– Historie gjev innsikt i kva som har ført oss dit vi er no

– Her er det små forhold, lærarane snakkar med deg når du treffer dei på kantina, seier René Baardsen som er lærarvikar og sportsleg leiar i Sogndal handball.

René Baardsen byrja på bachelorprogrammet i historie, til og med etter å ha teke bachelor idrett og kroppsøving. Kvifor?

– Historie er eit fag som alltid har interessert meg, det gjev innsikt i kva som har ført oss dit vi er no. Eg vil bli vidaregåandelærar, og det er eit fag eg gjerne vil undervise i attåt idrettsfaga. Eg vart positivt overraska over dei samfunnsfaglege innslaga i utdanninga, det gjer det lettare å dra parallellar med notida, fortel han.

Eg kom til Sogndal fordi eg hadde høyrt mykje positivt om miljøet og staden, og har ikkje angra!

René Baardsen

Baardsen kjem frå Randaberg i Rogaland, og fortel at han valde Sogndal sjølv om han hadde kome inn på Elverum som har eit sterkare handballmiljø.

– Studentmiljøet her er ekstremt bra, her får du att for det du legg inn i det. Det er småe forhold, lærarane både på idrett og historie snakkar med deg om du treffer dei i kantina – du kjenner at du blir sett. På oppgåveskrivinga har eg fått meir oppfølging enn eg hadde håpa og trudd. Eg kom til Sogndal fordi eg hadde høyrt mykje positivt om miljøet og staden, og har ikkje angra.

I bacheloroppgåva skreiv han om bygginga og drifta av Sognahallen.

– Eg har vore mykje med i lokalidretten her, og det har vore og er ein diskusjon om hallflatene i Sogndal. Eg ville sjå på kva planane bak Sognahallen faktisk var, og korleis dagens situasjon med berre éi handballflate vart skapt.

– Det var svært interessant å arbeide med primærkjelder som kommunearkiv, årsmeldingar og årsrapportar frå idrettslag og selskap framfor berre å lese sekundærlitteratur forma av andre sine blikk.

Oppgåva vekte merksemd, og Baardsen skreiv ein kort artikkel basert på oppgåva både i Sogn Avis og handballbladet til Sogndal IL.