Rom i Bergen som har FM-sendar
Mange av undervisningsromma på Kronstad har FM-sendarar for hørselshemma.
Rom på Kronstad som har FM-sendar:
- Auditorium 1–15 (B115, B117, C114, C115, C121, D111, D112, D113, D121, D122, E105, E106, F117, F118, F119)
- G118
- L132
- E204
- Alle undervisningsrom i K2
Auditoriumet Mimes Brønn har teleslynge.
Du kan henge FM-mottakaren rundt halsen, og du vel sjølv om han skal sende til eit høyreapparat eller til eit headset.Ved bruk av FM-halsslynge må forelesar bruke mikrofonen i klasserommet. Det er mikrofonen som sender lyd til FM-sendaren som igjen sender til mottakaren din.
I Bergen har vi 4 FM-mottakarar til utlån. Desse kan du hente i Servicesenteret i 1. etasje ved hovudinngangen, og levere tilbake same stad.