Johannes vil jobbe meir med musikk, både som musikar og som lærar i musikkfaget

- Eg vil absolutt anbefale dette masterstudiet til andre!

– Eg hadde høyrt mykje positivt om den kreative masterutdanninga på Stord og om måten dei jobbar på. Ein av grunnane til at eg valde utdanninga, er at ein kan gjere kunstarbeid som ein del av masteren, seier 37-åringen frå Fitjar.

Opne for sprø idear

Aadland trivst veldig godt på master i kreative fag og læreprosessar og skryt veldig av forelesarane på studiet.

– Lærarane er særs kunnskapsrike og hjelpsame, og ein sit att med ei kjensle av at dei verkeleg ynskjer at me skal få det til. Dei er også opne for våre til tider sprø idear, noko som gjer det lettare å vere kreativ. Eg har hatt det veldig kjekt både på samlingar og i arbeidet med masteren.  

For Aadland er det kjekkaste med masterutdanninga at han får jobbe med kunstnarleg verksemd. Det å få utfordre seg sjølv til å reflektere meir om dei skapande prosessane og vidareutvikle desse, er ei veldig god erfaring.

– Det er også kjekt å jobbe med flinke medstudentar som brenn for faget, seier han.

Improvisasjon, metode og masterarbeid

– Kan du fortelje litt om kva du lærte om i det første året i masterutdanninga?

– Vi lærte mellom anna om kreativitet og improvisasjon og korleis dette kan brukast i skulen. I musikkfaget jobba vi mellom anna med å skrive kronikk om forskjellige problemstillingar i musikkmiljøet. I dette året skreiv vi også masterskisse og hadde performace som integrerte dei ulike disiplinane som deltakarane i gruppa hadde som valfag. I musikk fekk vi mellom anna undervisning i komposisjon frå ein kjent komponist.

– Kva skjer så i andre året?

– Vi byrja å samle informasjon til masterarbeidet og hadde undervisning i metode. Dette forma grunnlaget til ei oppgåve der me skreiv om korleis ein kan jobbe metodisk med ei tenkt problemstilling. Det siste halvåret jobba vi med å skrive master. Her var det spesielt fokus på å utvikle gode problemstillingar og gjere analysearbeid. Det siste halvåret måtte ein dessutan jobbe sjølvstendig med det ein forska på. 

Små gjennombrot undervegs

Ifølgje 37-åringen kan det vere krevjande å jobbe med masterarbeidet.

– Masterarbeidet er stort og når ein jobbar med det, kan ein av og til kjenne at ein ikkje har full oversikt over det som ein prøver å forstå. Det kan til tider vere både utfordrande og irriterande. Men løna er dess større når ein kjenner at ein har dei store gjennombrota. Eller når ein klarer å gle seg over dei små gjennombrota som ein får undervegs.

Når han er ferdig med studiet, ynskjer Aadland å jobbe meir med musikk, både som musikar og lærar i musikkfaget.

– Eg vil absolutt anbefale ein master ved Høgskulen på Vestlandet. For min eigen del ser eg fram til å møte elevane på ein kreativ måte og skape musikk og oppsetjingar med dei og for dei.

Ønsker du å ta en masterutdanning i kunst og håndverk, drama, musikk, eller barne- og ungdomslitteratur? Velg den nye samlingsbaserte masterutdanninga i kunstfag ved Høgskulen på Vestlandet.