Simen (21) valde å bli dataingeniør

Simen er snart ferdig utdanna dataingeniør frå Høgskulen på Vestlandet. Kunnskapen frå studiet kjem godt med når han no er med og startar gründerbedrifta Hmm Norge – ein nettstad der studentar kan evaluere leigemarknaden.

Navn: Simen Osland Romstad
Kjem frå: Sogndal
Campus: Bergen
Utdanning: Bachelor i dataingeniør 

Simen Osland Romstad fekk interesse for programmering allereie på barnerommet, og programmerte spel, nettsider og servere til ulike speltenester. For første gong får han betalt for å gjere det, i det minste i form av askjeeigedelar i den studentoppstarta gründerbedrifta Hmm Norge.

– Mange studentar har dårlege leigeopplevingar fordi dei ikkje veit på førehand kva dei går til. Det ønsker vi at Hmm Norge skal gjere noko med, fortel Romstad.

Kom til HVL for å finne programmerar

Sida skal motivere utleigarane til å ha så fornøgde leigetakarar som mogleg, og på den måten skape ein betre leigemarknad. Du kan bedømme både pris, støy, romløysing, fukt, naboar med meir.

– Det begynte med at Fabian A. Johannessen, som starta opp bedrifta, kom til Høgskulen på Vestlandet for å finne programmerarar. Han trengde nokon til å bygge opp ei nettside, og hadde høyrt at han kunne finne nokon ved HVL, fortel Romstad.

Bruker kunnskapen frå studiet

Romstad melde si interesse. Fabian A. Johannessen hadde så langt fått ein person i utlandet til å setje opp ei WordPress-side, men fann fort ut at den ikkje innehaldt alle dei kvalitetane han trengde. Sjølv kunne han ikkje programmere.

– Etter litt søking på nettet forstod eg at HVL var ein skule der det fanst mange potensielle programmerarar. Eg ønskte nokon eg kunne samarbeide med her i Bergen, og som var motiverte for å gjere jobben ved å bruke kunnskapen dei hadde frå studiet, seier BI-studenten Fabian A. Johannessen.

– Simen er heilt eksepsjonell og han finn alltid ei løysing uansett kva slags kompliserte problemstillingar eg kjem med.

Hentar inn kart over Bergen

I Hmm Norge må Romstad nytte både Google Maps og Kartverket, som har register på alle hus i Noreg. Bedrifta vil først konsentrere seg om utleigemarknaden i Bergen by.

– Eg har lært mykje frå studiane, både om generell programmering, webutvikling, og om teknologileiing. Til no har eg arbeidd mest med back-end, altså det som ligg bak ei nettside, og mindre med front-end. Det siste skulle eg ønske vi kunne lært endå meir om på studiet.

Ettertrakta på arbeidsmarknaden

Trass i at Romstad hadde interesse for spelprogrammering, var ikkje val av studieprogram heilt sjølvsagt på vidaregåande.

– Før eg begynte å programmere, trudde eg det var vanskeleg, som å lære seg eit nytt språk for eksempel. Men når eg begynte var det ikkje så utfordrande likevel.

– Eg ville jo etter kvart bli spelprogrammerar, men i realiteten er det få jobbar akkurat innan dette. Dei fleste programmerarar jobbar med å utvikle tenester, som for eksempel banktenester.

Til slutt søkte han seg inn på dataingeniørstudiet ved HVL i Bergen.

– Begge foreldra mine er ingeniørar, så eg ville også bli ingeniør. Den andre grunnen var at eg hadde kjennskap til HVL frå Sogndal, heimbygda. Skulle eg først ut av Sogndal for å studere, så ville eg halde meg på Vestlandet, fortel studenten.

Snart tre år seinare har han allereie fått fast jobb i konsulentselskapet Bouvet, men Romstad skal ikkje slutte i Hmm Norge av den grunn.

– Kanskje det veks og tar over heile Bergen. På sikt vil eg gjerne ta ein master, noko som er positivt å ha i bransjen. Sjølv om det er lett å få jobb med ein bachelorgrad.