Studentbyen Bergen

Koselige smau, kule utestadar, spennande festivalar og kort veg til vakker natur. Til saman dannar dei bildet av kvifor studentane elskar Bergen.

Bergen har eit vakkert, oversiktleg og passe stort sentrum med mykje å finne på. Berre 10 minutt med Bybanen frå campus på Kronstad, står du midt i hjertet av byen.

Kronbar og Kvarteret

Konsertscenene byr på artistar frå både innland og utland. Sjekk gjerne programmet til USF Verftet, Hulen, Kvarteret, og på studentanes eigen bar på campus, Kronbar.

Kvass i quiz?

Er du glad i å gå på debattar eller foredrag skjer det mykje på Litteraturhuset i Bergen og Bergen offentlige biblioket. Det sistnemnte er for øvrig eit veldig vakkert bygg som også egnar seg godt til eksamenslesing.

Er du glad i quiz? Då har du valt rett by! Café Opera, Elefanten, Dr. Wiesner, Victoria pub, Inside og Finnegans er berre nokre av stadene du kan ta med deg quizlaget ditt.

Jazz, film eller pride

Bergen er også ein by full av festivalar. Bergen internasjonale litteraturfestival, Bergenfest, Nattjazz, Festspillene i Bergen, Borealis, Regnbuedagene, Ekkofestivalen og Bergen internasjonale filmfestival er berre nokre av dei.

Som dei fleste veit er det også kort veg til naturen frå Bergen by. Kva med ein måneskinstur i Fjellveien med heile byen for dine føter? Eller ein svett tur opp trappene til Ulriken, Bergens tak?

Velkommen til studentbyen Bergen!

ps: Du kan bli bedre kjent med Bergen på Utdanning i Bergen sine sider.