Studentar sittande rundt bord på studentkontor.

Aktiv student i Førde

I Førde finn du eit aktivt og inkluderande studentmiljø, og det skjer mykje i byen med 13 000 innbyggjarar. Korte avstandar mellom hybel, høgskule, studentaktivitetar og natur gjer at du får meir ut av døgnet som student i Førde.

Den beste måten å bli kjent med andre på er å engasjere seg! Bli frivillig på studentkroa Akutten, meld deg inn i ein studentorganisasjon eller ei linjeforening. Superveka i haustsemesteret er eit høgdepunkt, med konsertar og ulike typar arrrangement.

Følg HVL på sosiale medium!

Vi er på facebook.com/hvl.no og instagram.com/hvl.no. Tagg gjerne bilda dine med #hvlfolk.

Sjekk óg ut Facebook-gruppa for kva som skjer i Førde.

Artisten Gabrielle på scene, med publikum som strekker hender opp mot scena.