Fadderordninga i Sogndal

Kjære nye student! Vi gler oss til å bli kjent med deg og vil at du skal få ein god start på studietida di i Sogndal. Vi håpar at du har lyst til å bli med på fadderveka saman med oss! Fadderveka i 2024 blir arrangert 12.-18. august.

Fadderveka er i veke 33, og er for alle studentar på studieprogram som har oppstart denne veka, anten det er årseiningar, bachelor- eller masterprogram. Du vil få utdelt fadderarmband og få plass i ei faddergruppe.

Programmet er ikkje klart enno, men vil bli lagt ut på denne nettsida.

Fadderveka i Sogndal