Studentdemokrati i Førde

Studenttinget er HVL-studentane sitt øvste organ. Studentane er også representerte i høgskulestyret og andre organ på høgskulen.

Studenttinget på Vestlandet

Studenttinget på Vestlandet er det øvste organet i studentdemokratiet ved høgskulen, og består av 20 representantar frå alle høgskulen sine campusar. Representantane møtest fem gonger i året for å behandle saker og vedta politikk som angår studentane ved høgskulen.

Studenttinget har eit utøvande organ kalla arbeidsutvalet, som jobber for at politikken Studenttinget utfører vert gjennomført. Alle campusar er representerte her, og i 2020/2021 er Bjarne Kattenberg representanten frå Førde. 

Les meir om studenttinget her.

Studentråda

Studentråda er det naturlege kontaktleddet ut til klassane og enkeltstudentar. Ved Høgskulen på Vestlandet har vi to typar studentråd, nemleg studentcampusråd og studentfakultetsråd.

Studentcampusråd
Studentcampusråda er organisert per studiestad, og representerer studentane ved dei fem campusane i Haugesund, Stord, Førde, Sogndal og Bergen. Medlemmene i studentcampusråda er dei instituttillitsvalde på kvar studiestad, og rådet vert leidd av to campustillitsvalde.

Studentfakultetsråd
Studentfakultetsrådet vert leidd av to fakultetstillitsvalde. Dei skal ta vare på studentane sine interesser ved fakulteta og fremje desse for fakultetsleiinga, sentraladministrasjonen og studenttinget.