hedda.

Kan du fortelje litt om korleis studiet er lagt opp?

– Studiet har hovudfokus på fag som er knytt til miljøteknologi og prosessteknologi. Faga handlar om mange ulike tema som analyseteknikkar, miljøvennlege kjemikaliar, separasjon, varmetransport, samt korleis industrielle prosessanlegg fungerer.

Du får undervisning i klasserom slik at det er lett å bli kjend med medstudentane, og i tillegg praksisnær øving i laboratorium. I løpet av bachelorgraden kan du ta valfag der du har praksis i ei lokal bedrift. Siste semester jobbar du med bacheloroppgåve som kan utførast ved høgskulen eller eksternt i ei bedrift.

Kva er det kjekkaste med studiet?

– Det eg likar best med studiet er alt det praktiske vi lærer på laboratoriet, og alt det teoretiske vi lærer av eit labforsøk.

Bergen – ikkje for liten, ikkje for stor

24-åringen syns Bergen har eit spennande studentliv, og seier det er mykje som skjer her. Det er også ein bonus at familien bur nærme.  

– Det beste med å bu i Bergen er størrelsen på byen, den er ikkje for liten og ikkje for stor. Det meste er nærme, og viss du vil ta deg ein fjelltur etter nachspiel treng du ikkje å gå langt!

Vil forske på skjulte stoff i naturen

Når ho er ferdig med bacheloren ønskjer Hedda å gå vidare på master i naturstoffkjemi.  

– Eg vil forske på stoff ein kan finne i naturen som ikkje allereie har blitt oppdaga.

Kvifor vil du anbefale bachelor i kjemiingeniør til andre?

– Eg vil anbefale dette studiet fordi det har mange interessante fag. Faglærarane er veldig dyktige og gir deg god oppfølging. I tillegg er laboratoriet moderne, og bidrar til eit lærerikt studium.

Kan bachelor i kjemiingeniør vere noko for deg?