Vil finne grøne løysingar for framtida

Sondre valde å studere fornybar energi fordi han ville bidra til det grøne skiftet, og få ei betre forståing av klimaproblematikken vi står overfor.

Namn: Sondre Thorsen Siglevik
Kjem frå: Bergen
Campus: Sogndal
Utdanning: Fornybar energi

– Det beste med Sogndal er naturen og det sosiale. På en så liten plass er det overraskande mykje som skjer, seier Sondre. 

Har fokus på eit emne om gongen

– Studiet har blokkfag, noko som gir oss moglegheit til å fokusere på eit emne om gongen. Slik slepp vi den store oppsamlinga av eksamen på slutten av semesteret.

– Det er eit breitt studium, og vi har vore innom mange ulike emne. Vi lærer blant anna om økologi, landskapsinngrep, geologi og fleire fag tett mot fornybar sektor, fortel Sondre.  

Kjekt med praktisk undervisning

– Eg har likt best dei faga som er retta mot fornybar energi. Eg har også likt godt å vere på ekskursjonar og lab. Slik lærer vi korleis ting fungerer i praksis.

– Eg er glad i realfag, men det er også desse faga som har vore mest krevjande og tatt mest tid.

Sondre er usikker på kva han vil jobbe med når han er ferdig på studiet.  

– Det hadde vore artig å jobbe i ei bedrift som utviklar, utbetrar eller etablerer løysingar i fornybar sektor. Eg ønskjer å bli ein del av ei nyskapande satsing der eg kan forme eller forbetre grøne løysingar.

Sondre

Ei utdanning som gir deg valmoglegheiter

– Dette er eit breitt studium som gir eit godt overblikk. Dette kan vere både positivt og negativt. Mangfaldet av fag gjer at ein ikkje blir spissa inn mot ein spesifikk jobb, noko som er ønskjeleg for mange. Men på den andre sida gir det eit større spekter av valmoglegheiter, både for jobb og vidare studium.   

Høyres dette studiet ut som noko for deg? Les meir om bachelor i fornybar energi!