Blid gjeng med fadrar i trapp inne på campus Bergen.

Fadderordninga

Bli kjend med dei du skal studere med og studiestaden din!

Fadderveka er i veke 33, og er for alle studentar på studieprogram som har oppstart denne veka, enten det er årseiningar, bachelor- eller masterprogram. Du vil få utdelt fadderarmband og få plass i ei faddergruppe.

Dei første dagane vil du og faddergruppa di få omvisning på campus og på studiestaden elles. Det blir ulike sosiale samlingar for faddergruppa, og samlingar for nye studentar. Vi oppfordrar deg til å ta del i mykje av det som skjer i faddergruppa og fadderveka, slik at du fort blir kjent med andre!