Relevant jobb når du studerer i Førde

Tar du teknologiutdanning i Førde kan du få relevant jobb mens du studerer.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Sunnfjord Utvikling og Høgskulen på Vestlandet vil gjere det enklare for studentar å få seg jobb i Førde under studiet. Prosjektet Studentjobb har fått med seg bedrifter som tilbyr løna relevant erfaring for studentar som går på teknologiutdanning i Førde.

Dei fleste stillingane er på 25-50 prosent slik at dei ikkje er til hinder for studieprogresjonen. Løn, arbeidstid og -oppgåver vert avtalt direkte med arbeidsgjevar. Studentjobb-programmet gjer at du kan både spe på inntektene og bygge på CV-en frå første dag som student i Førde. Studentjobbane følgjer studieåret, og er tilrettelagt med tanke på eksamen og obligatorisk undervisning.

Studentjobb gjeld for desse studiene:

Slik fungerer det:

Når du takkar ja til studieplassen, får du tilbod om jobbintervju i dei bedriftene du ønskjer og som er relevante for dine studier. Du kan stille på eit eller fleire intervju, og ein kan sjølvsagt også takke nei. Jobbintervjuet vil bli i løpet av første månad av studiet. Studentjobbane blir kun tilbode til studentar ved teknologiutdanningane i Førde, men om du får (eller tar) jobben du ønskjer, blir opp til deg og arbeidsgjevar.

Les meir om studentjobb