Kajakk i Førde

Aktiv fritid i Førde

Det er ei rekke tilbod til deg som ønskjer å vere aktiv i studietida i Førde. Du er tett på vakker vestlandsnatur, og har også mange innandørs tilbod å velje mellom.

Kulturkort for Førdestudentar

Studentar i Førde får 50 prosent rabatt på kino og konsertar frå hausten 2021. Foreløpig er det kino og konsertar i Førdehuset og på Larris scene, Sunnfjord hotel som inngår i kulturkort-tilbodet.

Når du bestiller billett velger du kategorien for "Førde-student" slik at du får rabatten. Når du kjem i døra viser du studentbevis (der det på baksida står «returadresse Førde») og kvittering for betalt semesteravgift. 

Sunnfjord kommune, Høgskulen på Vestlandet og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er med i spleiselaget til kulturkortet, og det er foreløpig eit prøveprosjekt som varer i eit år.  

Aktiv ute

Utanfor Høgskulebygget er det sandvolleyballbane, og her er det fleire turneringar i løpet av året. Gjennom Studentsamfunnet i Førde si friluftsgruppe kan du bli med på fjellturar og ulike aktivitetar.

Byen er omkransa av populære stiar og turfjell. Det er også gode forhold for stisykling.

Ein halvtimes køyretur gir deg tilgang til toppturar med utsikt over Førdefjorden, Dalsfjorden eller Jølstravatnet. To skisenter og langrennsløyper ligg innan 20 minutts rekkjevidde.

20 minutt unna finn du Jølstra-elva, der det er gode forhold for rafting og padling. 

Aktiv under tak

Likar du å trene innandørs, har du mykje å velje blant i Førde.

Som medlem i Studentsamfunnet har du tilgang til Førdehuset, der du finn idrettshall, svømmehall og uteanlegg. Det blir arrangert felles treningar for fotball, volleyball, innebandy, dans og svømming. 

Sunnfjordhallen Beach Center (drifta av Sunnfjord folkehøgskule) er ein av landets beste sandhallar. Hallen har ein innetemperatur på omtrent 20 grader heile året. Her finn du også klatrevegg.

Det er to treningssenter i byen, Spenst og Puls.

Førde har to av Norges beste eliteserielag i volleyball, og både dame- og herrelaget har vore i cupfinalen.