Kvilerom og stellerom i Bergen
Treng du ein pust i bakken, eller ein stad å amme eller stelle ein baby?
Kvilerom
Høgskulen tilbyr kvilerom for studentar som treng å kvile seg eller amme. Du er velkommen til å bruke kvileromma ein avgrensa periode i løpet av dagen. Det skal berre vere ein person på kvilerommet om gongen.
Desse kvileromma blir nytta av studentar og tilsette:
- B225 Kronstad 1 (liggebenk og stol)
- L232 Kronstad 1 (liggebenk og stol)
- D432 Kronstad 1 (liggebenk og stol)
- F403 Kronstad 1 (stol)
- M161 Kronstad 2 (liggebenk og stol)
Bruk vanleg adgangskort for tilgang til rommet. Det er skilt på døra som viser om rommet er ledig eller opptatt.
Kvileromma kan ikkje reserverast, men i eksamensperioden har administrasjonen høve til å reservere rom på vegner av studentar med særskilde behov.
Stellerom
Høgskulen tilbyr stellefasilitetar for baby på desse handicaptoaletta:
Kvilerom blir nytta til amming.
Rom for tru og tanke
På Kronstad er rom A431 i K1 sett av til studentar og tilsette som ønskjer å trekkje seg tilbake for bønn, meditasjon eller ettertanke. Alle er velkomne til å bruke rommet i ein begrensa periode i løpet av dagen.
Rommet kan ikkje reserverast, men det er opptatt/ledig-skilt på døra. Alle har tilgang til rommet med vanleg adgangskort.
I K2 finn du eit rom for tru og tanke i M502.